26. oktober 2010

Mad Men, sesong 2 (2008)

Eg ser lite på fjernsyn. Litt av di me berre har dei tre NRK-kanalane, litt av di det er mykje anna å gjera på. Eg veit òg lite om kva som går på NRK, det eg er best oppdatert på no for tida er ulike seriar i Barne-TV. Viss me ser fjernsyn, er det oftast med DVD-spelaren tilkopla.

I haust har me stort sett berre sett Mad Men. Det er ein uventa fengande serie, dagen etter at me var ferdig med sesong 1 tinga me den neste sesongen, og slik gjekk det òg denne gongen. Ferdig med sesong 2 i går, tinga sesong 3 i dag.

Svært mykje er bra med serien. Det er glimrande manus, med gode replikkar, passeleg mange konfliktar, og nok vriar i handlinga til at du ikkje ser kva som kjem. Serien handlar om reklamebyrået Sterling Cooper. Hovudpersonen er Don Draper, som er det kreative geniet i byrået. I denne sesongen vert han kasta ut heimefrå, av di kona hans har fått snusen i at han held på litt for mykje med litt for mange damer, og sjølv om han vert invitert heim att heilt mot slutten av denne sesongen, er det mest av di kona er gravid.

Også andre av dei tilsette har problem på heimebane. Pete Thompson, som kanskje er den personen det er vanskelegast å lika, men som òg er den personen som vert aller best framstilit, slit med fleire ting. Han og kona får ikkje ungar. Han vil ikkje adoptera, og det øydelegg tilhøvet både til kona og svigerfaren, som meiner at det viktigaste ein mann kan gjera er å gjera kona si lukkeleg. Thompson fortel difor Peggy Olson, ein av kollegaene sine, at han burde valt ho i staden. Ho svarar at det er uaktuelt, men legg like godt til at då dei hadde eit kort eventyr for nokre år sidan, vart ho gravid. Ho gav ungen vekk, truleg til syster si. Legg ein til nokre andre liknande historier, som at sjefen for heile firmaet forlet kona si av di han vil gifta seg med ei tjue år gamal jente, eller at ein av dei tilsette heilt ut av det blå står fram som homo, kan ein få inntrykk av at dette berre er ein vanleg såpeserie.

Det er det absolutt ikkje. Det er altså glimrande replikkar, det er eit manus som er fabelaktig oppbygd, og det er godt skodespel heile vegen. Det heile går føre seg tidleg i 1960-åra, og slik ser det òg ut, på alle måtar. Viss såpeseriar var som Mad Men, ville dei ikkje hatt noko dårleg rykte i det heile.

Guffen tilrår.

Meir Mad Men på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2007)
Sesong 3 (2009)
Sesong 4 (2010)
Sesong 5 (2012)
Sesong 6 (2013)
Sesong 7 (2014-15)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar