6. september 2010

Toy Story 3 (2010)

Er eg i målgruppa for denne filmen? Truleg meir enn eg var klar over. Eg såg den fyrste filmen då han kom på kino, og koste meg stort. Fin historie, fine figurar, godt språk, og godt laga. Film nummer to gjekk meg hus forbi. Aslak og Ivar har filmen på DVD; eg trur ikkje eg har sett heile enno. I alle fall ikkje samanhengande.

Dei to har gleda seg til denne filmen lenge. Dei har sett bilete i avisene, og sett ein smakebit på nettet. Det fyrste Aslak sa då han vakna i går var at me skulle på kino - juhu! Den gleda tok fort slutt.

Andy, som eig alle leikene, skal på college. Mor hans vil at han skal tømma rommet sitt, og han veit ikkje heilt kvar han skal gjera av leikene sine. Han finn ut at han vil leggja dei på loftet, men mor hans finn sekken med leikene, og plasserer han ved sida av resten av boset. Før bosbilen hentar dei, kjem dei seg vekk, og dei vert gjevne til barnehagen frå Helvete. Ungane herjar med dei, og dei andre leikene har etablert eit naziregime, slik at Andy-leikene vil vekk så fort dei kan. Det greier dei, sjølvsagt, men på vegen til fridomen har dei hatt mange nær døden-opplevingar.

Det vart for mykje for Aslak, som syntest det var i skumlaste laget. Ivar, som braut lova då han gjekk og såg filmen, syntest det var heilt greitt. Eg koste meg òg, sjølv med ein livredd unge på fanget. Det er framleis kreativt og fantasifullt, det er glimrande laga, og der er referansar til andre filmar. Dialogen reknar eg med at er friskare i originalversjon, slik det var med den fyrste filmen. Det får eg kanskje sjansen til å sjekka eingong, i alle fall viss Aslak løyser litt på forbodet mot å kjøpa filmen når han kjem på DVD.

Guffen tilrår.

Meir Toy Story på kulturguffebloggen
Toy Story 4 (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar