19. mai 2010

Sykkeltjuvane (1948)

Eg trur eg har vore inne på at me let reisene våre påverka programmet i filmklubben. Etter at me var i Roma i 2008 såg me nokre relaterte filmar, men det var ingen braksuksess. Me konsentrerte oss om episke filmar om keisarar og krigarar som levde for altfor lenge sidan, og det var tidvis eit slit. Verst av alt var Alexander, regissert av Oliver Stone, som var så seig at me måtte dela han opp i tre.

Me burde kanskje ha satsa på litt filmar der handlinga var henta frå litt nyare tid. Kortversjonen av handlinga i Sykkeltjuvane er at det er ein film om ein mann som leitar etter ein sykkel. Langversjonen er omtrent sånn: Filmen skildrar tilhøva i Roma rett etter andre verdskrigen. Det var ikkje akkurat glad-dagar, arbeidsløysa ser ut til å ha vore stor, og butilhøva var ikkje heilt ideelle. Antonio er arbeidslaus, men får seg endeleg ein jobb – han skal klistra opp reklameplakatar. For å få jobben må han ha sykkel, og han greier å henta ut sin eigen sykkel, som har vore hjå ein pantelånar. Fyrste dagen på jobb vert sykkelen stolen, og dei neste dagane leitar han etter sykkelen, saman med son sin på 7-8 år. Det er sjølvsagt fåfengt, Roma er ein stor by, og sykkelen har ingen spesielle kjenneteikn. Dei vitjar eit marknad der stolne syklar er til sals, dei er innom i eit suppekjøken i ei kyrkje, dei er utanfor ein fotballstadion medan det er kamp, og dei går rundt i gatene.

Tilhøvet mellom far og son er sentralt i filmen. Sonen er glad og stolt over at faren har fått seg arbeid, og faren er like glad og stolt for at han kan tena litt pengar. Sonen vil hjelpa faren, men etter kvart som faren vert trøytt og lei av leitinga, greier ikkje faren skjula at sonen er til lita hjelp. Etter at dei har mist kontakten med ein gamal mann som kanskje visste noko om sykkeltjuveriet, seier sonen at dei aldri skulle latt han gå. Faren klakkar til han. Etter kvart greier han å byggja opp tilliten igjen, dels ved hjelp av eit altfor dyrt måltid på ein restaurant, men etter at faren vert teken på fersken når han stel ein sykkel sjølv, er sonen berre oppgitt. Filmen sluttar med at dei begge grinande er på veg heim.

Der er glede i filmen, og der er sorg i filmen. Antonio er desperat etter å halda på jobben, ikkje av di han var spesielt spanande, men av di det var godt betalt. Han har rekna ut kva han vil tena, og er godt nøgd. Alt går til pisis, og då fell alt i fisk. Filmen har heldigvis ikkje noko happy ending, det er viktigare å visa fram korleis det faktisk var i Roma etter andre verdskrigen. Sjølv om der var folk som vassa i pengar, var der òg mange som ikkje fekk ta del i dette. Noko av det som driv Antonio til å stela sykkelen utanfor fotballstadionet, er at han skjønar at viss ikkje han får jobben tilbake, kan han ikkje ta sonen med på fotballkampar.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar