28. mars 2010

Centennial (1978)

Å sjå fjernsynsseriar på DVD vert vanlegare og vanlegare her til lands. Eg trur ikkje det berre handlar om at DVD-boksane vert billegare, eller at DVD-ar gjer at slike boksar tek mindre plass. Det handlar òg om at folk har det travelt, og at det kan vera vanskeleg å følgja med på seriar som går til faste tider. Og eg trur det handlar om kvaliteten på det fjernsynet byr på. At fjernsynsselskapa ikkje tek hintet, men strør på med halvgode og meiningslause program, er uforståeleg.

Me har sett fleire fjernsynsseriar på DVD, frå start til mål. Som vanleg let me reisene styra kva seriane handlar om, og etter at me var i USA i fjor sommar, har me sett nokre filmar og seriar med handling derfrå. Ein eller annan stad plukka eg opp at Centennial var sett på som ein av dei beste seriane, og vips - der var serien kjøpt inn.

Centennial handlar primært om endringane i eit område i Colorado, frå slutten av 1700-talet fram til 1970-åra, men ein kan godt seia at det handlar om framveksten av USA. Frå å vera eit område der indianarane levde og hadde det godt, vert området gradvis kontrollert av kvitingane. Serien har manus av James Michener, og er til alt hell kritisk til denne framveksten. Indianarane vert presentert i eit godt lys heile vegen, og den siste episoden sluttar med ein valkamp, der dei to kandidatane har to heilt ulike syn på kvar USA bør gå: Skal ein gjera det som løner seg best, eller skal ein ta omsyn til folk, og - ikkje minst - natur? Me får ikkje vita kven som vinn valet, men det er tydeleg at sympatien i serien ligg hjå naturen.

Før me kjem så langt, har me i dei tolv episodane møtt ei rekkje personar, naturleg nok. Det startar med den kanadiske jaktmannen Pasquinel, som får tillit hjå indianarane, og som gifter seg med Clay Basket. Saman med jaktkameraten sin, McKeag, bruker Pasquinel ressursane i naturen omtrent slik indianarane ville gjort det. Men gradvis kjem fleire kvitingar til området - soldatar, jegrar, og bønder. Ein av dei som kjem, Levi Zendt, gifter seg med dotter til Pasquinel, og med ei indiansk kone får han løyve til å setja opp ein butikk. Rundt denne veks det opp ein by, som vert kalla opp etter Zendt, og får namnet Centennial. Dei siste episodane handlar om livet i denne byen.

I den aller siste episoden møter me ein historikar som skal skriva historien til byen. Her er det flust med flashback, og viser at manusforfattarane går litt på tomgang. Dei gjorde ein betre jobb med dei tidlegaste delane, den fyrste halvdelen av serien er god, medan det vert gradvis mindre interessant. Det var ikkje med like stor iver at me henta fram platene mot slutten av serien.

Centennial er altså laga for fjernsyn, og det ber han preg av. Her er sjølvsagt ein del skyting, og ein del vald og dødsfall, men det meste av valden skjer utanfor kamera. Nokre skodespelarar framstiller den same personen frå han er ung til han vert gamal, og sminkinga er mildt sagt forferdeleg. Det finst andre måtar å visa elde på, enn å farga personen grå.

Serien har sine gode sider. Det er flott at han såpass tidleg som 1970-åra hadde eit så positivt syn på indianarane, og det er flott at han er kritisk til framveksten av det lite sympatiske og profittsøkjande USA. Den minst sympatiske kandidaten i det avsluttande valet viser støtte til ein som er anklaga for å ha skote ørner, og ein skal vera rimeleg ukjend med amerikanske nasjonalsymbol for å ikkje sjå symbolikken der. I den fyrste halvdelen av serien er der òg mange gode og fargerike personar, men desse forsvinn gradvis, til fordel for personar som kunne vore henta frå ein gjennomsnittleg såpeserie.

Guffen er altså lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar