16. august 2010

Motorpsycho (Øyafestivalen, Oslo, 14.8.10)

Mange gonger går ein til konsertar med store forventningar. Av og til er forventningane så store at du må verta skuffa. Bortsett frå denne konserten. Eg hadde skyhøge forventningar, men konserten var endå betre. Rett etter at det heile var over sende eg denne tekstmeldinga til Marit, omtrent med tårer i augene: "Fy fasan! Den beste konserten nokon gong!"

For det var akkurat det det var. Eg stod saman med Stig Aage, slik eg gjorde det på mange Motorpsycho-konsertar i 90-åra. Me var begge i ekstase etter konserten, slik at han tredje me stod saman med, Gunnar, truleg lurte litt på kva dette var. Han var imponert, han òg, men ikkje like mykje som oss. Trur eg.

Det var dette som skjedde: Motorpsycho hadde sagt ja til å spela gjennom eitt av albuma sine på Øya, og publikum hadde røysta fram Timothy's Monster. Det var eg litt skuffa over, eg ville heller hatt Demon Box, men Timothy's var eit klart andreval. Eg trur framleis at den noverande utgåva av Motorpsycho kunne gjort ein framifrå konsert av Demon Box, sidan bandet er meir rutinerte no, og kunne ha gjeve oss mange og lange instrumentaltema på fleire av songane. Likevel er det lett å sjå at songane på Timothy's kjem i ei rekkjefølgje som gjer seg betre som konsert. Dei endra rett nok litt på rekkjefølgja, men dei siste songane kom slik dei gjer på plata. På Demon Box måtte dei gjort større inngrep for å ha slutta på same måten.

Dette var truleg fyrste gong Motorpsycho spelte ein konsert der alle på førehand visste kva songar dei kom til å spela. Under konserten tenkte eg på ein gong eg såg dei i september 1994, like før Timothy's kom ut. Då spelte dei to songar frå Demon Box, og ein ti-tolv som var heilt nye og ukjende for oss som såg på. Det var bra, det òg.

Rekkjefølgja vart dels endra av di dei hadde henta inn dei musikantane som var med på plata, dels for å få ei klar todeling av konserten. Dei fyrste 45-50 minutta spelte dei songane frå den fyrste CD-en, medan dei resten av den to timar lange konserten koste seg med seks songar.

Det var stas å sjå Lars Lien igjen, det var stas å sjå Helge Sten igjen, men mest stas var det å sjå Gebhardt igjen. Det var det fleire som meinte, han fekk ein voldsom applaus då han entra scena midt i konserten, og fekk òg ei fin helsing frå Bent Sæther - "Håkon! Kor har du vært?", før han fekk eit handtrykk.

Den fyrste delen handla mest om songane, og her var det litt lausare snipp. Det glapp litt med teksten her og der, det var vitsing mellom songane, og det var lett å sjå at også dei på scena koste seg. Her var mange solide songar, og det lova svært bra for resten av konserten. Sjølv var eg nøgd med at "On My Pillow" vart spelt relativt tidleg, den er ein av to songar som dreg nivået ned. Den andre delen handla mest om bandet. Det var eit endå meir konsentrert band, og det var slutt på all smalltalk med publikum. Det var eit band som visste at dette var ein spesiell kveld, dei hadde berre denne eine kvelden saman, og alle gav alt. Eg kan ikkje tenkja meg noko anna band som kunne gjort dette. Og dette var altså eit band med fire gjesteartistar. Det var så samspelt, det var så tett.

Tidspunktet var heilt perfekt. Konserten tok til i det sola gjekk ned, slik at det fabelaktige lysshowet vart meir og meir tydeleg. På den siste songen heiste dei like godt opp ei enorm discokule, og det kjendest heilt rett. Under ein av songane flaug fleire flokkar me grågås over festivalen; under den siste songen skaut dei (tilfeldigvis, viste det seg) opp fyrverkeri frå operaen.

Det var altså den beste konserten nokon gong. Og høgdepunktet var "The Wheel", ein song bygd opp rundt eit riff Bent Sæther i 1994 omtalte som "monsterriffet". Dei drog songen ut til litt over tjue minutt, og hadde det ikkje vore for at konserten måtte vera ferdig til klokka elleve, hadde dei truleg drege han ut nokre minutt til. Det var så bra - alt høyrdest heilt rett ut. Absolutt alt. Eg stod der med tårer i augene. Eg anar ikkje kor mange konsertar eg har vore på dei siste tretti åra, men eg har aldri sett og høyrt noko så bra som dette. Det var så bra. Den beste konserten nokon gong.

Guffen tilrår.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Byscenen, Trondheim, 18.3.2011
Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
USF, Bergen, 16.9.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023
Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar