30. desember 2009

Hans Olav Lahlum: Haakon Lie. Historien, mytene og mennesket (2009)

Eg les mange biografiar. Dei fleste handlar om musikarar, nokre handlar om skodespelarar, nokre handlar om målfolk, og nokre handlar om heilt andre folk. Politiske biografiar har eg lese få av, i farten kjem eg berre på den fine biografien Frank Rossavik skreiv om Einar Førde, Stikk i strid. Om denne Haakon Lie-biografien er starten på ei ny lei, veit eg ikkje, men det er i tilfelle ein grei plass å ta til.

Boka er grundig og informativ, og Lahlum har gjort god bruk av ei rekkje kjelder, munnlege som skriftlege. Han har gjort ei mengd intervju med folk som stod Lie nær, og ei mengd andre folk; han har brukt mange bøker, og har òg hatt tilgang til fleire personarkiv, fyrst og fremst arkivet etter Lie. Lahlum var den fyrste forskaren som fekk tilgang til akkurat dette arkivet.

Haakon Lie var aktiv i norsk arbeidarrørsle frå 1920-åra til han døydde tidlegare i år, godt og vel 103 år gamal. Han var partisekretær i Arbeidarpartiet i 24 år, frå 1945 til 1969, og var såleis svært sentral i norsk politikk i etterkrigstida. Som partisekretær var han strategen bak dei gode valkampane til partiet, som i denne perioden hadde sterk kontinuitet på leiarsida. Einar Gerhardsen var partiformann 1945-65 og statsminister i den same perioden, med unntak av 1951-55, og nokre veker i 1963; Trygve Bratteli var partinestformann 1945-65; og Konrad Nordahl var formann i LO 1939-65. Også redaktørane i partiavisa Arbeiderbladet sat lenge, mellom 1923 og 1974 hadde avisa berre tre redaktørar. Lie stod såleis sentralt då Noreg gradvis vart ein velferdsstat, og Arbeidarpartiet hadde fleire gonger i denne perioden reint fleirtal på Stortinget.

Sett frå utsida var det altså ei harmonisk og samstemd partileiing. På innsida var motsetnadene større. Lie og Gerhardsen stod på kvar sin fløy i partiet, og gradvis vart det større avgrunn mellom dei. Lie sokna til høgresida i Arbeidarpartiet. Han var ein nær ven av USA og av Israel; og Lahlum sporar begge desse venskapane attende til andre verdskrigen. Då var Lie lenge i USA, og fekk sansen for landet, for å seia det mildt. Han fekk òg sterk sympati for jødane under andre verdskrigen, og den nære venskapen med Israel heng saman med dette. Mot slutten av livet nyanserte han oppfatningane sine av desse to landa. Tidlegare var dette ein av måtane han kategoriserte andre personar på - var dei usamde med han i synet på Israel, var dei ikkje noko å samla på.

Lie hadde ein brysk og lite sympatisk veremåte. Han hadde eit heftig temperament, og brukte ofte ord som ikkje passa i samanhengen. Han var likevel stor nok til å be om orsaking, der det var behov for det, og han kunne òg skifta syn på personar, i alle fall der dei ikkje hadde kritisert han offentleg.

Lahlum har arbeidd lenge med biografien, og har ikkje greidd å styra unna ei felle som er vanleg for biografar. Han får eit litt for nært forhold til personen som vert biografert, og har lett for å forsvara han, der andre kunne drege andre konklusjonar. Han skriv fleire stader at Lie mot slutten av livet vart eit nasjonalt ikon, og det slit eg med å akseptera. Ein slik tittel kan ikkje delast ut i tide og utide, og kan ikkje brukast om ein person som vert ikonifisert av berre delar av landet. For arbeidarrørsla heng Lie høgt, men det er ikkje nok. For dei politisk interesserte - kanskje. For dei generelt interesserte - neppe. Alle dei andre, som jo er i stort fleirtal, anar truleg ikkje kven Haakon Lie var, og veit i alle fall ikkje nok om han til å omtala han som eit nasjonalikon.

Språket i boka er ikkje alltid like godt. Ein ting er at han heile tida omtalar både Lie og Gerhardsen med både førenamn og etternamn, ofte hektar han òg på titlane deira. Ein annan ting er at mange setningar og avsnitt ikkje er gode. Han skriv til dømes "Den 48 år gamle Einar Gerhardsen var oligarkiets mektigste medlem. Trygve Bratteli var med sine 35 år yngst, og Haakon Lie med sine 40 år nest yngst. Med sine 66 år var Martin Tranmæl den klart eldste. De to skulle da også bli sittende lengst." Kven er "de to"? Og han skriv "Var det en realitet eller myte? Bruker man en snever definisjon etter tysk modell, ... er svaret etter alt å dømme nei".

Han bruker òg det han omtalar som totempometoden, der boka har eit annotert notesystem. Det irriterer. At alle reine referansar er plasserte til slutt, er sjølvsagt greitt, men at så mykje viktig informasjon er samla i sluttnotar, er berre tull. Han meiner at allmennlesaren vil finne det ho/han treng i basisteksten, medan ekspertlesaren finn mykje av nytte i dei rundt hundre sidene med notar. Finst det allmennlesarar på ein 780 sider lang biografi, sluttnotane medrekna? Dei som les denne boka, vil heile tida bla fram og attende, for å sjå kva som står i notane, og då hadde det vore betre å ha alt samla. Eventuelt å samla reine referansar til slutt, og å ha informative fotnotar fortløpande gjennom boka. Nokre stader kjem vurderingane til Lahlum i sluttnotane. I basisteksten skriv han at Lie i 1991 fekk Eilert Sundts forskingspris. I ein sluttnote står det "prisutdelingen må ut fra tidligere nevnte innvendinger mot Haakon Lies bøker som forskningsarbeider sies å være høyst diskutabel". Kvifor allmennlesaren skal sparast for denne vurderinga, er ikkje godt å seia.

Guffen tilrår.

22. desember 2009

It's a Wonderful Life (1946)

Det vert kanskje ikkje meir amerikansk enn dette, men er det noko denne bloggen viser, så er det at eg er storforbrukar av amerikansk kultur. Denne filmen er ein av dei store amerikanske filmane, ein alle kjenner, og ein som går på alle fjernsynskanalar i vekene før jol.

Det var slik eg såg han fyrste gong. Eg budde nokre månader i Colorado i 1988, og kona i familien eg budde hjå meinte at eg burde sjå filmen. Han gjorde ikkje større inntrykk då. Filmen var òg ein gjengangar på desemberprogrammet til Bergen Filmklubb, men eg såg han aldri der.

No, godt og vel tjue år etter at eg såg han fyrste gong, likte eg han betre. Viktigaste grunnen til at filmen vart sett opp på joleprogrammet i den lokale filmklubben for at ho eg bur saman med skulle få ein god dose jolefilm. Etter ein time meinte ho at det var litt for lite jol, og sovna like godt. Ho gjekk glipp av det mest sentimentale i heile filmen, og omtrent alt som hadde med jol å gjera.

James Stewart spelar hovudrolla, som George Bailey, ein mann som aldri kom seg ut frå heimbyen, og som er komen opp i ei lei økonomisk beine. 8000 dollar har forsvunne frå kassa til firmaet han driv, og rekneskapsføraren lurer på kvar desse pengane har teke vegen. Me som ser filmen veit at herr Potter, den mektigaste mannen i byen, ved eit hendeleg uhell har fått tak i desse pengane, men Bailey veit ikkje det. Han har levd eit ærleg liv, og no vert skamma så stor at han vurderer å ta livet av seg. Skytsengelen hans dukkar opp, og viser han at han har levd eit godt liv, ved å ta han med gjennom byen slik byen ville ha vore viss Bailey ikkje hadde levd. Bailey droppar planane om å ta livet av seg, reiser heim, og filmen får ein av dei happyaste endingane nokon gong. Alle kjem med pengegåver til han, dotter hans er frisk igjen, og det strøymer på med musikk og smil og alt som er stas, og alt er klart for ei god jol i ein god amerikansk familie.

Det vert litt i meste laget, men berre litt. Det er omtrent slik det skal vera, i ein Hollywood-film der det er heilt tydeleg at alle utandørsscenene er filma i studio. James Stewart er som vanleg glimrande, og filmen er vel verdt å sjå. Kanskje ikkje kvar jol, men i alle fall av og til.

Guffen tilrår.

21. desember 2009

Kjetil A. Brottveit: Nattradioen (2003)

Kjetil Brottveit kan skriva. Fyrste gong eg merka meg namnet, var då han skreiv i Studvest i Bergen midt i 90-åra; han har mellom anna òg skrive for Dag og Tid. Dette er så langt den einaste boka han har gitt ut; for tida er han redaktør for Forskerforum.

Norske boklesarar ville fått meir å le av viss han i staden skreiv fleire bøker. Eg lo høgt fleire gonger av denne boka, og det er mest språket eg ler av. Sjølve historia er ikkje så altfor original, men der er nok av gode setningar. Mot slutten skal dei to som får kvarandre treffast for fyrste gong, og Kari har fått to billettar til ein D.D.E.-konsert. Vil Roar vera med? "Han håpa han var ein mann i utvikling, men D.D.E.? Han må tenkje fort, men det går ikkje fort nok".

Boka har to hovudpersonar, Kari og Roar. Ho er på veg ut av eit forhold som ikkje fungerer, han er litt på leit etter ein kjærast. Alt ligg såleis godt til rette for at dei skal finna kvarandre. Roar finn seg rett nok ei anna midt i boka, men det går fort over, og til slutt går det altså etter planen.

Roar er frå Setesdal, og er stolt av koma frå landsbygda. Han har studert litt i Trondheim, og med litt velvilje kan ein kalla boka ein slektning av Bondestudentar og Sveve over vatna, som begge handlar om bygdestudentar, i høvesvis Oslo og Bergen. Det meste av sympatien i boka ligg på landet, men det er visst stas å bu i byen òg. Brottveit er fullt klar over at ting vert gjort annleis i by og bygd, i alle fall dei fleste på bygdene: "Mora vil gjerne ha slike lange frokostar med akevitt til som folk i byane har, pluss kanskje kultureliten i Vest-Telemark og Hallingdal."

Fram til det siste kapitlet vekslar boka mellom Roar og Kari. Han som skriv viser seg av og til, for å koma med korte observasjonar eller forklaringar. "Eg som skriv dette, vel vinkel fritt, og eg kunne svevande ha sett tårnet frå utsida òg, med det raude ljoset heilt i toppen av spiret, eit raudt ljos for fare, for sending?" Det er eit godt grep, det vert ikkje brukt for ofte, slik at ein velviljug lesar dreg litt på låtten når det skjer.

Språket i boka er godt, og det gjeld og ordutvalet. Brottveit verkar som ein medviten forfattar, som veit kva ord som høver. Må han henta eit ord frå bokmål, orsakar han seg med å seia at der finst ikkje noko godt ord for dette på nynorsk. I boka høyrer dei mykje på musikk, og ei rekkje gode songar og artistar vert nemnde. Når handlinga er lagt til Trondheim, er det som det skal vera at Motorpsycho vert nemnt nokre gonger, og det gjev jo nokre plusspoeng. Så får me heller leva med at bassist og vokalist Bent Sæther vert heimfesta til Grong.

Guffen tilrår.

19. desember 2009

Paul Auster: Invisible (2009)

Ei ny Paul Auster-bok? Den kjøper eg. Slik har det vore sidan eg tidleg i 90-åra las The New York Trilogy, dei tre korte romanane han gav ut midt i 80-åra. Eg greidde ikkje å leggja frå meg den boka, og sjølv om dei tre romanane på sett og vis handla om det same, var det ei stor lesaroppleving. Eg las meg vidare gjennom bibliografien hans, og det er få feilskjær i dei tidlegaste bøkene hans. Både Leviathan og Moon Palace heng framleis høgt.

Etter Leviathan gjekk det nedover. Korkje Mr. Vertigo eller Timbuktu gjorde noko sterkt inntrykk, det einaste som redda denne perioden var manuset til filmane Smoke og Blue in the Face. Eg var på nippet til å gje opp, men frå The Book of Illusions, som eg las ein fredagskveld same hausten boka kom ut (2002), har det vore fleire høgdepunkt. Der har òg vore nokre nedturar, men nivået er rimeleg høgt framleis. Så kjem det ei ny Auster-bok, kjøper eg ho.

Bøkene til Auster har fleire kjennemerke. Mange av dei handlar om tilhøvet mellom son og far, gjerne ein far som ikkje er der, og han viser òg kor tilfeldig livet er. Han skriv òg knakande gode opningssetningar, og opninga av City of Glass, den fyrste romanen i New York-trilogien, flettar òg inn det tilfeldige: "It was a wrong number that started it." Ei anna god opning er "Everyone thought he was dead" (The Book of Illusions). Interessa vert vekt med ein gong, lesaren vert dregen inn i boka med ein gong.

Opninga av Invisible er sånn på det jamne. "I shook his hand for the first time in the spring of 1967". Adam Walker, den fyrste av fleire eg-personar i boka møter ein mann, Rudolf Born, som ser ut til å vera ein god hjelpar, men som viser seg å vera noko heilt anna. Born lovar han pengar nok til å starta eit eige blad, men det skjer seg då Walker vert vitne til at Born tek livet av ein som prøver å rana dei. Sjølvforsvar, ja visst, men den unge guten som vart drept kunne ha overlevd, viss ikkje Born hadde stukke han med kniven ti-tolv gonger til.

Walker ligg på det siste, og skriv ein sjølvbiografisk roman basert på det han opplevde i 1967. Han sender det fyrste av tre kapittel til ein gamal studiekamerat, James Freeman ,som no er ein etablert forfattar. I det kapitlet fortel han om hendingane fram til Born tok livet av den unge ranaren. Det neste kapitlet er endå meir problematisk for Walker, der fortel han om at han same sommaren hadde ei incestuøst forhold til syster si, før han reiste til Frankrike. Det tredje kapitlet, som Walker berre fekk ferdig i stikkordsform, handla om den korte tida han var der. Der oppsøkte han igjen Born, som var fransk, og prøvde å skipla ekteskapsplanane hans. Det gjekk ikkje heilt.

Problemet til James Freeman, som tek over som forteljar, er at han ikkje veit kor mykje av det Walker skriv som er sant. Han oppsøkjer syster hans, som nektar for at det var noko seksuelt mellom henne og broren, og han dreg til Paris, der han treffer dotter til ho Born var trulova med. Ho viser han ei dagbok ho skreiv frå ein tur ho hadde til ei latin-amerikansk øy der Born budde etter at han var i Frankrike, og der Born hintar om at han tok livet av far hennar, då dei begge arbeidde i dei hemmelege tenestene i Frankrike.

Me får ikkje noko svar på kva som er sant, og det er heller ikkje poenget. Eit sentralt spørsmål i boka er korleis me kan stola på andre folk, eit anna er korleis me kan stola på romanar som gjev seg ut for å vera sjølvbiografiske. Er det viktig? For oss som lesarar vert bøkene like gode, ein eg-person er ikkje identisk med forfattaren. Slik treng det heller ikkje vera i sjølvbiografiar.

Gjennom heile forfattarskapen sin har Auster brukt personar som har gjort det same som han har gjort. Studert ved Columbia-universitetet i New York, prøvd seg som diktar og omsetjar, vore ei tid i Frankrike. Det er sjølvsagt ikkje det same som at bøkene handlar om han. Han bruker nok element frå seg sjølv, ja, men romanar er romanar.

Eg likte boka. Grepet med å bruka tre ulike forteljarar fungerer godt, og der er mange elegante og gode setningar. Når Auster er på sitt beste, skriv han bøker det er vanskeleg å leggja frå seg, og slik er det òg med denne.

Guffen tilrår.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
The New York Trilogy (1987)
Smoke (film, 1995)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee; Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)

16. desember 2009

Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)

Eg har sikkert ein halvmeter med bøker om Marx Brothers. Eg kjøper framleis alle bøker eg kjem over, og manglar ei eller to av dei som er verdt å ha, men det vert etter kvart mykje repetisjon.

Eg har ledd godt av Marx Brothers sidan eg fyrste gong såg ein av filmane deira. Det var A Day at the Races, som høyrer med blant dei habile filmane deira. Ikkje heilt i toppsjiktet, men mange og gode nok vitsar til at det var ei gladstund. Det var på Koglen, i 1987, dagen etter ein fest der det ikkje vart tid til å sjå film.

Sidan har eg sett alle tretten filmane deira, fleire dokumentarar om dei, og altså lese ein haug med bøker. Dei beste bøkene er like gode som filmane, aller høgast heng sjølvbiografien til Harpo, som eg må ha lese ein åtte-ti gonger. For ein mann.

Denne boka kjem eg ikkje til å lesa fleire gonger. Boka er basert på ei avhandling, og handlar om korleis vitsane i filmane deira er samfunnskritiske. Breaking news, indeed. Dei sparkar i mange retningar, men heile tida oppover. Dei ler svært sjeldan av vanlege folk, det er dei velståande og folk med lange titlar som får stikka. Det er heller opplagt, slik at det ikkje akkurat er noko nytt i denne boka. Det kunne vore noko nytt for dei som ikkje kjenner filmane spesielt godt, men dei ville ikkje fått mykje ut av denne boka, som ikkje er spesielt godt skriven heller.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993)

Bøker
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks (1961)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012)
Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014)
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)

15. desember 2009

Joel McIver: To Live is to Die (2009)

Hm ... dette vert jo reine Metallica-sida. Denne boka avsluttar ein fin trilogi - tidlegare i haust las eg ein Metallica-biografi, og følgde opp med å sjå ein dokumentar om bandet. Det vert heller travelt, med tanke på at eg berre har to plater med dei.

McIver skreiv òg Metallica-biografien eg las, og har her konsentrert seg om Cliff Burton, den legendariske bassisten som døydde i ei bussulukke i Sverige i september 1986. Det vert litt feil å kalla det ein biografi - hagiografi er truleg eit rettare ord. Det er ikkje måte på kor mykje skryt Burton får, og eg tvilar på om boka ville hatt same forma dersom Burton framleis hadde vore i live. Sjølv om han var djupt original, både musikalsk og på andre område, sit eg med ei kjensle av at han, på lik line med andre som har døydd i ung alder, vert gjort endå større enn han var.

Burton har snakka med ei rekkje personar som kjende Burton godt, og alle er rause med godorda. Burton tok musikken svært seriøst, og hadde ein mykje breiare smak enn dei andre i Metallica. For dei var det berre metall som var verdt å høyra på; Burton høyde gjerne på annan musikk, som t.d. R.E.M., eller musikk av Bach. Han tok med seg element frå den klassiske musikken inn i Metallica, og lærde dei andre mykje om musikkteori. Han vert òg fleire gonger omtalt som ein intellektuell, men eg er ikkje overtydd om at det er rett ordet å bruka. Ein vert ikkje automatisk intellektuell sjølv om les mange bøker.

Sjølv om ein må ta litt av det som står her med nokre klyper salt, sit ein att med eit godt bilete av Burton. Han var sjølvsikker nok til å gjera som han ville, og skilde seg nok ut frå dei tre andre på mange måtar. Det er uråd å seia noko om kva musikalsk veg Metallica ville lagt ut på dersom Burton hadde levd lenger, men han hadde heilt sikkert påverka musikken meir enn etterfølgjaren, Jason Newsted. Og ein ville i alle fall kunne høyra bassen på den fyrste LP-en dei gav ut etter at Burton var død, " ... and Justice for All". Og det kunne godt vore han som hadde overlevd bussulukka - han og gitaristen Kirk Hammett trekte lodd om kven som skulle få den beste senga. Burton vann, og vart kasta frå senga og ut gjennom vindauga, før bussen landa oppå han. Hadde det same skjedd med Hammett, ville bandet mist ein fin sologitarist, men ein som ville vore enklare å erstatta, og ein som neppe ville fått sin eigen biografi 23 år seinare.

Guffen tilrår.

Meir Metallica på kulturguffebloggen
Some Kind of Monster (film, 2004)
Joel McIver: Justice for All. The Truth about Metallica (2009)

14. desember 2009

Benedicte Ingstad: Eventyret (2009)

Helge Ingstad er ein mann ein skal ha respekt for. Han følgde draumane sine, gjorde det han ville, var mykje på reisefot, men fekk likevel tid til å skriva fleire svært gode bøker, og til å skriva om historia.

Han levde gjennom heile 1900-talet. Han var fødd 30. desember 1899, og døydde i mars 2001. Han kom frå ein møblert heim i Bergen, utdanna seg til jurist, og arbeidde nokre år i Levanger før han fann ut at nok var nok. Han pakka sekken og drog til Kanada, der han livnærte seg som pelsjegar i fire år. Boka Pelsjegerliv vart ein storseljar, og det kom bøker etter dei andre ekspedisjonane hans. Han var innom Grønland, der han var norsk sysselmann under den norske okkupasjonen. Han var innom Svalbard, der han fungerte som sysselmann, men ikkje fekk fast jobb då stillinga vart lyst ut. Han var ein snartur til Arizona, der han prøvde å finna dei få attlevande frie indianarane. Han fann dei ikkje, men dei fann truleg han.

Omtrent der sluttar band 1 av denne biografien. Boka er skriven av dotter til Ingstad, Benedicte, og sjølv om det ikkje treng vera noko minus at nokon med så god tilgang til Ingstad skriv biografi om han, er det heller ikkje nokon udelt pluss. Om ho utelet noko for å ikkje setja faren i eit dårleg lys, anar eg ikkje, men ein vil alltid lesa slike biografiar med ein liten skepsis.

Ho skriv ikkje like godt som faren, men det er det ikkje alle som gjer, så det skal eg ikkje bruka mot ho. Det som er verre, er at ho ikkje gjer stort anna enn å referera det som har skjedd. Ho nyttar mange kjelder - brev, aviser, bøker, samtalar (både med Ingstad og andre), men eg saknar meir analysar og forklaringar. Det heile er òg lagt opp strengt kronologisk.

Det mest interessante i livet til Ingstad kjem i neste band, som etter planen kjem i 2010. Her får me høyra om utgravingane i L'ance aux Meadows på Newfoundland. Det vil eg gjerne vita meir om, så det er slettes ikkje utenkjeleg at eg kjøper den boka ein gong. Sjølv om band ein var litt skuffande.

Guffen tilrår, under tvil.

Meir Ingstad på kulturguffebloggen
Klondyke Bill (1941)
Landet under Leidarstjernen (1959)
Vesterveg til Vinland (1965)
Benedicte Ingstad: Oppdagelsen (2010)

7. desember 2009

Howard Zinn: You Can't Be Neutral on a Moving Train (2002)

Før eg las denne boka visste eg lite om Zinn. Eg har lese éi bok av han, den innsiktsfulle og nyttige A People's History of the United States. Etter å ha lese denne boka sit eg att med ei djup kjensle av respekt. Zinn har ikkje berre skrive amerikansk historie vinkla frå livet til vanlege folk; dei siste femti åra har han òg vore sentral i kampen for å få til eit betre USA.

Han legg mykje av skulda på andre verdskrigen. Han var med i luftkrigen over Europa, men ein annan soldat fekk han til å fundera på kva som var meininga med krigen. Han kjem (ikkje uventa) fram til at det ikkje handlar om å fri verda for nazismen, det handlar like mykje om at USA skal få meir makt. Samtalen med denne soldaten gjer at Zinn vert meir interessert i politikk, og etter kvart òg meir politisk aktiv.

Den andre verdskrigen var òg viktig for Zinn på anna vis. Etter at krigen var over, fekk alle soldatar tilbod om å få ei betalt utdanning. For Zinn vart dette starten på ei akademisk karriere, han arbeidde ved Spelman College i Georgia frå 1956 til 1963, og deretter ved Boston University til han pensjonerte seg i 1988. Alle studentane ved Spelman var negrar, og Zinn var med på mange demonstrasjonar for større rettferd i USA. Etter at han vart tilsett i Boston heldt han fram, og var talar på mange store demonstrasjonar, var med på endå fleire, og var ein av dei heilt sentrale på venstresida i USA. Han oppmoda studentane sine om å tenkja sjølv, og å vera med på demonstrasjonar for det dei trudde på, og det var heilt som det skulle vera at han avbraut den aller siste førelesinga si ein halv time for tidleg, av di han skulle nå ein demonstrasjon. Rundt hundre av elevane hans slo fylgje.

Utgangspunktet for denne korte sjølvbiografien er eit spørsmål han fekk etter å ha halde eit kritisk foredrag. Ei jente blant publikum spør kvifor han bur i USA, viss han mislikar landet så sterkt? Gjennom boka viser han at sjølv om han ikkje er nøgd med tilhøva, er der heile tida von om betring, han er ikkje åleine om å arbeida for eit betre samfunn.

Boka er inspirerande, står det på omslaget, og det er rett. Til og med ein apatikar som meg får lyst til å gå eit demonstrasjonstog. Det vert sikkert med lysta, men likevel.

Guffen tilrår.

Meir Zinn på kulturguffebloggen
Zinn, Konopacki, Buhle: A People's History of American Empire (2008)

5. desember 2009

Vinterkyss (2005)

Ein uventa kort film, denne var over på fem kvarter. Historia vert fortalt på ein fin måte - utgangspunktet er at ein svensk lækjar nett har flytta til ei bygd på den norske sida av grensa, og derfrå går historia både framover og bakover.

Ein ung gut vert funnen i ein brøytekant, og brøytebilsjåføren vert mistenkt for å ha praktisert grov uforstand i tenesta. Guten budde på eit flyktningemottak, og gradvis viser det seg at han lengta til heimlandet, at han sleit med å finna seg til rette i vinterlandet, og at han truleg har teke livet av seg, slik at han truleg alt var død då brøytebilen kasta han inn i brøytekanten.

Parallelt med at denne historia vert rulla opp, får me vita meir om grunnen til at lækjaren har flytta til Noreg. Son hennar døydde kort tid før ho flytta, og det viser seg at ho ikkje berre har vist grov uforstand i tenesta som mor - som lækjar burde ho ha kjent att sjukdomsteikna hjå sonen, og ho burde heller ikkje ha tvinga han til å driva med aktivitetar han helst ikkje ville driva med.

Det er altså godt fortalt. Gjennom filmen dukkar det opp mange spørsmål, og mange av desse får svar seinare i filmen. Men ikkje alle. Og det er heller ikkje noko utprega happy ending, i alle fall ikkje for lækjaren. Litt meir stas er det for brøytebilsjåføren, som eg reknar med får att førarkortet sitt, men heller ikkje han har det heilt bra - han hadde vona at lækjaren skulle flytta inn hjå han.

Ein raud tråd gjennom heile filmen er tilhøvet mellom foreldre og born. Lækjaren har mist son sin, dels som eit resultat av eigne handlingar; den skilte brøytebilsjåføren ser berre dotter si av og til, dels som eit resultat av eigne handlingar; og foreldra til han i brøytekanten har mist son sin og draumen om eit nytt liv i Noreg, dels som eit resultat av eigne handlingar.

Guffen tilrår.

Meir Johnsen på kulturguffebloggen
Han vet om noe hun kan prøve (bok, 2004)
Upperdog (film, 2009)

29. november 2009

Helle Aarnes: Tyskerjentene (2009)

Spiren til denne boka var ein flott artikkelserie i Bergens Tidende våren 2008. Aarnes har jobba seg lengre ned i stoffet sitt, og fortener honnør for denne boka.

Det er ikkje noko bombe at tyskarjentene vart dårleg handsaman, og det er heller ikkje uventa at dei norske styresmaktene ikkje gjorde noko for å stoppa mishandlinga av desse kvinnene. Det Aarnes gjer, er å prova dette, og å visa at kvinnene var så godt som rettslause. Menn som gjorde det same, vart ikkje straffa.

Nazistane hadde ikkje akkurat noko romsleg syn på folk med skavankar, korkje fysiske eller psykiske. Aarnes viser at det ikkje stod stort betre til med nordmenn, den siste halvdelen av 1940-åra. Fleire dokterar skreiv då at jenter som fann seg tysk kjærast var underutvikla. I ein interneringsleir på Hovedøya utanfor Oslo vart det gjort ein IQ-test av 310 kvinner, og det vart konkludert med at berre åtte av desse hadde vanleg norsk intelligensnivå. Seksti prosent av dei testa fekk stempelet tilbakeståande.

Den fyrste delen av boka fortel kva fem utvalde tyskarjenter opplevde under krigen, og i desse forteljinga gjev Aarnes oss òg overordna informasjon om korleis det norske samfunnet handsama desse. Denne delen er langt meir interessant enn den andre delen, der ho fortel korleis desse fem hadde det etter krigen. Eller - for ei av kvinnene er det sonen som snakkar om livet etter krigen. Mor hans døydde i 1951, to veker etter ein lobotomioperasjon.

Guffen tilrår.

28. november 2009

Some Kind of Monster (2004)

Det kunne vel ikkje gå annleis - etter å ha lese ferdig ein Metallica-biografi, gjekk eg til filmhylla og fann fram denne dokumentaren. Filmen handlar om dei to åra bandet brukte på å spela inn plata St. Anger, og dette var heller innhaldsrike år.

Bassisten Jason Newsted hadde nett slutta, og dei tre attverande medlemmane var usikre på korleis den nye plata skulle verta. Dei har ikkje noko ferdigskrive materiale, meininga er å skapa alt i studio. Eit filmteam får fritt spelerom, og filmar omtrent alt som skjer, og stemninga vert gradvis verre og verre. Dei hyrer inn ein terapeut, som lirer av seg mykje svada.

Etter ein krangel går vokalisten, James Hetfield, frå studio, og legg seg inn for rehabilitering. Han vert vekke i nesten eit år, og når han kjem tilbake er han klar på at han berre kan jobba fire timar kvar dag, og at han vil sjå det som mistillit viss andre arbeider når han ikkje er der.

Dette fører til nye kranglar, og samtalar om kva som er meininga med det heile, og terapeuten er stadig ein meister til å prata tull. Bandet er på nippet til å verta oppløyst, men det heile ordnar seg. Sekvensen der dei får ny bassist, Rob Trujillo, er stor, både når dei snakkar om kor raskt han spelar utan plekter, og når Trujillo får høyra at han får plass i bandet, og at han får utbetalt ein million dollar i forskot på komande inntekter.

Det er ein god film, der du kjem svært tett på bandet. Heilt til Beatles slepper Let it Be på DVD, har eg vondt for å tru at der finst filmar som viser så dårleg stemning mellom bandmedlemmane. Det er òg flott å sjå korleis desse harde rockarane av og til framstår som puddingar. I never opened myself this way, etc.

Guffen tilrår.


Meir Metallica på kulturguffebloggen
Joel McIver: To Live is to Die (2009)
Joel McIver: Justice for All. The Truth about Metallica (2009)

Joel McIver: Justice for All: The Truth about Metallica (2009)

Metallica er eit av banda som har påverka meg mest, reint fysisk. I desember 1988 budde eg i ein liten by i Colorado, og då eg såg at dei skulle spela i Denver, tok eg turen dit. Dei spelte i ein enorm idrettshall, og til alt hell var det billettar att. Eg ba om ein billett "as close to the stage as possible", og fekk ein plass litt ute til venstre, under ti meter frå scenekanten. Konserten var meir enn godkjend, men slik eg stod, var det rein terror for det venstre øyra mitt. Dei neste to-tre dagane høyrde eg ingenting på det, og då høyrselen kom attende, var han akkompagnert av ein liten pipetone. Den har vore der sidan.

Nokre år seinare kom singelen "Enter Sandman", som er eitt av mange døme på ein song som har fenga meg så sterkt at eg høyrde singelen om att og om att. Eg såg òg Metallica i Oslo Spektrum ein gong midt i 90-åra, eg hugsar ikkje akkurat når, men også det var ein bra konsert.

Plater av Metallica har eg ikkje mange av; dei einaste eg kjenner nokolunde godt er debutplata, Kill 'Em All, og den plata som alle andre kjenner. Eg har likevel nok sans for dei til at eg kjøpte denne boka.

McIver legg ikkje skjul på at for han var Metallica best i 80-åra. Nedturen startar med Metallica i 1991, og alle plater som har kome etter det vert slakta. Med unntak av Death Magnetic, som kom i 2008, der han er raus nok til å seia at det er ein opptur på gang. Boka byggjer på ei rekkje intervju, og for alt eg veit gjev boka eit godt bilete av historia til Metallica. Det er likevel litt drøyt å kalla boka for The Truth about Metallica - kva er sant? Dave Mustaine, som vart sparka frå Metallica før debutplata deira kom ut, vert av ein eller annan grunn ein gjennomgangsfigur. Det er greitt at Mustaine og nokre av bandmedlemmane har slengt drit i kvarandre så ofte dei kan dei siste 25 åra, men likevel. Han verkar ikkje som ei altfor truverdig kjelde, òg av di han framleis er bitter over å ha fått sparken frå bandet, men han får likevel brei plass i boka.

Bandet song på siste verset etter at bassisten Jason Newsted hoppa av i 2001. Dei hyra inn ein terapeut, som fekk bandet til å opna seg slik dei aldri hadde gjort før, og dette førte dei tettare saman enn nokon gong. Prosessen fram mot utgjevinga av albumet St. Anger i 2003 vart dokumentert i filmen Some kind of Monster, og i denne utvida utgåva av boka får filmen og dei neste åra stor plass.

Boka er sånn middels velskriven, og heller dårleg redigert. Fleire gonger tok eg meg sjølv i å kjenna att setningar eg nett hadde lese. Kontinuiteten i historia vert òg avbroten av nokre små sidespor, som alle har titlar som opnar med "The Truth about ...". Her har detaljane lett for å verta for mange. Trass i alt dette var det ei lesverdig bok.

Guffen tilrår.

Meir Metallica på kulturguffebloggen
Some Kind of Monster (film, 2004)
Joel McIver: To Live is to Die (2009)

25. november 2009

Blue Velvet (1986)

Endå ein film eg har sett fleire gonger. Eg såg han mellom anna på filmklubben i Bergen på tidleg 90-tal, og på veg ut frå eit relativt fullsett auditorium vart eg gåande ved sida av ein kar eg hadde budd saman med eit par år tidlegare. Han sa berre "David Lynch, altså. David Lynch!"

Når Lynch er god, er han heilt der oppe. Han har likevel eit par bomskot på filmlerretet, korkje Dune eller Twin Peaks: Fire Walk with Me er noko å skryta av. Men fleire av dei andre filmane hans, som The Straight Story eller Mulholland Drive, og det han gjorde med fjernsynsserien Twin Peaks, held eit svært høgt nivå.

Lynch er god på å skapa uhygge, og kan tidvis minna litt om Alfred Hitchcock. Me veit at her kan det snart skje noko skummelt, men me veit ikkje kva. Også rollefigurane i filmane hans har det ofte slik - dei veit ikkje kva som skjer, men dei vert redde når dei tenkjer på at noko kan skje.

I Blue Velvet møter me mange skodespelarar Lynch har brukt fleire gonger. Kyle MacLachlan i hovudrolla fekk seinare ei sentral rolle i Twin Peaks; Laura Dern er med i Wild at Heart, og Jack Nance var med på det meste frå Eraserhead, debutfilmen til Lynch i 1977, til Lost Highway, som kom ut året etter at Nance døydde, i 1997. Også musikarar som Angelo Badalamenti og Julee Curise er med her; begge er òg med i Twin Peaks. Og i denne filmen køyrer òg nokre lastebilar fullasta med tømmer gjennom gatene.

Både starten og slutten på filmen er ekstremt harmoniske, men i mellomtida har me vore vitne til ein del disharmoni. MacLachlan finn eit avkutta øyre i graset, tek det med til ein politimann, prøver å finna ut av saka saman med dotter til politimann, vert vitne til litt sex og litt drugs og litt rock'n'roll, før det heile ordnar seg i siste liten. Med unntak av det han vert vitne til er altså det heile bygd opp som ei Hardyguttene-bok, men med Lynch bak rattet vert det meir spanande. Her er ei ekstrem uhygge, Dennis Hopper er skremmande som den dominerande psykopaten, og for oss som ser filmen er det tydeleg at rollefiguren til MacLachlan burde ha trekt seg tilbake lenge før.

Filmen vart denne gongen vist på småskjerm på den ambulerande filmklubben langs Bergensbana. Det var ikkje heilt ideell visingsstad, men han i nabosetet såg ut til å ta det uventa fint.

Guffen tilrår.

Meir Lynch på kulturguffebloggen
Wild at Heart (1990)
Twin Peaks, fyrste episode (1990)
Twin Peaks (1990-91)
Lost Highway (1997)
The Straight Story (1999)
Mulholland Drive (2001)
Brad Dukes: Reflections. An Oral History of Twin Peaks (2014)

24. november 2009

Barton Fink (1991)

Eg er inne i ein god Coen-stim, dette er den sjette filmen eg ser i haust. Ein av desse var heilt ny, to har eg sett mange gonger, medan tre av dei har eg berre sett på kino før. Barton Fink er ein av dei siste. Dette er ikkje av dei sterkaste Coen-filmane. (For moro skuld - i toppgruppa ligg Fargo, The Big Lebowski, O Brother Where Art Thou? og No Country for Old Men; i midtsjiktet ligg Raising Arizona, Miller's Crossing, Barton Fink, The Man Who wasn't there, Intolerable Cruelty, A serious Man og True Grit, medan dei fire svakaste Coen-filmane er Blood Simple, The Hudsucker Proxy, The Ladykillers og Burn After Reading.)

Her er likevel mykje å gle seg over. John Turturro er strålande i tittelrolla, og det er òg stas å sjå Steve Buscemi i ei mindre rolle, og å sjå John Goodman i ei rimeleg djevelsk rolle. Alle desse tre er ofte å sjå i Coen-filmar.

Turturro spelar ein dramatikar som etter ein braksuksess i New York vert invitert til Hollywood for å skriva for film. Han får beskjed om å skriva ein film om fribryting, og slit med dette. Han vert innkvartert på eit simpelt hotell, eit hotell som tidvis motarbeider skrivinga hans - han høyrer alt som skjer på naboromma, og tapetet skrellar av veggane gong etter gong.

På naborommet bur John Goodman, som viser seg å spela ein klin galen kriminell, som tek livet av ein del folk. Når han returnerer til hotellet mot slutten av filmen brenn det rundt han, men han bryr seg lite, og går inn på rommet sitt. Hotellet er Helvete, rett og slett, og slik opplever og Barton Fink Hollywood - sjølv om sjefen hans ikkje likar manuset hans, får han beskjed om at han må halda seg i byen, så lenge dei vil.

Filmen er rimeleg klaustrofobisk, og mykje av handlinga er lagt til hotellrommet til Fink. Symbolbruken er tidvis litt for tydeleg, til dømes vert han på hotellrommet plaga av ein mygg, som gong etter gong stikk han, som gong etter gong syg skaparkrafta ut av han. Ved skrivemaskina får han ikkje gjort anna enn å kika på eit bilete på veggen, eit bilete av ei dame som sit på ei strand. Mot slutten av filmen går han sjølv på stranda, møter denne dama, og vert (ikkje uventa) sitjande slik at han ser dama sitjande som på biletet. Som i The Player er det eit kaldt, umenneskeleg og overflatisk Hollywood som vert vist fram. Det er blasse fargar, det er ein tafatt og trist Turturro - det einaste fargefriske på rommet hans er biletet av dama på stranda. Alt ein vil skapa er inntekter, om det er god kunst er mindre viktig.

Guffen tilrår.

Mykje meir Coen på kulturguffebloggen
Blood Simple (1984)
Raising Arizona (1987)
Miller's Crossing (1990)
The Hudsucker Proxy (1994)
Fargo (1997)
The Big Lebowski (1998)
O Brother, Where Art Thou? (2000)

The Man Who Wasn't There (2001)
Ethan Coen: The Drunken Driver Has the Right of Way (bok, 2001)
Intolerable Cruelty (2003)
William Rodney Allen: The Coen Brothers Interviews (bok, 2006)
No Country for old Men (2007)
Burn After Reading (2008)
A Serious Man (2009)
True Grit (2010)

Jenny M. Jones: The Big Lebowski (bok, 2012)
Inside Llewn Davis (2013)
Hail, Caesar! (2016)

Red River (1948)

Where did I see this guy? Heroes don't come easy. Det store albumet som kom ved inngangen av 80-åra, London Calling, og det store albumet som kom litt etter utgangen av 80-åra, Automatic for the People, har ein ting felles. På begge platene er det ein song som handlar om Montgomery Clift. I haust har eg sett to filmar der Clift er med, og det er lett å sjå at Strummer og Stipe vart fascinerte av han.

I A Place in the Sun spelar han ein ung mann som er viljug til å gjera alt for å klatra sosialt, inkludert å ta livet av den gravide kjærasten sin. Det går ikkje så bra. I Red River spelar han ein ung mann som er viljug til å gjera mykje, men som inst inne er ein pudding. Det går litt betre.

Utpå omslaget er det eit bilete av John Wayne, samen med ei dame som vert saman med Clift; og Wayne står òg øvst på rollelista. At Clift ikkje kjem høgare er ikkje så rart, dette er debutfilmen hans. Likevel er det han som tek kaka, og det er han som er gjennomgangsfiguren i heile filmen.

I denne filmen er det Wayne som er viljug til å gjera alt. Han har slått seg opp som kvegbaron i Texas, og har rundt 10 000 dyr, medrekna nokre som eigentleg høyrer til naboane. Han har ingen pengar, og finn ut at han vil buføra alle dyra til Missouri, trass i at det er langt og langt og lengre enn langt, og trass i at ingen har gjort det før, og trass i at dei som har prøvd det har mist livet i møtet med bandittane som herjar på nordsida av grensa mellom Missouri og Texas.

Clift er med heile vegen. Wayne har lært han alt han kan, og Clift viser stor lojalitet. Gradvis vert Wayne meir og meir galen, han høyrer ikkje på fornuftige råd om å leggja vegen til Abilene, Kansas, der rykta seier at det no er kome jernbane. Til slutt gjer mennene hans mytteri, og Clift tek over som buføringssjef. Han fører kveget fram til Abilene, der dei vert tekne mot som heltar, og får langt meir betalt enn dei hadde von om. Dagen etter kjem Wayne, og det ligg an til eit blodig oppgjer mot slutten av filmen, men etter litt skyting og nokre knyttnevar vert Wayne og Clift gode vener att.

Handlinga er lagt til 1865, altså før fargefilmen var oppfunnen. Filmen går føre seg i eit flott landskap, og der er mange scenic views. Det hadde sjølvsagt gjort seg endå betre i fargar, men ein kan ikkje få alt.

So – where did I see this guy? In Red River? Or A Place in the Sun? Maybe The Misfits? Or From here to Eternity. Ja, ja, nei og ja - tre av fire er ikkje så gale. Misfits, som er einaste filmen Stipe syng om, må inn på lista over komande filmar i ein av dei lokale filmklubbane.

Guffen tilrår.

22. november 2009

Den siste revejakta (2008)

Dette er sjeldan kost - ein norsk film frå 2008 der verken Aksel Hennie eller Ane Dahl Torp er med. Alle dei andre er derimot på plass.

Filmen er basert på ein roman av Ingvar Ambjørnsen. Eg likte boka, filmen var heller midt på treet. Det vert langdrygt, sjølv om filmen er over på litt under ein og ein halv time. Også for dei som ikkje har lese boka er det rimeleg opplagt at noko kjem til å gå galt mot slutten.

Filmen er sikkert eit godt døme på korleis syttiåra var for nokre, men det verkar likevel svært karikert. Kleda, frisyrane, dei halvnakne damene - det er ingenting som overraskar. Det einaste måtte vera språket, som er fascinerande, og som truleg òg er rimeleg autentisk.

Av dei to hovudrollefigurane kjem Kristoffer Joner best frå det, kanskje av di han har ei meir spanande rolle. Med unntak av i epilogen har han noia gjennom heile filmen, og det er jo eit utprega sympatisk trekk. Han greier likevel ikkje å redda filmen, som truleg vert fort gløymt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

16. november 2009

James Loewen: Lies my Teacher told me (2007)

Korleis får du høyra om dei bøkene du les? For mange år sidan las eg eit intervju med Howard Zinn, som mellom anna har skrive den glimrande A People's History of the United States, ei historiebok der folk flest, og ikkje kongar og knektar, står sentralt. I intervjuet vart han beden om å tilrå fem bøker. Eg hugsar ikkje kva dei fire andre bøkene var, men eg hugsar denne eine boka. Kanskje det kom av at tittelen er god, kanskje det var heilt andre grunnar.

Tidlegare i år las eg ein teikneserie basert på boka til Zinn, og neste gong eg tok ein runde innom Amazon, kom eg til å tenkja på boka til Loewen.

Boka var vel verdt ventetida. Dette er ei utvida utgåve av boka, som fyrste gong kom i 1995. I denne nye versjonen har han gått gjennom atten lærebøker i historie, seks fleire enn i 1995. Alle desse vert brukte i amerikanske highschoolar.

Han påviser mange feil og feige utvegar. Kortversjonen er at alle historiebøkene er skrivne ut frå eit anglo-amerikansk perspektiv, eit kvitt perspektiv, der alle med andre hudfargar eller andre meiningar ikkje får rare plassen. Eit døme kan vera at lærebøkene skapar inntrykk av at etter borgarkrigen, der slavemotstandarane i nord vann, var det omtrent slutt på rasediskrimineringa i USA. Loewen viser at slik var det slett ikkje, det tok seg heller opp fram mot hundreårsskiftet, og sjølv om tilhøva har betra seg dei siste åra, er det framleis langt frå godt nok.

Loewen stiller spørsmål med kvifor ein underviser historie på denne måten, altså kvifor ein utelet mykje som er relevant, slik at elevane ikkje får eit korrekt bilete. Det handlar sjølvsagt mykje om kven som vel ut kva bøker som skal brukast, og at forlaga ikkje vågar å provosera dei. Då kan resultatet verta at dei ikkje får selt bøkene sine, og det ville jo vera dumt.

Eit like relevant spørsmål kan vera kvifor ein underviser i historie. Sett ut frå det Loewen skriv om bøkene, som kan ha titlar som Land of Promise, eller Life and Liberty, eller Triumph of the American Nation, handlar det heile om å tilpassa elevane til den rådande oppfatninga av kva Amerika er, og kva det vil seia å vera amerikanar. Ved å utelata mykje, og ved å fortelja halve sanningar, byggjer ein opp under biletet av USA som eit førebilete for heile verda.

Det er ei god bok, og ei viktig bok, sjølv om det vart litt langdrygt for meg. Det kom seg likevel mot slutten, i dei to-tre siste kapitla stiller han gode spørsmål om kvifor ting er som dei er.

Guffen tilrår.

Meir Loewen på kulturguffebloggen
Lies Across America (1999)
Sundown Towns (2005)
Lies My Teacher Told Me About Christopher Columbus (2014)

14. november 2009

Arnfinn Nordbø: Betre død enn homofil? (2009)

"Heilt frå vi var bitte små, blei eg og søskena mine tekne med på bedehuset på Randaberg, eit av landets største bedehus i areal. ... På bedehuset hadde både Indremisjonsselskapet og Santalmisjonen (nå slått saman til Normisjon), Misjonsselskapet, Indre Sjømannsmisjon, Israelsmisjonen, Kristen Muslimmisjon, Samemisjonen, etter kvart Norsk Luthersk Lekmannsmisjon og fleire, møta sine. Og sjølvsagt Norsk Luthersk Misjonssamband".

Denne boka fekk ein del merksemd då ho kom ut. Nordbø var eit kjent fjes i det norske bedehusmiljøet, han var ei lokal bedehuspopstjerne i Rogaland, som alle visste kven var. Så stod han fram som homofil, og over natta vart han ein person ingen ville snakka med. Nordbø fortel om korleis han sleit med å godta si eiga legning, men at han gradvis finn ut at det var viktigare å vera ærleg mot seg sjølv.

Boka har tre klare bolkar. Han opnar med å skildra korleis det var å veksa opp på bedehuset, før han fortel om korleis ting endra seg etter at han vart open homofil. I den siste tredelen drøftar han kva Bibelen seier om homofili.

For meg var den fyrste delen den mest interessante. Den siste delen har eg vore innom ved mange høve tidlegare, både i eigne drøftingar, avisartiklar og lesarbrev. Delen i midten var ikkje så veldig overraskande, etter at Nordbø har vist kva haldningar som var vanlege på bedehuset. Men opninga av boka viser eit miljø som var ukjend for meg. Det er eit miljø der alle handlingar vert styrte av det som står i Bibelen, og der det ikkje er spesielt stor aksept for folk som har andre meiningar eller lever liva sine på andre måtar. Nordbø skriv ein stad at han trur at "alt dette heng saman med ei frykt for alt som er nytt", og eg trur han er inne på noko.

Guffen tilrår.

11. november 2009

Badlands (1973)

I sommar var me ein snartur innom nasjonalparken Badlands. Som vanleg er, kjøper me i etterkant store mengder filmar som på ein eller annan måte kan knytast til ferieturane våre. I dette høvet var det berre tittelen som var i slekt; ikkje noko av handlinga i filmen er lagt til Badlands.

Denne filmen er smått legendarisk. Slik det ofte er, gjorde ikkje filmen mykje av seg då han hadde premiere, men han hausta likevel nok godord til at folk hugsa filmen. Han har gradvis fått status som ein viktig film, av fleire grunnar. At det er ein av dei fyrste filmane til Martin Sheen, og den aller fyrste til Sissy Spacek, gjer nok sitt. Det er òg viktig at filmen er regissert av Terence Malick. Dette er debutfilmen hans, og no, 36 år seinare, har han berre regissert tre filmar til. Det kjem visst ein ny ein neste år, men det er noko pynchonsk over det heile - få filmar, gode filmar, og null interesse for å gjera intervju.

Den viktigaste grunnen er likevel at det er ein god film. Handlinga er lagt til den amerikanske midtvesten, der dei to hovudrollefigurane, Holly og Kit, slår seg i lag på ei reise der han tek livet av 8-10 personar. Han er litt ute av balanse, og ho er så ung (15) at det heile verkar som ei spanande avveksling frå dagleglivet. Det er heilt tilfeldig kven som vert drepne, for Kit er det viktig at nokon overlever og kan fortelja andre om han. Han vil verta kjent, gjerne som kriminell, og då er det mindre viktig om andre må lata livet.

Det er ei fin historie, godt fortalt, og det er flott filma. Det heile går føre seg på lågbudsjett, og nokre av skodespelarane med mindre roller hoppa av. Det førte til at Malick sjølv fekk to mindre roller i filmen.

Guffen tilrår.

Meir Malick på kulturguffebloggen
Thin Red Line (1998)
The Tree of Life (2011)

10. november 2009

The Player (1992)

Eit underbruk av den vanlege filmklubben i Kvitahuset, som viser film på småskjerm eit par gonger i veka, er filmklubben på Bergensbanen, som viser film på ein endå mindre skjerm eit par gonger i månaden. På programmet står ofte filmar eg har sett tidlegare, filmar eg likte då eg såg dei på kino, og som eg gjerne vil sjå igjen.

The Player er ein slik film. Eg hugsar han som ei stor kinooppleving, og gleda meg til å sjå han på ny. Ikkje uventa var han ikkje så god som eg trudde.

Tim Robbins spelar filmprodusenten Griffin Mill, ein mann som slit med alt mogleg. Det som plagar han mest er at ein anonym manusforfattar sender trugande postkort, der han minner om at Mill skulle ta kontakt igjen etter at han hadde lese eit manus han hadde fått. Mill trur han finn ut kven denne forfattaren er, oppsøkjer han, og tek livet av han i rein vanvare. Det vert fort kjent at han snakka med manusforfattaren den kvelden, men greier å få folk til å tru at han ikkje hadde noko med drapet å gjera.

Parallelt med denne hendinga er han med på utviklinga av ein ny film, der manusforfattarane ikkje vil ha noko happy ending a la Hollywood. Filmen får likevel ein slik slutt, og det gjer òg The Player - Mill vert kalla inn til avhøyr fleire gonger, men heilt til slutt utpeikar eit vitne ein annan mann, slik at Mill går heilt til topps i filmselskapet, og har det mykje betre med seg sjølv når filmen er over.

Filmen vert dermed ein metafilm, trur eg, der den planlagde filmen filmselskapet lagar har ei tilnærma parallell handling med filmen me ser på. Her er mengder av referansar til andre filmar, og filmen har med mange kjende skodespelarar. Filmen viser eit film-miljø der dei fleste er falske, der alle på veg opp gjer alt dei kan for å klatra høgare, og der det alle viktigaste er å tena meir pengar.

Guffen tilrår, men ikkje like sterkt som i 1992.

Meir Altman på kulturguffebloggen
Short Cuts (1993)

8. november 2009

Idar Stegane: Mons Litlerés forlag (1983)

Eit lite hefte om ein av dei viktigaste nynorske forleggjarane.

Mons Litleré (1867-1895) fekk gjort mykje den korte tida han levde. Han dreiv bokhandel og forlag frå 1886 til han døydde, dei to fyrste åra i Naustdal, resten av tida i Bergen. Han var effektiv, og gav ut i alt rundt nitti bøker. Meir enn seksti av desse var på landsmål, og han gav ut bøker og skrifter av mange av dei best kjende forfattarane. Mellom dei var Arne Garborg, og han gav mellom anna ut Fred på Mons Litlerés forlag.

Litleré var òg journalist og redaktør, han redigerte Firda- og Sygnafylkets Avis, seinare Firda, 1887-93. Her vart mellom anna diktet "Aa liva" av Anders Vassbotn publisert fyrste gong. Litleré hadde eit stort nettverk, og var sentral i landsmålsmiljøet i 1890-åra.

I dette korte skriftet, som var jolehelsing frå Samlaget i 1983, viser Idar Stegane greitt korleis Litleré arbeidde for å få ut bøker på landsmål. Eg las det heile på rundt ein time, og etter lesinga var eg imponert over kva Litleré fekk gjort.

Guffen tilrår.

4. november 2009

Simon Goddard: Mozipedia (2009)

Boka har undertittelen The encyclopedia of Morrissey and The Smiths. Det skulle difor vera opplagt at boka vender seg til dei som set denne musikken høgast.

Ein gong var eg ein av dei. I 80-åra var eg knallhard Smiths-fan. Eg kjøpte alle platene deira. Sidan platebutikkane på Voss ikkje tok inn Smiths-singlar, i alle fall ikkje same dagen dei vart utgitt, reiste eg nokre gonger til Bergen for å få platene så raskt som råd. Dette var rett nok medan eg hadde sivilteneste, så eg betalte omtrent ingenting for togreisa. Eg samla òg på bootlegs, dårlege kassettopptak frå konsertane deira. Eg abonnerte på ei engelsk Smiths-fanzine, eg brevveksla med andre Smiths-fans frå heile verda, eg reiste til England for å sjå dei live, osb.

For meg var det kombinasjonen av tekstane til Morrissey og musikken og gitarspelet til Johnny Marr som var det fascinerande. Det låg ein djup melankoli over det heile, men eg vart likevel glad av å høyra musikken deira. Eg kan framleis setja på ei plate med The Smiths, og tenkja at dette er fantastisk musikk. Høgast set eg Hatful of Hollow, ei samleplate med ein del alternative opptak av dei tidlege songane deira. Mange av songane er frå radioprogram, med eit heilt enkelt lydbilete, og for meg var det då dei var best.

Etter at gruppa vart oppløyst, miste eg fort interessa. Morrissey var den mest profilerte, men etter ei halvgod debut-plate kom det nokre lite spanande singlar, og eg datt heilt av. For nokre år sidan fekk eg CD-en Ringleader of the Tormentors frå Alex, som sa at dette var heilt på høgde med det beste The Smiths nokon gong gjorde. Etter to-tre gjennomhøyringar vart plata trygt plassert i CD-hylla, der ho har hatt rolege dagar.

Boka til Goddard er altså skriven for dei som likar både The Smiths og Morrissey. Der er meir enn 600 artiklar om songar, plater, byar og personar som på ein eller annan måte kan knytast til Smiths/Morrissey. Eg las dei fleste artiklane som handla om The Smiths, dei andre hoppa eg over.

Det er ikkje meininga at ei bok som denne skal lesast frå perm til perm. Det vert mange repetisjonar, og det vert òg tydeleg at Goddard har gjort det han kan for å finna koplingar til alt og alle. Kan denne teksten vera inspirert av ei tekstline i ei bok av Delaney? Kan Morrissey ha sett denne filmen, før han skreiv den teksten? Goddard er open for alt. Skal du få med deg alt, må du kunna alle tekstane - han tek berre med teksten som kan ha vore inspirasjonen, og tek ikkje med Morrissey-teksten. Boka er altså for dei innvidde.

Goddard kvir seg heller ikkje for å vera raus med godorda. Det er ikkje måte på kor mange songar som er det beste The Smiths eller Morrissey nokon gong har gjort. Til og med Shakespeare's Sister, ein av dei mest ordinære Smiths-singlane, vert skrytt opp i skyene - han omtalar songen som ein av dei ti beste i pop-historia.

Det vert altfor positivt, og for Goddard kan heller ikkje Morrissey gjera noko gale. Han har vore innblanda i ein del kontroversielle situasjonar, men i alle desse er det Morrissey som har rett, og alle andre som har feil. Det er greitt at for å skriva ei slik bok må ein vera positiv i utgangspunktet, men det går likevel an å visa litt vilje til kritikk.

Avsnitta om The Smiths har mange detaljar som var nye for meg, og det ligg mykje arbeid bak boka. Han har intervjua dei fleste som bør intervjuast, og bruker kjeldene godt, etter det eg kan sjå. Likevel vart dette ei bok sånn på det jamne for meg.

Guffen kan berre tilrå denne til slike som truleg alt har kjøpt ho.

Meir The Smiths på kulturguffebloggen
Frode Grytten: Dronninga er død (2010)
Tony Fletcher: A Light That Never Goes Out (2012)
Morrissey: Autobiography (2013)
Julie Hamoll: 15 Minutes With You (2015)
Johnny Marr: Set the Boy Free (2016)

2. november 2009

Mathieu og korguttene (2004)

Den høgst lokale filmklubben satsar på litt fransk film no seinhaustes. Det er ikkje noko oppsiktsvekkjande i det, alle filmklubbar satsar jo på franske filmar. Oftast er desse filmane litt for kulturelle, men der har òg kome mange blinkskot frå Frankrike.

Denne filmen er diverre ikkje eit blinkskot. Filmen er grei nok, det er fint skodespel, det er fin musikk, det er ei fin historie.

Historia er lagt til ein eller annan stad på den franske landsbygda, rett etter krigen. Ein musikalsk hjelpelærar vert tilsett på ein skule der det berre går rakkarungar, og han slit med å halda ro i timane. Elevane stel, slår og sparkar, og han veit ikkje heilt kva han skal finna på. Før han kjem på at han kan prøva å laga eit kor, og då går det heilt etter planen. Det viser seg at ein av dei verste elevane har ei finfin songstemme, og mot slutten av filmen held dei ein liten konsert for grevinna som finansierer heile skulen. Ho likar det, men læraren kjem på kant med rektor, og vert sagt opp.

Så det heile er fint og greitt. Der er berre ein liten hake ved det heile: Det er ikkje spesielt originalt. Filmar om lærarar som får kontroll over problemelevar er ein eigen sjanger, og skal ein få til ein fulltreffar i denne sjangeren, må ein gjera noko heilt spesielt. Slik er det ikkje med denne filmen, og då vert det ein kveld på det jamne i filmklubben. Filmen vert nok fort gløymt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

31. oktober 2009

Alex Fynn og Kevin Whitcher: Arsènal (2009)

Få bøker om fotball er verdt bryet. Det hjelper sjølvsagt litt om bøkene handlar om Arsenal, men det er ikkje alltid nok. Nivået har rett nok kome seg dei siste åra, i alle fall trur eg det. Eg har ikkje lese altfor mange eldre fotballbøker, men det eg har lese av eldre bøker, har vore sånn midt på treet.

Biografiar om spelarar kjem i eigen klasse. Til liks med biografiar om andre idrettsmenn er slike bøker til dels patetiske, og er bøker ein kan skumma gjennom på heller kort tid. Her har det òg vore litt oppsving, i alle fall sett med Arsenal-auge - sjølvbiografiane til Paul Merson og Tony Adams fortel til dømes om mykje interessant.

Fotballen har endra seg stort dei siste åra. Etter at Sky kjøpte rettane til å visa engelsk fotball, og etter at Meisterligaen este ut til å inkludera alle topplaga i Europa, er det usømeleg mykje pengar i idretten. Spelarane tener langt meir enn berre for ti-tolv år sidan, og billettprisane har òg stige sterkt. Når pengane vert så viktige, vert det òg slik at dei rikaste laga vinn. Det er dette Arsènal handlar om - korleis Arsenal greier å hengja med i toppen av engelsk og europeisk fotball, utan eit altfor godt økonomisk grunnlag.

Då det økonomiske toget var på veg ut frå stasjonen, sat Arsenal med Highbury, ein bane med plass til usle 38 000 tilskodarar. Det var ikkje rom for utvidingar, og med så få tilskodarar vart det økonomiske forspranget til dei andre topplaga større og større. Boka fortel om korleis Arsenal bygde ny bane berre nokre hundre meter frå Highbury, og korleis manageren, Arséne Wenger, greidde å halda laget godt nok til at dei heldt seg blant dei fire beste laga i England. Utan pengar til å kjøpa nye spelarar måtte han byggja opp eit lag med heilt unge spelarar, eit lag med stort potensiale, men som så langt ikkje har vunne noko.

Boka handlar ikkje berre om unge fotballspelarar. Det vert skrive minst like mykje om gamle styremedlemmar - nokre av dei viser vilje til fornying og satsing, andre er berre med som passasjerar. Det går føre seg ein maktkamp i styrerommet, ein kamp som ikkje er avslutta, og denne vert godt fortalt.

Innimellom alt dette dukkar det òg opp døme på kor tilfeldig ting kan vera også i fotballen. Jugoslavia kvalifiserte seg for fotball-EM 1992, men vart utestengd grunna krigen i landet. Danmark fekk plassen deira, og vann like godt heile EM. I finala skåra John Faxe Jensen eitt mål, og han vart seinare kjøpt av Arsenal. I den handelen fekk dåverande manager George Graham pengar under bordet, og måtte gå frå klubben. Etter eit mellomspel med Bruce Rioch vart Wenger tilsett, og han forvandla Arsenal heilt - frå å vera eit kjedeleg lag, til å vera eit av dei mest fargerike og underhaldande i Europa. Ville det ha skjedd viss det ikkje var krig i Jugoslavia?

Guffen tilrår.

Meir Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgian Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)

25. oktober 2009

Bury My Heart At Wounded Knee (2007)

Eg har lese ein del bøker om historia til indianarar, og fleire av dei har gjort såpass inntrykk at eg har lese dei fleire gonger. Stephen Ambrose har til dømes ein fin dobbelbiografi om liva til general Custer og Crazy Horse. Det er eit godt grep å fortelja historia om indianarkrigane frå 1850-åra til slaget på Little Big Horn i 1876, ved å få fram livssoga til to personar som var viktige på kvar si side i den striden. Eg las boka sommaren 1988, då eg budde i Colorado, og då eg nokre månader seinare heldt fram med bilkøyringa, la eg vegen innom fleire stader som var nemnde i boka, til dømes Bear Butte, og eg var òg såpass prega av boka at eg fekk eit uventa godt inntrykk av indianarmuseet ved Crazy Horse Monument i Sør-Dakota. Eg var innom der igjen i sommar, og det var ein solid nedtur.

Ei anna bok eg har lese fleire gonger er Bury My Heart At Wounded Knee. Boka er skriven av Dee Brown, kom ut i 1970, og har selt millionar av eksemplar, verda over. Boka er ei indiansk historiebok, frå midten av 1800-talet og fram til massakren ved Wounded Knee i 1890. Ho fortel altså om slutten på den indianske livsstilen, fortel om slutten på den indianske sivilisasjonen, og er difor ikkje noko lystig bok. At historia har eit indianar-perspektiv er heilt greitt for meg. I Wounded Knee-massakren vart minst 150 indianarar, mellom anna kvinner og born, skotne ned av sterkt væpna soldatar. Det er ei vanleg oppfatning at dette var den siste skotvekslinga mellom kvite og indianarar. Det stemmer ikkje heilt, det var ei mindre skotveksling ved Drexel Mission i januar 1891.

I alle fall - eg har aldri vore ved Wounded Knee. Eg var i området i sommar, men folk eg snakka med sa at det ikkje var verdt turen. Eg angrar kanskje litt på det, men det ville ha vore ein relativt lang avstikkar for å sjå eit monument, og for å ha vore der. Ved highwayen utanfor Rapid City ligg det ei Wounded Knee-museum, lite og effektivt.

Filmen opnar med slaget ved Little Big Horn i 1876, og har to-tre parallelle handlingar. Ein ung gut som kjempa ved Little Big Horn vert sendt til college, utdannar seg som lækjar, og får jobb på Pine Ridge-reservatet. Sitting Bull, ein av dei som leia indianarane ved Little Big Horn, flyktar til Kanada for å unngå eit reservat-liv, men etter at dei fleste som var med han returnerte til USA, gjev han opp han òg, og flyttar til Pine Ridge. Samstundes prøver ein senator å forhandla fram ein avtale mellom kvite og indianarar, slik at indianarane i alle fall skal få økonomisk kompensasjon for at dei kvite har teke jorda deira.

Det heile er fortalt altfor omfattande. Filmen er laga for fjernsyn - eg veit ikkje kor mykje det har hatt å seia, men det er uventa få scener frå slag. Slaget ved Little Big Horn er til dømes over på nokre minutt, og både her og seinare vert det teke for gitt at publikum veit mykje av det som skjer. Filmen vekslar mellom mange stader og personar, og det kjem ikkje fram kor langt fram i tid handlinga er komen.

Eg kjeda meg under delar av filmen, og tenkte på kor stor skilnad det er på boka og filmen. Det er fullt mogleg å filmatisera bøker med godt resultat, slik gjekk det diverre ikkje her.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

18. oktober 2009

Motorpsycho (USF, Bergen, 17.10.09)

Lenge sidan sist, eg trur det må vera seks eller sju år sidan sist eg var på konsert med Motorpsycho. I alle fall ein rein Motorpsycho-konsert - eg såg eit par Tussler-konsertar, og var òg på ein konsert der dei hadde med seg nokre blåsarar frå Jaga Jazzist. Men sist gong var altså i 2002 (eller 2003), og det var ikkje akkurat i glansdagane deira.

I åra før 2002 (eller 2003) var eg på Motorpsycho-konsertar fleire gonger i året, og eg trur eg har passert tretti totalt. Fyrste gong eg såg dei var i mars 1992, på Hulen i Bergen. Rundt 50-60 personar i salen, halvparten var vekke før det siste ekstranummeret, "California Dreamin'". På den tida levde eg utan stereoanlegg, alt eg hadde var ein klokkeradio, så eg såg dei på konsert minst fem-seks gonger før eg kjøpte ei av platene deira.

Eg budde i Bergen det meste av 90-åra, og USF var femte staden eg såg dei der i byen. Ein av dei mest minneverdige var på NHH, av alle stader, i mars 1994. Dei avslutta det vanlege settet med "Mountain"/"Home of the Brave"/"The Golden Core". Den fyrste og den siste av desse er noko av det ypparste dei har laga, nokon gong. Eg kunne ha teke med at dei rundspelte Seigmen den kvelden, men det ville sagt lite om kor bra konserten var.

"The Golden Core" var ikkje gitt ut på plate då. Songen kom med på Timothy's Monster, som ikkje kom ut før eit halvt år seinare, i september 1994. Då spelte dei på Garage, også i Bergen, nokre dagar før plata kom ut, og spelte like godt omtrent berre songar frå den plata. Publikum kjende desse dårleg - jubelen som møtte "Plan #1" kom i stor grad av rein lette. Eit anna høgdepunkt frå same konserten var då dei spelte "The Wheel", som har eit uvanleg fengande og monotont bassriff, som dei ikkje kvidde seg for å dra ut i timevis. Eg stod med augene igjen, vippa att og fram i mange minutt, før eg opna dei att, og såg to jenter framanfor meg sjå på meg, medan dei rista lett på hovudet, truleg ute av stand til å skjøna at nokon kunne lika dette. Etter konserten fortalde bror min at han hadde opplevd nøyaktig det same nokre meter unna.

Eg var fan, og er det nok enno. Eg kjøpte alle platene deira, også den høgst middelmådige pop-trilogien som kom rundt tusenårsskiftet (Let Them Eat Cake; Phanerothyme; It's a Love Cult), tre plater som dempa entusiasmen for bandet kraftig. Dei levde likevel godt på gamle minner, kvintalogien frå midten av 90-åra kjem ingen andre band til å kopiera - Demon Box; Timothy's Monster; Blissard; Angels And Daemons At Play; Trust Us. Spesielt dei to fyrste av desse heng ekstremt høgt. Entusiasmen min tok seg opp att med sideprosjektet Tussler International Society, som eg vonar ikkje er lagt til sides for godt.

For nokre år sidan slutta Geb, trommeslagar, og etter ei plate der bassist Bent Sæther spelte trommer, og ein turné der dei hadde med ein hollandsk trommeslagar eg i farten har gløymt namnet på, fekk dei seg ein ny mann. Eg anar ikkje kva som fyrst her, men eg såg prosjektet Kanon på Moldejazz 2007, der fem-seks musikarar laga massive instrumentalversjonar av klassikarar frå rockehistoria. I alle fall hevda dei at det var det - eg kjende ikkje att nokon av songane. Konserten var likevel bra, og trommeslagaren der, Kenneth Kapstad, imponerte med stor energi og kraft, trass ein ekstremt pinglete kropp. Han vart med i Motorpsycho, og konserten i Bergen var fyrste gong eg såg dei med han bak trommene.

Han gjer framleis ein god jobb, men han er veikare enn Geb når det gjeld å byggja opp crescendoar, og òg når det gjeld desse lange improvisasjonane. Det siste er forståeleg, Geb var med i bandet i ei årrekkje, og improvisasjon er i stor grad bygd på musikalsk kommunikasjon mellom dei ulike musikantane. Om dette var grunnen til at det var få lange instrumentalparti, veit eg ikkje, men det kan ikkje ha vore mange songar som sneik seg over ti minutt.

Konserten var òg skjemd av dårleg lyd, det vart litt for tett av og til, slik at det var vanskeleg å få med alt. Og ein bør få med alt - Snah er ein fabelaktig gitarist, eg kjem ikkje på nokon her i landet som kan gjera alt det han kan. Han og Sæther vekslar på å syngja, ingen av dei er spesielt gode til det, men det har alltid vore litt av sjarmen deira. Det er litt skeivt og skakt, det er ikkje alltid dei får til det dei prøver på, men når det sit, og det gjer det ofte, er det altså heilt suverent. For den halv-offisielle Motorpsycho-nettsida skreiv eg ein gong ein konsertrapport der dei opna med ein halvtimes versjon av "Un Chien d'Space", og eg skreiv at dei kunne like godt gått av scena etter opningsnummeret. Det er framleis det aller, aller beste eg har høyrt frå ein scene nokon gong.

Kanskje med unntak av nokre versjonar av "The Golden Core". Dette er den beste songen deira, dei har ikkje spelt han for mange gonger dei siste åra, men henta han fram igjen i Stavanger, dagen før konserten på USF. Også her var det pikerten den songen som avslutta konserten, diverre utan at dei fekk full klaff. Eit mindre høgdepunkt kom då instrumental-partiet tek til. Både gitaristen og trommeslagaren stoppar å spela, medan Sæther spelar nokre takter åleine, der det skjer minimalt. Eit perfekt utgangspunkt for den massive avslutninga, sjølvsagt, men folk i salen snakkar og ropar. Slik er det jo alltid. Bak trommene ser Kapstad ut på publikum, litt overraska, litt irritert, og fører sakte eine peikefingeren opp til leppene sine, for å signalisera at dei bør halda kjeft. Andre i publikum hysja òg på dei som snakka, og merkeleg nok tok dei hintet.

Det var ein solid konsert. Ikkje det beste eg har sett med Motorpsycho, men det hadde eg heller ingen voner om, og det hadde òg vore i meste laget. Ein Motorpsycho-konsert over snittet har jo langt meir å by på enn andre konsertar, så eg stiller nok opp neste gong òg.

Guffen tilrår, vilkårslaust.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.15
Røkeriet, Bergen, 9.4.16
Begynnelser, Trøndelag teater 7.9.16