16. mai 2010

Here are the young Men (1982)

Nja, eg var åleinefar i nokre dagar. Me tok nokre runder gjennom dei delane av flyttelasset som framleis står i Gamlahuset. Dei to minste brukte tida til å laga klatrestativ av alle pappøskjene, eg kika litt i dei fremste øskjene, og fann ei med videokassettar. Eg tok nokre av dei med til Kvitahuset, og denne filmen var ein av dei. Eg såg nyleg Control, og fekk lyst til å sjå the real thing.

For dette er the real thing, på fleire måtar. Det er utdrag frå fire konsertar mot slutten av levetida til Joy Division, tre frå hausten 1979 og ein frå januar 1980. Alt er filma av amatørar, som sjølvsagt står på same stad konserten gjennom. Det er middels lyd, scena er dårleg opplyst - du får ei kjensle av å vera til stades på ein konsert.

Men det som verkeleg gjer dette til the real thing, er Ian Curtis. Han utleverer demonane sine, for å dra ein klisje, alt det tunge han syng om er ekte. Opningssongen er "Dead Souls", der han syng "They keep calling me!", før han manisk dansar seg som ein propell gjennom instrumentalpartia. Mest av alt ser det ut som om han fysisk prøver å koma seg vekk frå desse døde sjelene.

Dansinga til Curtis er noko av det mest fascinerande ved Joy Division på scena. Eitt anna kjennemerke er bassen til Peter Hook. Han var ikkje nokon stor eller original bassist, men få andre hadde bassen så langt ned mot knea som han. Dei to andre i bandet ser me lite til, dels av di lyset er dårleg, dels av di kameraet så godt som heile tida er retta mot Curtis.

Dei spelar delar av tretten songar. Her er mange av dei store, til dømes "Love Will Tear Us Apart", "Transmission" og "New Dawn Fades", men òg mange mindre kjende og mindre gode songar. Det er ikkje den rette staden å verta kjend med Joy Division, men for dei som alt kjenner musikken deira, er dette ein fin film. Dei som er på jakt etter filmar med klokkeklar lyd får heller leita andre stader.

Guffen tilrår.

Meir Joy Division/New Order på kulturguffebloggen
Chris Ott: Unknown Pleasures (2004)
Control (film, 2007)
Peter Hook: The Hacienda. How Not to Run a Club (2009)
Kevin Cummins: Joy Division (2010)
Peter Hook: Unknown Pleasures. Inside Joy Division (2012)
Ian Curtis: So This Is Permanence (2014)
Bernhard Sumner: Chapter and Verse (2014)
Kevin Cummins: New Order (2015)
Peter Hook: Substance. Inside New Order (2016)
Jon Savage: This Searing Light, The Sun and Everything Else (2016)
Stephen Morris: Record Play Pause (2019)
Stephen Morris: Fast Forward (2020)
Kevin Cummins: Joy Division, Juvenes (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar