23. mai 2010

Per Sivle - ikkje lenger enn min kjærleik rekk (Fraktgodsen, Voss, 22.5.10)

Dette vart ikkje så bra som det kunne ha vorte. Livet til Per Sivle har nok av dramatikk, heilt frå då den gravide mor hans prøver å ta livet sitt i Nærøyfjorden, til han sjølv tek livet sitt i Kristiania. Der er oppturar og nedturar, både litterært og elles, der er nok av vener som kjem og går, og der er ein oppbroten familie. Likevel fungerer ikkje dette stykket. Den viktigaste grunnen til det må vera Jon Eikemo.

Han framstår her som ein svært avgrensa skodespelar. Han er sjølv altfor tydeleg til stades, det vert for mykje Eikemo og for lite Sivle. For Jakob Sande-framsyninga si fekk Eikemo litt kritikk for at han framheva bajasen Sande, og slik vert det òg her. Finn Eikemo noko som kan trigga litt komikk, gjer han det, men det fungerer ikkje i det heile. I fleire av dikta til Sivle er det liner av typen "å hei og hi, å tiriliti", og utan unntak les Eikemo desse med ei falsett-stemme, for å dra litt latter ut av publikum. Han er innom alkoholproblema til Sivle, og prøver òg å gjera dette til noko komisk. Stykket hadde klart seg betre utan desse delane.

Sivle var ein ujamn diktar, men når han er god, er han god. Eikemo har valt ut mange av dei gode dikta hans, men les òg nokre mindre kjende, utan å overtyda oss om akkurat dei dikta burde vore betre kjende. Med eit betre manus og ein annan skodespelar kunne dette vorte bra, no var det knapt nok middels. Det vert ikkje noko betre av at Eikemo, nesten eitt år etter at stykket hadde premiere, ikkje har full kontroll på det han skal seia.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Sivle på kulturguffebloggen
Streik (1891)
Anders Hovden: 
Per Sivle. Ei livssoge (1905)
Berre ein hund (1975)
Alfred Fidjestøl: Eit halvt liv. Ein biografi om Per Sivle (2007)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar