24. februar 2010

Man on Wire (2008)

Frå årsskiftet annonserte NRK at dei ville endra profileringa av dei tre fjernsynskanalane. Ei av desse endringane skulle vera at på NRK2 skulle det visast fleire dokumentarfilmar. Eg har ikkje fått med meg så mange av desse, og det var litt tilfeldig at eg fekk med meg denne. Eg såg ei OL-tevling, og då det programmet var slutt, tok denne filmen til. Det var bra.

Filmen handlar om linedansaren Phillipe Petit. Han ser på linedansing som kunst. Han har alt gått på line mellom dei to hovudtårna på Notre Dame, og då han tidleg i 1970-åra for fyrste gong får høyra om bygginga av World Trade Center, vert han fiksert av tanken på at han, etter at tårna er ferdig bygde, skal festa ei line mellom dei, og gå over. Han er fullt klar over at han ikkje vil få løyve til dette, slik at all planlegging og gjennomføring må gjerast i det skjulte. Han er ikkje åleine, sjølvsagt, han får med seg fleire, og dei tek seg opp i kvart sitt tårn, får festa ei line mellom dei, og Petit går att og fram åtte gonger, og er totalt 45 minutt ute på lina.

Det er ein fantastisk film. Petit er ein draum for ein dokumentarfilmskapar - han er engasjert, snakkar ope og mykje, og er så besett av det han skal gjera at han knapt tenkjer på noko anna. Eldre opptak vert sett saman med nye intervju, og sjølv om det raskt vert tydeleg (for dei som eventuelt ikkje har skjønt det) at han får gjennomført linedansinga, vert det heile fortalt på ein god og spanande måte. Og i løpet av filmen vert ein faktisk samd med han - linedansing er kunst. For meg kom dette best fram då eg såg bileta frå Notre Dame-vandringa. Filma frå bakkenivå gjekk det an å sjå kva han heldt på med, utan at lina han gjekk på var synleg. Bileta frå New York viste berre ein liten prikk.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen:
Phillipe Petit: Man On Wire (2008)

23. februar 2010

Ragnar Hovland: Dr. Munks popleksikon (2008)

Ragnar Hovland er ein solid forfattar. Han har mange referansar til populærkultur i bøkene sine, og i denne boka har han skrive om dei popartistane han set høgast. Noko leksikon i vanleg forstand er det ikkje; dei som er på leit etter biografiske fakta eller oppramsing av alle utgjevne plater må finna seg ei anna bok.

Etter kvart oppslagsord kjem det tekstar - nokre er lange, nokre er svært korte - som fortel om forholdet Hovland har til dei ulike artistane. Han er best i dei lengre tekstane, når han fortel om kvifor og korleis han vart kjend med artistane. Boka opnar med ein tekst om korleis han vart interessert i musikk, og det var den teksten eg likte best av alle. Fyrste staden han høyrer musikk er i Ønskjekonserten, deretter tek andre norske musikkprogram over, han høyrer på Radio Luxembourg og BBC, han les NME, og han snakkar med kunnskapsrike kameratar. Med unntak av BBC er det noko svært kjent med denne lista.

Boka er tidvis underhaldande, men likevel langt unna vanleg Hovland-standard. At her er nokre mindre feil, er mindre viktig (korleis kan han kalla The Cramps det fyrste kjende basslause bandet, når han elleve sider seinare skriv om The Doors?). Verre er det at mange av tekstane verkar uinspirerte, og er heller uinteressante. Det er òg litt for enkelt når han igjen og igjen skriv at Best of-plater er det beste artistane har gjort. Og det er litt merkeleg at han fleire gonger snakkar om plater han har hatt, men ikkje eig lenger. Er det slik at han har kvitta seg med store delar av platesamlinga, for å heller kjøpa Best of-plater med dei same artistane?

Guffen er lunken.

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Halve sanninga (1997)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)

21. februar 2010

Maria Parr: Tonje Glimmerdal (2009)

Denne boka har fått ekstremt mykje ros etter at ho kom ut. Det meste av rosen ser ut til å vera på sin plass.

Tonje Glimmerdal er den einaste ungen i Glimmerdal. Ho har dei fleste gode eigenskapar ein kan tenkja seg. Ho likar å leika og har god fantasi, men ho er òg oppteken av at ting skal vera rettferdige. Ho vert litt kjent med nokre andre ungar, men har mest kontakt med dei vaksne. På nabogarden har det skjedd litt av kvart før Tonje vart fødd, og det er òg der det store dramaet i boka finn stad. Der, og på campingplassen, og på sjukehuset, og i Tyskland.

To litterære tekstar går som ein raud tråd gjennom boka - Heidi og "Leitande etter Blåmann". Eller - der er vel ein tredje tekst òg - eventyret om dei tre bukkane Bruse. Her let Parr Tonje dikta opp eit lite og fornøyeleg tillegg - eventyret om den pitteminste bukken Bruse.

Det er mykje som er gledeleg med denne boka, men noko av det finaste er det gode språket. Her er mange gode setningar, mange gode uttrykk, og mange gode metaforar. Historia i boka er òg god, og eg trur dette er ei bok eg kunne tenkt meg å lesa då eg var mindre òg. Bøker som dette kan vera med på å gje ungar stor lese- eller bokglede, og det er ei bok eg kjem til å plukka fram når ungane i huset vert litt større, slik at dei anten får lesa eller høyra ho.

Guffen tilrår.

Meir Parr på kulturguffebloggen
Vaffelhjarte (DNS, Bergen, 18.10.2014)
Tonje Glimmerdal (DNS, Bergen, 9.4.16)

19. februar 2010

James Loewen: Lies Across America (1999)

I Almo, Idaho, står det eit minnesmerke med denne teksten: "Dedicated to the memory of those who lost their lives in a horrible Indian massacre, 1861. Three hundred immigrants west bound. Only five escaped." Minnesmerket vart sett opp i 1938, og fortel om den enkeltepisoden der flest kvitingar vart drepne av indianar. Der er berre eit ørlite problem - det var aldri nokon slik massakre.

Loewen gav i 1995 ut boka Lies My Teacher Told Me, og denne boka kom fire år seinare. Her fortel han om 95 av dei mange minnesmerka i USA, og korleis dei ikkje fortel heile sanninga. Av og til kan det vera språkbruken som er kritikkverdig, det kan vera minnesmerke som er sett opp for å heidra folk som ikkje treng heider, og, slik dømet over viser, det kan vera reine fantasiar.

Det er ei litt trist bok, sjølv om det han viser ikkje er så overraskande. Det er òg ei underhaldande bok. I Kentucky kan ein framleis vitja det vesle huset Abraham Lincoln skal ha vore fødd i. I 1895, tretti år etter at Lincoln vart drepen, fekk eigedomen han voks opp på nye eigarar. Dei såg eit visst potensiale her, kjøpte eit gamalt hus på nabogarden, sette det opp på eigedomen sin, og marknadsførte det som huset der Lincoln var fødd. Det tok ikkje heilt av. Dei viste fram huset på ei utstilling i Nashville, Tennesee, og der hadde dei like godt kjøpt eit anna gamalt hus, som dei meinte var fødestaden til ein annan død president, Jefferson Davis. Det vart etter kvart større interesse for å vitja huset, som vart flytta tilbake til Lincoln-garden, og for å verna det vart det bygt eit vernande hus rundt det. Det vart litt trongt for publikum i dette nye huset, så det var ikkje anna å gjera enn å endra storleiken. På det utstilte huset, ikkje på det vernande nybygget.

Loewen har ikkje sett alle monumenta i USA. Nokre statar har gjeve ut bøker med teksten frå alle monumenta i deira stat, men det er uråd for éin person å vurdera alt dette. Han skriv at han hadde planar om å gjera det, heilt til han såg eit oversyn over kor mange monument og markørar det var i Texas. Der er 12 000 slike monument - nær helvta av alle i USA. Viss han las ein monument-tekst i minuttet ville han bruka 200 timar berre på lesinga.

Monumenthysteriet i Texas har forresten ført til at nokre luringar tener pengar på ein grei måte. To ulike selskap sel køddeskilt, som liknar på dei offisielle. Loewen har eit par døme på slike tekstar. "On March 2, 1836, Texas declared her independence from Mexico, while the Comanches roamed the Prairie, Rangers protected frontier settlements, and this building was not here yet." Eller "On April 21, 1836, Texas troops under Sam Houston won independence, as they shouted out, 'Remember the Alamo', When we tried that here, the neighbors complained about the noise."

Det viktigaste denne boka viser at ein bør lesa teksten på monument med ein viss skepsis. Kven har skrive teksten, og kva historie vil dei fortelja? Kva har dei teke med, og kva har dei ikkje teke med? I tilfellet USA må ein òg spørja seg korleis indianarar eller slavar ville ha skrive teksten. Loewen skriv til dømes om fleire monument der ordet "settlers" tyder kvitingar; at mange indianarar var rimeleg bufaste vert ignorert.

Ein vert altså lurt når ein ser historiske minnesmerke. Likevel er det vanskeleg å endra dei. Dei som bur i Almo vil ikkje at monumentet over dei 295 som vart drepne av indianarar skal fjernast, sidan dei meiner at hendinga faktisk fann stad, trass i at der ikkje finst noko prov for det.

Guffen tilrår.

Meir Loewen på kulturguffebloggen
Sundown Towns (2005)
Lies my Teacher told Me (2007)
Lies My Teacher Told Me About Christopher Columbus (2014)

17. februar 2010

Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)

Eg skulle på dagstur til Oslo, og hadde bruk for litt lesestoff. Denne boka stod lagleg til, og vart lesen på ut- og heimvegen. Eg kjenner livssoga til Scott godt frå før, mest frå den glimrande dobbeltbiografien Ronald Huntford skreiv om Scott og Amundsen. Huntford, som er britisk, kvir seg ikkje for å skriva at Scott kunne overlevd turen, viss han hadde hatt vit til å førebu seg skikkeleg. Boka til Huntford låg til grunn for ein flott fjernsynsserie frå 1980-talet - viss det er noko tak i NRK viser dei serien om att neste år, i samband med hundreårsjubileet.

Huntford pirka såleis litt i ein nasjonal helt. Pound gjer sitt for å leggja grunnlaget for meir heltedyrking. Han vert litt for mild - han fortel sjølvsagt kva som går gale, men er ikkje like streng som Huntford. På vegen mot Sydpolen hadde Scott med seg mange menn, for å leggja att depot til heimturen. Rett før dei siste snudde nordover att, fann Scott ut at han skulle ha med seg fire menn vidare, ikkje tre, slik planane hadde vore. Huntford skriv at det Scott burde ha skjønt at det skipla alle planar, og ikkje berre av di alle matrasjonar no vart mindre. Dei hadde berre fire par ski, slik at ein av dei måtte vabba til fots i snøen. Pound skriv berre at Scott tok med seg ein ekstra mann, og let lesaren sjølv dra sine konklusjonar.

Pound skriv veldig formelt og stivt, og skrivestilen passar bra til ein biografi om Scott, som var marineoffiser. Han bruker mykje tid på å skriva om forholdet til kona og mora, kanskje av di han som fyrstemann fekk tilgang til dagbøkene kona skreiv medan Scott var i Antarktis. Boka er lettlesen (viss du kan engelsk), og gjev eit greitt innsyn i livet til Scott. Det vert likevel for ukritisk. Det finst betre Scott-biografiar.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir polar på kulturguffebloggen
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)

13. februar 2010

Cormac McCarthy: The Road (2006)

For ei bok. Eg har knapt lese McCarthy før; eg kom halvveges gjennom All the Pretty Horses, før sommaren kom. Den boka var bra, men var likevel ingenting mot dette. Det er lenge sidan eg har lese ei bok som har prega meg slik, ei bok eg har levd meg så langt inn i.

Ein viktig grunn til det er nok at eg har to små søner sjølv. Boka handlar om ein far og ein son, og handlinga er lagt til åra etter ei massiv katastrofe, som har øydelagt verda slik me kjenner ho. Kva som har skjedd kjem ikkje fram, og er heller ikkje så viktig. Dei to går sør- og vestover gjennom eit USA som er så godt som reinska for folk. Dei veit ikkje kva som ventar dei i vest, men dei vil til havet. Dei lever av mat dei finn langs vegen.

Guten er redd heile tida. Faren har fortalt han at han ikkje kan stola på nokon. Dei ser andre av og til, men gøymer seg viss dei kan - desse andre kan vera brutale, og dei kan vera kannibalar. Guten er heilt avhengig av faren. Dei gongene faren går frå han, for å undersøkja eit hus eller for å henta handlevogna dei har eignelutane sine i, vil han det ikkje. Han vil vera med.

Dei kjem fram til havet. Dagleglivet deira endrar seg lite, men faren vert sjuk. Det er ikkje ofte eg får så stor klump i halsen av bøker eg les som då eg las avsnittet der faren døyr. Eg tenkte noko slikt som at dette kan ikkje McCarthy gjera med den vesle guten. Like etter dukkar det opp noko som kan vera ei happy ending, men likevel. Under lesinga funderte eg litt på korleis boka kom til å slutta, og eg såg føre meg at ei så dyster bok ikkje kunne få ein lystig slutt. Faren prøver å vera optimist boka gjennom, men han er sjølvsagt klar over at det ikkje er mykje von i vente.

Guffen tilrår. Sterkt.

Meir McCarthy på kulturguffebloggen
All the Pretty Horses (1992)
The Crossing (1994)
No Country for Old Men (film, 2007)

The Road (film, 2009)

4. februar 2010

Jørgen Norheim: Liten svein i bærskog ut (1994)

Dette er debutboka til Jørgen Norheim, og, merkeleg nok, den einaste av dei fire bøkene hans som berre har kome i eitt opplag. Det er ei svært solid bok. Eg las ho fyrste gong for 3-4 år sidan, og plukka ho fram att no, for å ha lesestoff på toget til Oslo.

Boka er berre på godt og vel 140 sider. Norheim får likevel sagt svært mykje på desse sidene. Han er utdanna historikarar, og har her gjort noko så ambisiøst som å framstilla ei folkeleg noregshistorie i romanform. Med folkeleg meiner eg at han eigentleg gjev ein god ein i kongar og knektar og alt det der, her er det det vanlege folket det handlar om.

Hovudpersonen i boka er langt opp i åra, og har nett mist kona si. Han finn ut at han må få seg ein hobby, og tek utgangspunkt i eit av spørsmåla til Mattis i Fuglane: Kvifor er det som det er? For å få svar på det driv han slektsgransking, og vitjar arkiv fleire stader i landet. Mellom desse stadene reiser han heile tida med tog, og her er avsnitt i boka som er ei rein hylling til denne måten å reisa på. Berre det gjev jo plusspoeng.

Det er ikkje uvesentleg at Norheim hentar fram eit spørsmål frå Fuglane. Gjennom heile boka dukkar det opp liner frå nynorsk litteratur, og om det er tydeleg at Norheim har sympati med det vanlege fotfolket, er det ikkje mindre opplagt kvar han høyrer heime, språkleg sett. Er hovudpersonen i Oslo, bur han sjølvsagt på Bondeheimen.

Det dukkar rett nok òg opp referansar frå bokmålslitteraturen. Per Bufast (igjen!) legg til dømes ut på tur, saman med to karar som heiter Odin og Nagel. Ein biperson heiter Arild Asnes. Det er i det heile ei bok som gjev ein kjensla av at Norheim har hatt det kjekt under skrivinga, at han har leika seg med språket, og med romansjangeren.

Guffen tilrår.

Meir Norheim på kulturguffebloggen
Ingen er så trygg i fare (2002)
Adjutanten (2008)
Aldri redd for mørkets makt (2016)