28. august 2010

Almost Famous (2000)

1973. Det er glansdagane for dekadente rockeband, som ikkje sparar på krutet under turneane sine - det er sex, drugs and rock'n'roll. Musikarane reiser saman med ei mengd folk, nokre er der for festane, nokre er der for å vera nær stjernene, medan nokre er der for musikken sin del.

William Miller, ein femten år gamal journalistspire, har skrive såpass bra artiklar for lokalavisa at Rolling Stone bed han reisa på turné med bandet Stillwater. Han slår sjølvsagt til, sjølv om han bur saman med mor si, som helst hadde sett at han fullførte highschool. Miller er ung og uskuldig, på alle måtar, og slit med å få bandet til å uttala seg. Han vert vitne til at bandet (nesten) vert oppløyst, ser på kranglar, er med då flyet deira nesten styrtar, og skriv til slutt ein artikkel som er så ærleg at bandet skuldar han for å ha dikta opp heile greia, slik at Rolling Stone ikkje kan bruka han.

Det er godt skodespel, det er god musikk, og det heile verkar truverdig, i alle fall for ein som berre kjenner epoken og kulturen frå bøker og blad. Historia er laust basert på den tidlege karriera til journalisten Cameron Crowe, som skreiv for Rolling Stone frå han var tenåring, og Crowe har både regissert og skrive filmen.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar