9. oktober 2010

Frå arkivet: R.E.M.: Automatic for the People (1992)

Mange av dei rundt meg høyrde mykje på R.E.M. i andre halvdel av 80-åra. Sjølv hadde eg lite utbyte av det, og den einaste av platene deira eg kjøpte, debutplata Murmur, vart stort sett ståande urørt. Musikken deira kom seg ved utgangen av det tiåret, og denne plata, som kom i 1992, trefte meg midt i blinken.

Saman med Brynjulv var eg rett som det var hjå Lars i Tartargaten. Tre plater gjekk igjen den vinteren - Harvest Moon, Blood Sugar Sex Magic, og denne. Alltid denne. Plata sneik seg innpå meg, og då eg nokre år seinare omsider kjøpte meg CD-spelar, var dette ei av dei fyrste platene eg kjøpte. Eg sette alltid på ei plate før eg la meg, og det var ofte denne.

Det er ei svært roleg plate. Luftgitaristar vil finna lite å gle seg over, det nærmaste er truleg songen "Ignoreland". Dette er likevel ikkje noko spesielt hard song, og heller ikkje noko spesielt god song, slik at for min del kunne han godt vore erstatta av noko anna. Lydbiletet er prega av akustiske instrument, og det gjev godt rom til vokalisten Michael Stipe. Han dominerer plata, med ei stemme som påverkar, med ei stemme som verkar ekte og truverdig. Instrumenta er tona meir ned her enn på dei tidlegare platene, slik at tekstane kjem meir til sin rett. Det er flotte tekstar, som òg smyg seg innpå deg, med flotte bilete, flotte formuleringar, og flotte tema. Døden er overalt på denne plata, og kombinert med at bandet ikkje la ut på turné etter at plata kom ut, førte det til ei rekkje rykte om at Stipe hadde AIDS, og at dei fleste av songane var djupt personlege. Tekstliner som "I need something to fly over my grave again" (frå songen "Try Not To Breathe") eller "See you in heaven if you make the list" ("Man On The Moon") kan stå som to døme på dette, men der finst mange fleire. Her er gravferder, her er ein song om ein død skodespelar og ein om ein død komikar, og der døden ikkje er til stades, ligg det ein dåm av melankoli over heile plata. Ein god og varm melankoli.

Alt omslaget på plata er tiltalande. R.E.M. har jamt over gode omslag, og slik er det òg her. Mellom teikningar og abstrakte foto finst det flotte portrett av dei fire i bandet, fotografert av sjølvaste Anton Corbijn.

Plata er suverent oppbygd. Opningssporet "Drive", som er noko så uvanleg som ein singel utan refreng, set tonen. Forsiktig, forsiktig, lirkar songen plata i gang. Dei neste songane strekar under denne rolege grunntonen, før "Everybody Hurts" kjem som den fjerde songen. Det er ein uvanleg rørande og kjenslevar song, der stemma til Stipe omtrent kjem ut av høgtalarane og tek tak i dei som høyrer på. Songen fører til den fyrste toppen på plata, og klokt nok legg dei inn ein kort instrumental rett etterpå, her treng lyttarane ein liten pause. Godt og vel halvvegs i plata tenkjer du at dei kan ikkje halda dette nivået heile vegen ut, og det er omtrent her den malplasserte og middelmådige "Ignoreland" dukkar opp. Teksten er fin, han handlar om korleis republikanarane herja med USA i åra då Reagan og gamle-Bush var presidentar; Stipe omtalar dei som "these bastards", og tekstlina "how to walk in dignity with throw-up on your shoes" er rein klasse. Etter denne vesle nedturen viser R.E.M. kva dei er laga av, og tek plata til eit endå høgare nivå enn der dei var i starten. Dei tre siste songane, "Man On The Moon", "Nightswimming" og spesielt "Find The River" er usannsynleg flotte, og må vera ein av dei sterkaste utgangane av ei plate nokosinne. "Nightswimming" er pur nostalgi, der Stipe manar fram bilete frå ei uskuldig og utforskande ungdomstid, og i "Find The River" tømmer han ut resten av kjenslene han har i stemma si. Dette var altså plata eg sovna til i store delar av 90-åra, men viss eg framleis var vaken under denne siste songen, fekk eg så godt som alltid klump i halsen under det siste refrenget. Og så listar plata seg ut, like stille og forsiktig som ho tok til.

Kva skjedde etterpå? Dette var den eine plata der alt stemde for R.E.M. Svært få grupper held seg på eit slikt nivå heile tida, og for R.E.M. kom nedturen med den neste plata, Monster, som kom i 1994. Her dominerte dei elektriske gitarane igjen, det florerte med enkle tregreps-songar, og tekstane var ikkje like fengande og lett forståelege. Det magiske var vekke, og nye to år seinare trekte trommeslagaren, Bill Berry, seg ut av bandet. Som trio har bandet stort sett brukt tida på å gje ut plater det er lett å gløyma.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar