21. april 2010

Twin Peaks (fyrste episode, 1990)

Det stod nyleg noko i eitt blad eller på ei nettside om at det var tjue år sidan den fyrste episoden av Twin Peaks vart vist i USA. Hausten 1990 kom serien på NRK, og eg fylgde sånn nokolunde med på han då. Opningsepisoden såg eg saman med Kjartan og Arnfinn, og eg hugsar at etter at episoden var slutt, sa Arnfinn noko slikt som "fy fan kor bra det var", utan ironi i røysta.

Serien var laga av David Lynch og Mark Frost, og det vart laga rundt 30 episodar. Eg budde i Bergen då serien var vist, og hadde ikkje fjernsyn. Det var ein av grunnane til at eg ikkje fekk sett alt, ein annan grunn var at eg var ein god månad i USA rundt nyttår, og der var serien komen mykje lenger. I ei amerikansk avis slumpa eg til å lesa kven som var mordaren, og då var det spenningsmomentet vekke. I tillegg vart serien gradvis dårlegare, etter at David Lynch trekte seg ut, og eg såg ingen av dei siste episodane. For nokre år sidan såg me heile serien på DVD, og inntrykket var det same som i 1990. Det heile opnar svært bra, og dei 14-15 fyrste episodane held mål. Deretter går det feil veg.

Etter at eg las om jubileet til serien nyleg, fann eg fram DVD-en, og såg pilotepisoden på nytt. Det er ei flott opning på serien. Det opnar med at liket av Laura Palmer vert funne på ei strand i byen Twin Peaks, innpakka i plastikk. Den lokale sheriffen får assistanse av ein FBI-agent. Me vert, ikkje uventa, presenterte for mange av innbyggjarane i byen, og det er fascinerande korleis dei aller, aller fleste anten har noko å skjula, eller har ein større eller mindre fysisk eller psykisk skavank. Her er folk som driv med narkotika, her er folk som er utru, her er folk med berre éin arm, her er ei dame som heile tida ber på ein vedkubbe, her er kvinner med valdelege sambuarar, osb. FBI-agenten passar såleis godt inn, han kan koma med raske og kloke innsiktar, som gjer at sheriffen kjenner seg som Dr. Watson, men han kan òg utan varsel reflektera over heilt andre ting.

Etter denne episoden er det uråd å vita kven som har drepe Laura Palmer. Men det vert sjølvsagt hinta om ein tre-fire som kunne hatt grunn til å gjera det, og det vert hinta om fleire som er svært valdelege. Det er godt laga, det er spanande, samstundes som det er nok å le av. Og bakom syng skogane - av og til kjem det nokre sekund med svære tre som bøyer seg i vinden, og dei er med på å skapa ei kjensle av uhygge. Ein eller annan stad, kanskje ute i skogen, gøymer det seg ein eller fleire mordarar. Og serien har òg ein musikk som byggjer opp under denne stemninga.

Eg kjem ikkje til å sjå heile serien igjen, ikkje enno i alle fall. Men det var stas å henta fram denne episoden.

Guffen tilrår.

Meir Lynch på kulturguffebloggen
Blue Velvet (1986)
Wild at Heart (1990)
Twin Peaks (1990-91)
Lost Highway (1997)
The Straight Story (1999)
Mulholland Drive (2001)
Inland Empire (2006)
Brad Dukes: Reflections. An Oral History of Twin Peaks (2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar