27. september 2010

Mad Men, sesong 1 (2007)

Det snudde vel omtrent med Twin Peaks. Også amerikanske fjernsynskanalar innsåg brått at det gjekk an å laga gode seriar, i tillegg til dei endelause seriane om ingenting. Eg har ikkje sett så mange av dei, eg ser visst for lite på fjernsyn, men seriar som Sopranos eller Five Feet Under får i alle fall mykje skryt.

Det var visst Ragnhild som tilrådde denne serien, og det var det bra at ho gjorde. Serien er god. Handlinga er lagt til miljøet i og rundt eit reklamebyrå i New York, i 1960. Dette var ein periode med enorm vekst i det personlege forbruket i USA, og ein periode der det jamt dukka opp nye ting alle skulle ha. For eit reklamebyrå var det gylne tider, og det viser att i korleis dei har det på jobb. Dei ser alle ut til å tena rimeleg bra, og det ser ut som om dei har god tid. Alle har til dømes eit lite barskap på kontoret.

"Dei" tyder her mennene. Det er berre femti år sidan 1960, men likevel er her heilt andre kjønnsroller, og heilt andre måtar å omtala kvinner på, enn det er i dag, også i det amerikanske samfunnet. Mennene har ansvar for å tena pengar, kvinnene har ansvar for å stella heimen, laga mat og passa ungar. For mennene i reklamebyrået ligg det òg prestisje i å ha seg med sekretærane, og det er fritt fram for å koma med slibrige merknader, også når desse sekretærane er til stades.

Hovudpersonen er Don Draper, ein ettertrakta og dyktig reklamemann. Han siglar under falsk flagg, på fleire måtar. Han bytte identitet med ein annan soldat i Koreakrigen, og måten dette vert fortalt på er glimrande. Eit hint her, eit anna hint her, før det heile vert oppklara mot slutten av denne fyrste sesongen. Han har òg fleire elskerinner, medan trofékona går rundt heime i forstaden og slit med eigne nerver og eige sjølvbilete.

Ein annan sentral person er Peggy Olson. Serien opnar med at ho får jobb i firmaet, og ho vert sekretæren til Draper. Ein av dei unge ambisiøse sprettane i selskapet lokkar ho til sengs, og heilt mot slutten av sesongen vert det brått klart at ho vart gravid då, og at ho fekk ein liten unge. Olson har òg ambisjonar, har skrive fleire tekstar til reklamar, og serien sluttar med at ho får stilling som tekstforfattar.

Tidsbiletet ser ut til å vera glimrande. Kjønnsrollemønsteret er ein ting, den store auken i forbruk er ein annan, men der er fleire ting. Alle røykjer til dømes, heile tida. Kostymar og frisyrar ser rimeleg tidsautentiske ut, og det gjer språket òg. Den neste sesongen vert nok kjøpt inn rimeleg raskt.

Guffen tilrår.

Meir Mad Men på kulturguffebloggen
Sesong 2 (2008)
Sesong 3 (2009)
Sesong 4 (2010)
Sesong 5 (2012)
Sesong 6 (2013)
Sesong 7 (2014-15)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar