30. desember 2011

Marit Eikemo: Samtale ventar (2011)

Dette er ei fin bok. Hovudpersonen, Elisabeth Brenner, er ein journalist på attføring, og ho har fått eit oppdrag som verkar rimeleg overkomeleg. Ho skal reisa til Einvik, for å samla inn dialektprøvar for ein stipendiat på universitetet. For ein tidlegare journalist må det vera heller enkelt, det handlar stort sett om å kontakta folk, og få dei til å snakka om kva som helst i nokre minutt. Ho greier ikkje dette, tida går i staden med til å vera på Facebook, drikka, og å utsetja heile greia. Hadde Ivar Aasen vore like tafatt, hadde han aldri vorte ferdig.

Ho er altså på attføring, og då boka startar verkar det som om ho er på veg opp. Slik er det ikkje, ho er snarare på veg nedover. I Einvik vert ho ein alle veit om, etter at ho vart intervjua av lokalavisa, og fleire lurer på kvifor det kan ta så lang tid å få gjort det ho skal. Dette likar ho dårleg, ho er heile tida oppteken av kva andre meiner om ho, og er redd for at dei får eit dårleg inntrykk av ho. Er ho heime hjå folk er ho altfor oppteken av seg sjølv. Og av bryllaupsbileta som heng på veggen hjå dei ho vitjar.

Ho får høyra mykje rart når ho snakkar med folk. Det er flott med bøker som tek uventa vendingar, og her kjem det ei slik då ho intervjuar ein lokal mann. Han fortel heilt uoppfordra om då han gjekk på ungdomsskulen, og forgreip seg på ei dauddrukken jente i klassen. Brenner er heilt ute av stand til å vri samtalen over på noko anna, ho skjønar at dette er eit opptak ho ikkje kan bruka, men ser ut til å gle seg over all slik informasjon. Ho kvir seg ikkje for å nemna det for andre, når ho får høyra at ein av karane i bygda er impotent, er det heilt greitt for ho å seia det vidare.

Eikemo skriv svært godt, og fortel heile historia på ein god måte. Brenner får ein stadig større omgangskrins i Einvik, og får stadig vita meir om fleire, men me som les boka får ikkje vita mykje om Brenner. Det kjem nokre hint om fortida hennar, men det er alt. Og det er bra.

Guffen tilrår.

Meir Eikemo på kulturguffebloggen
Mellom oss sagt (2006)
Samtidsruinar (2008)
Arbeid pågår (2009)
Alt inkludert (2015)

28. desember 2011

Edmund Austigard: Solskinsbussen (2011)

Eg har lese ei bok av Austigard tidlegare, Taxi for B.A. Beckstrøm - eller kunsten å danse på furu, og denne boka stadfesta det inntrykket eg fekk av han der: Han skriv godt, og han kan skapa humoristiske situasjonar, men han dreg dei ikkje langt nok ut. Der eg ventar at dette var ein slags introduksjon til noko retteleg morosamt, viser det seg i staden at det var alt.

Ta til dømes ein scene tidleg i denne romanen. Me er i 1944, og fire personar hoppar ut i fallskjerm ein stad over Ryfylke. Dei landar alle i ei våt myr, der dei vert ståande fast til livet. Ein glimrande situasjon, slik eg ser det, og ein situasjon Austigard kunne gjort langt meir ut av. I staden kjem dei seg laus relativt raskt, i alle fall tre av dei.

Det finst nokre liknande døme i boka. Austigard er langt betre når han skriv alvorleg. Den namnlause eg-forteljaren i boka har budd nokre år i USA, men kjem no heim for å vera med i krigen. Han har òg ei høne å plukka med dei velståande naboane frå oppveksten, der har i ei årrekkje vore ein grensetvist, noko som truleg skuldast at naboane veit at der ligg verdfulle mineralar i området dei kranglar om. Naboane er like godt tyskarvenlege, men når freden er like rundt hjørna, reknar hovudpersonen med at naboane kjem til å endevenda heimgarden hans, for å finna eit brev som stadfestar at faren faktisk betalte ned heile gjelda, og at halve mineralområdet difor er hans.

Eg-personen er altså heimvend norskamerikanar, og han funderer mykje på alt som har endra seg dei 16-17 åra han har vore borte. Det er her Austigard er best, han skriv godt om det å høyra til ein stad, og om korleis kjærleiken og nærleiken til denne staden kan verta større når ein er langt vekke.

Guffen er lunken.

Meir Austigard på kulturguffebloggen:
Jarl Austigard og Edmund Austigard: Jakta på bjednekniven (2009)

26. desember 2011

Per Petterson: I kjølvannet (2000)

Me budde nokre år midt i Volda sentrum. Tvers over vegen, eller gata, låg Haugen bok, ein finfin bokhandel. Ei av dei gode sidene deira var at dei alltid hadde lagersal i kjellaren. Der var sjølvsagt mykje skvip, der låg alltid ein førti-femti ulike kokebøker, men der var òg mange godbitar. Eg fann denne boka i kjellaren der. Eg har sans for Petterson, men boka har likevel fått stå i fred fram til no.

Hovudpersonen i boka, Arvid, ser ut til å vera i slekt med Petterson. Han er forfattar, og har nyleg fått fleire slag. Sambuaren har teke med seg dei to døtrene deira og flytta frå han, og det verkar som om han har forbod mot å treffa dei. Verre er det at han nyleg har mist foreldra då ein danskebåt kom i brann. Namnet på båten vert aldri nemnt, men ein skal vera bra historielaus om ein ikkje får assosiasjonar til Scandinavian Star. Petterson miste fire familiemedlemmer då den båten brann, mellom anna foreldra.

Det sentrale i boka er korleis Arvid prøver å reisa seg etter alt som har skjedd. Han er langt nede i opninga av boka, men reiser seg gradvis. Han finn seg (truleg) ein ny kjærast. Han slettar alt han har skrive, og tek heller utgangspunkt i nokre nye og glitrande avsnitt han har skrive. Boka sluttar difor heller optimistisk, han har òg fått eit nærare forhold til bror sin, den einaste familiemedlemmen han har igjen.

Boka har ein fin tittel. Arvid er i ei rekkje kjølvatn - det spelar sjølvsagt på båtulukka, men handlar òg om korleis han på sett og vis er i sitt eige kjølvatn, han prøver å ta seg sjølv igjen, å finna attende til det livet han hadde før. Og det handlar ikkje minst om forholdet mellom Arvid og faren. Dei var ulike, og hadde ikkje noko nært forhold, men det er heilt tydeleg at Arvid saknar faren, og at han gjerne ville ha kjent han betre. Han drøymer om faren, og han snakkar om han rett som det er.

Guffen tilrår.

Meir Petterson på kulturguffebloggen
Aske i munnen, sand i skoa (1987)
Ekkoland (1989)
Det er greit for meg (1992)
Jeg forbanner tidens elv (2008)
Jeg nekter (2012)

23. desember 2011

Jackie Brown (1997)

Denne filmen avslutta VHS-festivalen. Ei heilt grei avslutning, men ikkje noko meir.

Ordell Robbie (Samuel Jackson) er småkriminell, og får hjelp av flyvertinna Jackie Brown (Pam Grier) til å smugla pengar frå Mexico til USA. Politiet finn ut kva som skjer, men har ikkje prov som kan knyta Robbie til pengesmugling og våpenhandling. Brown foreslår at ho kan lokka han i ei felle, men planlegg samstundes å lura politiet, slik at ho kan stikka av med alle pengane sjølv. Det går sånn nokolunde etter planen, både Robbie og eit par andre misser livet, medan politiet under tvil bit på dekkhistoria til Brown.

Filmen er regissert av Quentin Tarantino, og det er ikkje den beste filmen hans, dette. I andre filmar er dialogen langt betre, her er det meir på det jamne. Det er òg rimeleg opplagt kva som kjem til å skje, her er ingen store uventa vendingar. Skodespelet er derimot bra, både Jackson og Grier er gode, og Robert DeNiro glitrar òg som den tafatte og dumme medhjelparen til Robbie. Musikken i filmen er òg glimrande.

Guffen er lunken.

Meir Tarantino på kulturguffebloggen
Pulp Fiction (1994)
From Dusk till Dawn (1996)
Kill Bill 1 (2003)
Kill Bill 2 (2004)
Inglorious Basterds (2009)
Django Unchained (2012)
The Hateful Eight (2015)

21. desember 2011

Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet (2011)

Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet, skriven av Johan Harstad, er ei av dei nyare norske bøkene eg har likt best. Eg såg difor fram til denne fjernsynsserien, og eg vart ikkje skuffa.

Den viktigaste grunnen til det er Pål Sverre Valheim Hagen. Han har hovudrolla som Matias, og det er eit så til dei grader vellukka val. Han er Matias, han spelar så bra at det er vanskeleg å tenkja seg nokon som kunne gjort det betre. Matias er ein tafatt kar, litt redd for å prøva noko nytt, han søkjer etter det trygge, og gøymer seg bak si eiga oppfatning av Buzz Aldrin: ein mann som var glad og lukkeleg over å vera nummer to. Alle kan ikkje vera nummer ein.

Matias vil gjerne at livet berre går vidare. Han har ingen store ambisjonar - sjølv om alle veit at han har ei fabelaktig songstemme, har han ikkje lyst til å syngja. Han gjer det likevel tre gonger. Ein gong på ein ungdomsskulefest, ein gong på båten til Færøyane, og, heilt til slutt i serien, på ein konsert på Færøyane. Han reiste til Wikipedia saman med bandet Perkleiva, det skar seg på båten over, og han vart verande der eitt år, i ein lettare improvisatorisk psykiatrisk institusjon. Her finn han seg til rette, han har minimal bruk for psykisk hjelp, men ser at han her kan leva eit anonymt liv. Ein snartur tilbake til Noreg gjer han berre tryggare på at han ikkje kan vera der. Han returnerer til Færøyane, og der går det betre. I alle fall tilsynelatande, filmen sluttar med at Matias og fem-seks andre legg ut på båttur til Karibia, og det er langt frå sikkert at dei når målet. Der den eigentlege Buzz Aldrin hadde eit svært NASA-apparat i ryggen, har Matias og reisefølgjet hans berre seg sjølve.

Det er ein fin serie. Det er ikkje som i boka, sjølvsagt, men det er likevel mykje fint. Noko av det beste er filminga, som er smakfull og god. Her er heile tida flotte fargar, av og til ser det heile kunstig ut, som om dei held til i ei drøymeverd. Og Valheim Hagen er her heile tida - han er med i omtrent kvar einaste scene, og han briljerer altså.

Guffen tilrår.

Meir Harstad på kulturguffebloggen
Herfra blir du bare eldre (2001)
Ambulanse (2002)
Hässelby (2007)
Darlah (2009)
Osv. (2010)

Motorpsycho. Blissard (2012)
Manifest for folk flest. Hvem vi er og hva vi gjør (2013)

18. desember 2011

The Truman Show (1998)

VHS-festivalen held fram. Ting tyder på at det berre er ein film att på programmet etter denne, men ein veit jo aldri.

Denne er uventa bra, spesielt når ein tenkjer på at Jim Carrey har hovudrolla. for ein gongs skuld har han fått beskjed om å vera skodespelar, i staden for å vera ein nisse som skal gjera rasande festlege grimasar heile tida. Han spelar Truman Burbank, som heile livet har hatt hovudrolla i eit realityshow. Livet hans vert vist nonstop på ein eigen fjernsynskanal, og alle rundt han er skodespelarar. Han bur i eit enormt fjernsynstudio, med hus og natur og himmel og hav. Gradvis skjønar han at alt ikkje er som det er, trass i at både kona og bestevenen prøver å overtyda han om at alt er OK. Til slutt har han likevel fått nok, og prøver å koma seg vekk utan å verta oppdaga av dei tusenvis av kamera som står rundt om i byen.

Kvifor vil folk vera med på realityshow? Og viktigare - kvifor orkar folk å sjå på det? Det kunstige i det heile vert understreka av kulissane i byen Truman bur i. Det er så nymåla og reint og sterilt at det heile minner om Celebration, denne Disney-byen i Florida der alle farar i det amerikanske samfunnet er luka vekk. I filmen er alle kikkarar, det mest interessante er korleis det går med Truman. Spesielt når han prøver å flykta sit folk som fjetra, og det er som det skal vera når filmen sluttar med at to som har sett på serien uttrykkjer glede over at Truman kjem seg ut, før den eine spør "ok - kva skal me sjå på no"?

Guffen tilrår.

Klaus Langen: Ivar Mortensson Egnund (1957)

Ivar Mortensson-Egnund var ein av dei mest fargerike målmennene rundt det førre hundreårsskiftet. Han var på god fot med mange av dei andre store målmennene som då levde, og var aktiv på mange område. Han var i seks år redaktør for den svært viktige avisa Fedraheimen. Han gav ut fleire diktsamlingar, og skreiv òg skodespel. I godt vaksen alder utdanna han seg til prest, og arbeidde som prest nokre år, før han brukte det meste av tida si på skriving og omsetjing. Sjølv om han var prest, stod han i religiøse spørsmål eit stykke frå den norske kyrkja, og kan gjerne omtalast som mystikar. Og han var anarkist, han skreiv mykje og ofte om anarkismen, hadde god kontakt med anarkistar i andre land. Bokkafeen på Uffa i Trondheim, Ivar Matlaus, vart kalla opp etter Mortensson-Egnund.

Alt dette, og meir til, står det om i denne biografien. Det burde likevel stått mykje meir. Det er ein heller kort biografi, Langen skriv i eit føreord at han har omarbeidd magisteravhandlinga si til ei folkebok. Kor mykje han har kutta ut veit eg ikkje, men han skriv at han har fjerna alle kjeldetilvisingar, og det er sjølvsagt ein stor minus. Boka burde òg hatt register.

Boka er litt rotete, og kunne gjerne vore langt betre strukturert. Spesielt i kapitla om presten og mystikaren Mortensson-Egnund er det lett å detta av, her verkar det som om Langen anten ikkje har stor nok kunnskap om desse felta, eller som om han ikkje evnar å presentera det på ein folkeleg og forståeleg måte.

Boka kom i serien "Norske biografiar". Tre av dei andre biograferte i denne serien, Blix, Løland og Støylen, har nyleg fått store og (tidvis) solide biografiar. Nokon burde skriva ein ny og grundig biografi om Mortensson-Egnund, og for så vidt om Rasmus Steinsvik, den femte biograferte i denne serien. Inntil vidare er dette den einaste biografien om Mortensson-Egnund. Her er mykje som kunne vore gjort annleis, men her er òg mykje som ikkje står annan stad. Boka er såleis ikkje utan verdi.

Guffen er lunken.

15. desember 2011

Snow Falling on Cedars (1999)

Under den lange USA-ferien i 1988 var eg innom mange museum. I eitt av dei, som eg for lenge sidan har gløymt namnet på, og som eg ikkje eingong hugsar kvar låg, var det ei utstilling om korleis japanske amerikanarar vart internerte i konsentrasjonsleirar under den andre verdskrigen. Dette var heilt nytt for meg, og folk eg snakka med sa òg at det var relativt underkommunisert i USA. Konsentrasjonsleirar var noko dei andre, altså tyskarane, dreiv med.

Tilhøvet mellom japansk-amerikanarar og andre amerikanarar dannar bakteppet for denne filmen, som var vist som ein del av VHS-festivalen i den høgst lokale filmklubben. Historia er godt oppbygd, og vert òg fortalt, eller avdekka, på ein finfin måte.

Det heile går føre seg i eit lite fiskarsamfunn i Washington, nordvest i USA. Carl, ein fiskar vert funnen drukna, og med eit sår i hovudet som kan skuldast eit slagvåpen. Den japansk-amerikanske naboen hans, Kabuo, som hadde fiska i det same området den same natta, vert arrestert, mistenkt for å ha teke livet av han andre, og filmen handlar om dei dagane rettsaka varer. Innimellom kjem det mange og lange tilbakeblikk som gradvis viser oss forhistoria. Japanske innvandrarar kunne ikkje eiga jord i Washington, men far til Kabuo fekk likevel munnleg tilslag på eit gardskjøp. Eigedommen skulle førast over på Kabuo då han vart myndig, men kjøpesummen var ikkje heilt nedbetalt då krigen braut ut, og familien vart integrerte. Det mangla berre to avdrag, men då seljaren døydde annulerte kona hans handelen, og selde garden til nokre andre. Denne selde igjen eigedommen vidare til Carl, slik at det var lett å tenkja seg kva motiv Kabuo hadde for å ta livet av Carl.

I rettssaka fortalde kona til Kabuo at Carl ikkje hadde vore uviljug til å selja delar av garden til Kabuo. Natta Carl drukna var det tjukk skodde, og etter at Kabuo hadde hjulpe Carl med eit reservebatteri hadde Carl sagt at det skulle ordna seg med handelen. Dei sa likevel ikkje noko om dette til nokon, dei ville venta til alt var formalisert.

Ishmael, den lokale aviseigaren, var tidlegare kjærast med kona til Kabuo. Ho braut med han, av di det var vanskeleg å ha ein ikkje-japansk kjærast. Han har ikkje kome over dette. Han sit med løysinga på kva som skjedde med Carl den natta han døydde, men bruker lang tid på å finna ut om han skal stå fram med det han har funne ut.

Filmen er glimrande filma. Bileta er flotte, dei bruker naturen i området glimrande, og har òg mange flotte kameravinklar. Det heile går føre seg i eit roleg og fint tempo, der kameraet flyttar seg sakte, og musikken til filmen går òg i det same tempoet. Filmen er basert på ein roman av David Guterson. Boka er (som vanleg) langt betre enn filmen - midt i filmen kjem det nokre litt for lange tilbakeblikk som gjer at framdrifta vert litt for dårleg, men i resten av filmen er det altså mykje bra.

Guffen tilrår.

Meir Guterson på kulturguffebloggen:
East of the Mountains (1999)

12. desember 2011

The Color of Money (1986)

Den høgst lokale VHS-festivalen held fram, med ein ny film eg kjende frå før. For tre-fire år sidan var eg tredje hjulet på vogna på ein skulesekk-tur til Hareid, og der var det billegsal på gamle filmar. Eg trur det var der eg kjøpte denne, og nokre andre av filmane eg ser no for tida.

Det er ein heilt grei film. I 1961 hadde Paul Newman hovudrolla i The Hustler, der han spelte den unge og litt for ambisiøse biljardhaien Fast Eddie Felson, viss eg hugsar sånn nokolunde rett. Her er Fast Eddie eldre, og langt klokare. Han kjenner alle kodane, men har ikkje lenger godt nok syn til å spela godt. Ein kveld ser han Vincent spela biljard - Vincent er drivande god, men har òg eit altfor stort sjølvbilete. Felson ser mykje av seg sjølv i Vincent, og inviterer Vincent og kjærasten hans med på ei reise rundt i landet, for å læra han opp til å verta ein skikkeleg biljardhai. Det går berre sånn middels, Vincent er for dum til å læra ting skikkeleg, og etter at Vincent endå ein gong har ignorert råda frå Fast Eddie, vert det brot mellom dei. Dei møtest likevel igjen på ei stor turnering, der Fast Eddie slår Vincent i kvartfinala. Vincent fortel etterpå at han tapte med vilje, og at han hadde sett mykje pengar på at Fast Eddie skulle vinna. Dette tek Newman ille opp - målte var å gjera Vincent opp til å verta biljardhai, men akkurat dette gjekk på æra laus.

Det er komplett uråd å lika Vincent, som vert spelt av Tom Cruise. Han står i ein enorm kontrast til Fast Eddie, som er trygg, stø og rimeleg rettferdig. Her er ei rekkje fine scener, mellom anna med mykje god filming frå biljardbuler. Mykje av dette, kanskje heile filmen, burde vore i svart/kvitt.

Guffen tilrår.

Meir Scorsese på kulturguffebloggen
No Direction Home (2005)
George Harrison. Living in the Material World (2011)

11. desember 2011

Psycho (1960)

VHS-spelaren er altså på veg ut, og eg ser gjennom nokre videofilmar før spelaren tek heilt kvelden. Eg tok med meg fem-seks filmar inn frå gamlahuset i går, og bad Aslak (6) velja film for meg. Interessant nok valde han denne.

Eg har sett filmen før, for lenge sidan. Eg har sans for Hitchcock, men ser ikkje på denne som den beste filmen hans. Det minner for mykje om ein vanleg kriminalfilm, han byggjer ikkje opp den uhygga ein finn i dei beste filmane hans. Kanskje det kjem av at eg har sett han før, men eg trur ikkje det er einaste grunnen.

Filmen er bygd opp rundt fantasiane til Norman Bates, som ikkje har takla at mor hans tok sjølvmord for ti år sidan, og som framleis oppfører seg som om ho var i live. Av og til vert han mor si, han kler seg ut som ho, og snakkar med seg sjølv. Han driv eit motell med få kundar. Marion Crane, ei ung kvinne som har stole 40 000 dollar frå sjefen sin, sjekkar inn på hotellet ei mørk og regnfull natt, og vert drepen av Bates. Syster til Crane hyrer inn ein privatdetektiv, og han finn ut at Crane budde på motellet. Detektiven vert òg drepen, men systera greier, saman med kjærasten til Marion, å overmanna Bates. Filmen sluttar med at ein psykiater forklarar korleis Bates er skrudd saman, og at ein film treng ei slik detaljert forklaring er ikkje eit spesielt godt teikn.

Guffen er lunken.

Meir Hitchcock på kulturguffebloggen
Dial M for Murder (1954)
Vindu mot bakgården (1954)
North By Northwest (1959)
The Birds (1963)

10. desember 2011

"Kven skal læra han Ivar å lesa?" (Voss kulturhus, 10.12.11)

Eg var djupt skeptisk til dette, og vart diverre ikkje spesielt overraska.

I utgangspunktet er eg sjølvsagt positivt innstilt til arrangement om Ivar Aasen, og det er bra at Lesehug arrangerte eit program om han. Det er ikkje noko løyndom at eg set Aasen og arbeidet hans høgt, og eg kan godt høyra folk snakka varmt om han. Det vert sjølvsagt meir interessant om dei kan koma med noko nytt, om dei kan sjå livet eller arbeidet hans frå ei ny og anna vinkling, men er det gode foredragshaldarar kan det godt vera lite nytt.

Her var det lite nytt. Rut Tellefsen snakka i rundt ein time om Aasen, og med to unntak var det berre gamalt nytt. Berre to gonger kom ho altså med eigne vurderingar, og dei vurderingane var i tillegg heller skrale. Ho opna med det mora skal ha sagt då ho låg for døden - kven skulle no læra han Ivar å lesa? Han var tre år gamal, og Tellefsen kvir seg ikkje for å tolka dette som at Aasen alt då viste at han var ekstremt oppegåande, og at mora var redd for at han ikkje skulle få brukt evnene sine. Viss det nokon gong vart sagt, kan det like godt tyda at ho visste at det var lite skulegang som venta, og at ho visste at han ville ha nytte av gode kunnskapar om lesing og skriving. Men i og med at skrive- og lesekunne var ålment utbreitt tidleg på 1800-talet, er det rart at ho var så uroleg for at han ikkje skulle læra det. I alle fall viss ho meinte at han var oppvakt.

Det hadde knapt gått eitt minutt før Tellefsen fortalde om korleis ho hadde fått interesse for Aasen: Ho hadde kome over boka Ivar Aasen i kvardagslivet, av Anders Hovden. Det er ei lita bok, med nokre fakta, mange anekdotar, og mange varme takkar til Aasen, som gav Hovden mykje økonomisk støtte då Hovden var fattig bondestudent. Tellefsen tek alt Hovden seier for god fisk, og kvir seg ikkje for å bringa alt ukritisk vidare. Det er gale nok, men verre vert det når ho mot slutten fortel at ho på eit bibliotek kom over boka Ivar Aasens kropp, skriven av ein kar med eit engelsk namn. Det er tydeleg at Stephen Walton var heilt ukjent for henne, ho funderte på om han kunne vera engelsk, og måtte sjekka på Wikipedia. Ho vitsar med boka hans, ho sa fleire gonger at boka var på 799 sider, og det var heilt tydeleg at ho meinte at så tjukke bøker var noko drit. Dessutan var det så rar kapittelinndeling i boka, Walton opnar med eit kapittel om føtene til Aasen, og arbeider seg oppover. Og det var eit rart sitat i innleiinga, Walton meinte at boka var sympatisk innstilt til Aasen, men ikkje til Aasen-kulten. Jaja, så veit me det, sa Tellefsen, og rista på hovudet.

Det kan henda at eg er heilt utanfor målgruppa til Tellefsen. Eg drog snittalderen kraftig ned, og mange av dei rundt meg smilte og lo av det ho sa. For meg var ho heilt utan komisk talent, i det heile var ho uventa dårleg på talarstolen. Når ho siterte frå Hovden (eller andre) gjorde ho v-teikn med begge hendene, før og etter sitatet. Dette skulle truleg illudera hermeteikn, og kan til nød passera - verre var det at ho av og til like godt stakk ein finger i lufta for å teikna spørjeteikna i sitata.

Ho la seg altså rett opp i senga til Hovden. I dette foredraget var Aasen ein lite sosial pusling som ofra seg for målsaka, ein som eigentleg ville ha gifta seg og hatt familie og levd eit heilt anna liv, men som ofra si eiga livslukke for at landet skulle få sitt eige språk. Ho kunne ha gått annleis til verks, og då tenkjer eg ikkje berre på at ho burde brukt Walton og Djupedal og Venås, og kanskje andre av dei som nyleg har skrive om Aasen. Ho kunne ha hatt eit langt betre strukturert manus, der ho gjerne kunne ha fletta inn nokre eigne observasjonar og tankar. Og ho burde ikkje vore like fiksert på å fletta inn referansar til Ibsen og Hamsun og Ole Bull og Edvard Munch og Wergeland og alle dei andre. Aasen står godt på eigne bein; det gjorde ikkje dette programmet.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Ivar Aasen på kulturguffebloggen
Garborg, Hovden, Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)
Handagard: Ivar Aasen (1956)
Grepstad: Historia om Ivar Aasen (2013)
Aasen: Symra (2013)

Meir Hovden på kulturguffebloggen:
Anders Hovden: Attersyn (1943)

Meir Lesehug på kulturguffebloggen:
Vidare enn Voss. Johannes Gjerdåker 75 år (Voss kulturhus, 15.9.11)
Johannes Gjerdåker-kveld (Voss kino, 24.1.14)

The Unknown Marx Brothers (1993)

Gode grunnar til å sjå akkurat den filmen: VHS-spelaren syng på det aller siste verset, og der ligg ei øskje med til dels ubrukte VHS-filmar i gamlahuset. Filmane i den øskja ser ut til å vera høgst ujamne, men denne filmen var i alle fall verdt å sjå.

Filmen tek oss med gjennom heile karriera til Marx-brørne. Det vert som ei amerikansk suksesshistorie, dei veks opp i fattigdom i New York, og endar opp som velståande skodespelarar i California. For nokre (få) av oss er det meste her kjend frå før, men det som gjer filmen sjåverdig er at her er ei mengd ukjende klipp, stort sett frå fjernsyn. Filmen handlar lite om Zeppo og Gummo, det er dei tre andre som viser best att, og på fjernsyn er dei løgnare enn på filmane. Alle tre improviserer glimrande, og ikkje minst viser dei at dei har suveren kontroll på kva som er morosamt.

To timar med ein smilande munn, og av og til ein rungande latter. Det einaste minuset er at filmen stoppar litt brått.

Guffen tilrår.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)

Bøker
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks (1961)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012)
Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014)
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)

8. desember 2011

The Last Place On Earth (1985)

Denne fjernsynsserien, som eg trur eg såg litt av midt i 80-åra, handlar om kappløpet mot Sydpolen. Dei to hovudaktørane, britiske Robert Falcon Scott og norske Roald Amundsen, kom inn i kappløpet på heile ulikt vis. Scott var heile tida open om kva han ville, medan Amundsen ikkje gjorde det kjent at Sydpolen var målet hans før etter at han hadde reist frå Noreg. Scott hadde vore langt inne i Antarktis før, for Amundsen var dette nytt land. Scott trudde på dei engelske metodane, som stort sett var å gå til fots; Amundsen samla kunnskap hjå eskimoar på Grønland. Scott la planar undervegs; ekspedisjonen til Amundsen var planlagt i detalj.

Serien handlar mykje om dette, altså om motsetnadene mellom dei to. Av og til vert det for tydeleg. Scenene frå overvintringa i Antarktis, altså perioden før sjølve turen mot Sydpolen tok til, viser dette godt. I den britiske leiren spelar dei fotball og leikar seg; i den norske leiren arbeider dei heile tida for å gjera utstyret betre. Under turen til Sydpolen går det gradvis opp for Scott at det hadde vore lurare å lært seg betre skiteknikk, å bruka hundar i staden for hestar, og å leggja inn langt større marginar. Amundsen hadde skjønt dette - han brukte hundar, hadde med seg fire kompetente skiløparar, og hadde store marginar i matrasjonane. Legg til at han hadde langt lettare sledar, langt betre utstyr, og det vert heller tydeleg kvifor det gjekk som det gjekk. Amundsen kom fram ein månad før Scott, og overlevde turen. Scott kom fram, men alle fem i polpartuet hans døydde på heimvegen.

I etterkant presenterte Amundsen turen som ein grei ekspedisjon. Den siste veka Scott levde låg han verfast i teltet, og han brukte denne tida på å skriva brev til familie og hjelparar. Han skreiv òg eit brev til ålmenta, der han streka under at grunnen til at alt gjekk gale var det dårlege veret. Han la til at alle på ekspedisjonen hadde oppført seg eksemplarisk, og hadde, som gode patriotar, gitt alt for at det britiske flagget skulle plantast på Sydpolen. Denne teksten var med å gjera Scott til ein britisk nasjonalhelt, medan Amundsen til dels vart sett på som ein inntrengar og ein juksemakar - han hadde omtrent stole Sydpolen frå Scott, ved hjelp av hundar.

Serien byggjer på ein dobbeltbiografi Roland Huntford skreiv om Scott og Amundsen. Han er langt meir kritisk til Scott enn det andre hadde vore, og slik er det òg i serien. Scott framstår som blind - han er i Noreg og ser kor fort folk kan gå på ski, men ser ikkje at han bør læra seg dette. Han får beskjed om at hestane som er kjøpte i Sibir er gamle, dårleg og ubrukelege, men høyrer ikkje på det. Han ser at det går langt raskare med hundespann, men vil ikkje bruka det sjølv. Han har planlagt det siste stykket mot Sydpolen med matrasjonar og telt for fire personar, men finn i siste augneblink ut at han vil ha med ein femtemann. På veg attende slit dei seg ut - dei et for lite mat kvar dag, men likevel insisterer han på å stoppa for å samla inn steinprøver, og på at dei skal ha med seg desse steinane heile vegen. Saman med dei to andre overlevande døyr han altså i teltet sitt, atten kilometer frå det neste depotet.

Det er ein god serie. Alle nordmenn vert spelt av norske skodespelarar, og dei fleste av desse snakkar Thor Heyerdahl-engelsk, slik at det aldri er vanskeleg å sjå kva leir det vert filma frå. Sverre Anker Ousdal er god som den litt innestengde Amundsen, Martin Shaw er betre som den falske, usikre og til dels feige Scott, og Toralv Maurstad er endå betre som Hjalmar Johansen - den røynde polfararen som fortalde Amundsen at han var ein dårleg leiar, og som difor vart vraka frå firemannslaget som skulle følgja Amundsen til Sydpolen.

Guffen tilrår.

Meir polar på kulturguffebloggen
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)

29. november 2011

Rosemary M. Magee (red.): Conversations with Flannery O'Connor (1987)

Flannery O'Connor er, slik sikkert eg har skrive før, ein av forfattarane eg set høgast. Aller best er ho i novellene sine, der ho blandar djupt alvor med strålande komikk. I denne boka er det mange døme på begge delar.

O'Connor døydde i 1964, 38 år gamal, og var ei av desse som fekk meir merksemd etter at ho døydde. I denne boka har Magee samla alle intervjua som vart gjort med O'Connor. Det vert difor ein del repetisjon, i mange av artiklane kjem til dømes ein kort biografi - kvar ho var fødd, kvar ho studerte, og kvar ho bur no. Ho budde på ein gard utanfor Milledgeville, Georgia, saman med mor si og ein del fuglar. "I write every day for at least two hours, and I spend the rest of my time largely in the society of ducks."

Det er stort spenn i artiklane i boka. Nokre er reine spørsmål/svar-artiklar, gjerne gjort for skuleaviser. Her er spørsmåla heller enkle, men svara er, ikkje uventa, glimrande, til dømes klassikaren om den gongen ho fekk eit brev frå ei eldre dame som klaga på at boka til O'Connor "left a bad taste in her mouth". O'Connor skreiv tilbake og sa at "you weren't supposed to eat it". Andre artiklar er lengre og grundigare, og nokre artiklar er utskrift frå paneldebattar med andre forfattarar.

I desse lengre artiklar er det to merkelappar som jamleg vert klistra på O'Connor - ho er frå sørstatane, og ho er katolikk. Det ligg ofte i korta at dette kan vera med på å gjera bøkene hennar vanskelege for folk utan denne bakgrunnen. Ho svarar godt på desse spørsmåla, men vert etter kvart like lei av dei som eg vart av å lesa dei. Ein treng ikkje vera frå Odda for å lesa Frode Grytten.

Guffen tilrår.

Meir O'Connor på guffekulturbloggen
Brad Gooch: Flannery (biografi, 2009)
Wise Blood (film, 1979)

26. november 2011

George Harrison. Living in the Material World (2011)

Eg kjenner Beatles-historia godt, og har rimeleg god oversikt over kva McCartney og Lennon har teke seg til etter at bandet vart oppløyst. Eg veit mindre om livet til Harrison, og rekna med at denne filmen kunne gjera meg litt klokare.

Eg er sjølvsagt ikkje den einaste som kjenner Beatles godt, og det er den store utfordringa for ein som skal laga ein dokumentar om Harrison. Korleis kan ein fortelja om Harrison i 60-åra på ein ny måte? Martin Scorsese gjer det enkelt, han viser filmklipp, han spelar musikk, han let folk snakka om tida Beatles eksisterte, men han gjer det ikkje i detalj. Her er mange bilete og filmar eg ikkje har sett før, og han nyttar òg brev Harrison sende til foreldra som kjelde. I tillegg vert sjølvsagt det heile vinkla rundt Harrison. Ei rekkje personar fortel om Harrison, og det er dei ein kunne venta - McCartney, Starr, Pattie Boyd, Eric Clapton, enkja Olivia, sonen Dhani, Terry Gilliam og Eric Idle, og nokre til.

Det vert grundigare etter 1970. Her har Scorsese valt ut nokre sentrale hendingar i livet hans. Den fyrste soloplata (1970). Bangladesh-konserten (1971). Life of Brian (1979) og Handmade Films. Mordet på Lennon (1980). Travelling Wilburys (1988-90). Beatles-antologien (midten av 90-åra). Kreft (1997-2001). Knivangrep (1999). Årstala har eg funne på nettet, det er eit minus med filmen at ingenting vert tidfesta. Av og til, som i arbeidet med Beatles-antologien, må ein òg vita på førehand at det er grunnen til at Harrison brått er i same rom som McCartney og Starr. Innimellom desse sentrale hendingane er det litt religion, ørlite musikk, og ein del hagearbeid på Friar Park, godset der han budde.

Harrison var 28 år då Beatles vart oppløyst. Då hadde han alt brukt mykje tid på religiøse funderingar, og han var djupt religiøs det meste av livet. Han var overtydd om at det kom eit liv etter dette, og for han var døden berre eit avskil med den kroppen ein hadde på jorda. Etter knivangrepet i 1999 brukte han mykje tid på å førebu seg på akkurat dette, altså å ta farvel med sin eigen kropp og gå over i neste fase.

Han var seriøs og alvorleg, men hadde òg ekstremt god sans for humor. To dagar før Monty Python skulle ta til med filminga av Life of Brian ville ikkje EMI betala filmen. I mangelen på andre utvegar snakka Idle med Harrison, som sa at han skulle skaffa pengane. Det gjorde han ved å pantsetja godset sitt. Han var òg morosam, i to alvorlege situasjonar kom han med gode replikkar. Etter knivangrepet vart han boren ut på båre, og ved utgangsdøra til Friar Park stod to tilsette som berre hadde arbeidd der nokre dagar. Han kika på dei, og sa "how do you like the job so far?" Nokre veker før han døydde snakka han med Ringo Starr for siste gong, på eit sjukehus i Sveits. Harrison var svak, alle visste at han låg for døden, men Starr måtte likevel reisa, av di dottera skulle gjennom ein hjerneoperasjon på eit sjukehus i Boston. Det siste Harrison sa til Starr var "Do you want me to come with you?"

Så her er mykje godt, men eg hadde venta meg meir. Kanskje filmen rett og slett burde hatt ein forteljar, som oppsummerte og kom med nokre fakta histen og pisten, kanskje filmen burde vore mindre oppramsande. Eller kanskje det berre kom av at eg visste meir om livet til Harrison enn eg var klar over, her var ikkje så mykje nytt for meg.

Guffen er lunken.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewishohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)

Meir Scorsese på kulturguffebloggen
The Color of Money (1986)
No Direction Home (2005)

25. november 2011

The Apartment (1960)

C.C. Baxter arbeider i eit enormt forsikringsselskap. I god amerikansk ånd er han oppteken av å koma seg opp og fram, og har kokt saman ein lur plan: Han har ei fin leilegheit som han låner ut til avdelingssjefar i selskapet, slik at dei kan ta med seg uoffisielle damer dit. Han tek ikkje betalt for det, men reknar med at han får nokre plusspoeng som kan koma godt med seinare.

Slik går det òg, han vert tilrådd for opprykk. Problemet er at personalsjefen ikkje berre vert skeptisk til alle lovorda han har fått frå dei andre, han har i tillegg så stor kontroll over alt som rører seg i firmaet at han veit at Baxter låner ut ein nøkkel til dei andre. Han vil vita kva som skjer, og det endar med at han òg får tilgang til leilegheita, når han har bruk for det.

Alt går altså etter planen for Baxter, heilt til det viser seg at personalsjefen tek med seg ho heisdama som Baxter sjølv går og siklar etter. Det skjer seg heilt då ho, etter at personalsjefen har gått frå leilegheita, tek litt for mange piller. Ho overlever, men må halda senga nokre dagar, slik at leilegheita ikkje lenger vert tilgjengeleg for alle sjefane.

Det er ei historie med passeleg mange uventa vendingar. Gledeleg nok kjem det berre ei kort scene der Baxter prøver å skyfla andre ut av leilegheita, slik at dei ikkje skal sjå heisdama - dårlegare regissørar enn Billy Wilder kunne gjort for mykje ut av akkurat det. Det som ikkje er like gledeleg er at det som fungerte som god humor for femti år sidan ikkje lenger er løye. Når Jack Lemmon, som spelar Baxter, prøver seg på kreativ mimikk og liknande, er det meir pinleg enn morosamt. Shirley MacLaine er langt betre i rolla som heisdama.

Ein sånn midt på treet-film, med andre ord. Med litt innstramming, litt betre vitsar og betre skodespel kunne dette vorte langt betre.

Guffen er lunken.

21. november 2011

Tomas Espedal: Gå. (Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv) (2006)

Dette er den tredje boka av Espedal eg les det siste halve året, og eg vert berre meir og meir imponert. Bøkene hans er så velskrivne at det er ein fryd, fleire gonger merka eg at eg sat og smilte av dei gode setningane. Nokre gonger lo eg til og med litt - ikkje av di setningane var komiske, men av di dei var så gode.

Denne gongen handlar det mest om å gå. Det kan godt henda at det spelar inn at eg sjølv likar godt å gå, gjerne lange turar, og alle helst åleine, men eg trur ikkje det er noko føresetnad for å lika denne boka. Sjølv om han fortel om fleire lange turar han har vore på, er desse turreferata berre ei påskot for å skriva om heilt andre ting. Spesielt i den fyrste delen av boka viser han til kva andre forfattarar har skrive, både om gåing og om andre emne. I boka går han ikkje berre gjennom fjellheimen, han går like mykje gjennom litteraturen. Han går både i naturen og kulturen, viss det går an å skilja dei to.

Han fortel mykje om folk han møter, og kjem i snakk med. Desse held ofte, men ikkje alltid, til der han overnattar. Mest av alt skriv han likevel om seg sjølv. Kvifor likar han å gå? Kva tenkjer han på? Er det ein måte å unngå andre på? Er det ein føresetnad for å tenkja godt? I boka fortel han om fleire lange turar han har gått, og det er lange turar det er snakk om - han går frå Bergen til Sunnfjord (og turen stoppar ikkje der), han går i Mellom-Europa, og han går ein lang tur i Hellas og Tyrkia. Den siste turen var eigentleg ikkje planlagt, men han fekk eit brev frå vandrekameraten Narve, som var i Wien, og som inviterte Espedal med på nokre månader vandring i Hellas og Tyrkia.

Bøkene til Espedal verkar sjølvbiografiske. Kor mykje som er sant og kor mykje som er dikting veit eg ikkje, og det er heller ikkje så viktig. Det viktigaste for oss som les dei er at bøkene er gode, og det er bøkene til Espedal.

Guffen tilrår.

Meir Espedal på kulturguffebloggen
En vill flukt av parfymer (1988)
Hun og jeg (1991)

Biografi (glemsel) (1999)
Dagbook (epitafer) (2003)
Brev (2005)
Imot kunsten (2009) 
Litteratursymposiet i Odda, 2010

Imot naturen (2011)
Bergeners (2013)

Mitt privatliv (2014)
Året (2016)

16. november 2011

City by the Sea (2002)

Dette var vel ei slags naudløysing. Planen var å sjå ein medbrakt film, men sidan det var uråd å kopla ein dvd-spelar til fjernsynet på hotellrommet, gjekk me gjennom sendeplanane for kanalane som finst her, og samla oss om denne. Me rekna med at det var ein sånn halvgod film, og det stemde bra. Det som bergar filmen er skodespelet, Robert DeNiro er som vanleg glimrande. Manuset er knapt nok på det jamne.

DeNiro har hovudrolla som Vincent LaMarca, ein politimann med litt for mykje rusk i stamtreet. Heile vegen er det problem mellom far og son. Far hans vart henretta for eit barnemord då Vincent var liten. Sjølv flytta han frå son og kone då sonen var 14. Denne sonen er no narkoman, og han får difor ikkje sjå sonen sin. Det er altså endå ein film om fedre og søner, og det er ikkje måte på kor mange i filmen som har det slik.

LaMarca arbeider med ei sak der ein narkodealar er drepen. Det viser seg at son hans er hovudmistenkt, og LaMarca vert teken av saka. Han som får plassen hans snakkar om at han som ung flytta altfor mykje, sidan faren var yrkesmilitær, men at han sjølv no har slege seg til ro, sidan han nett har fått ein son. Og då parhesten til LaMarca, som kjem frå ein stabil heim, vert drepen, får me eit liknande tilfelle - den einaste variasjonen er at her er det ei dotter som bryt saman då ho innser at ho må leva livet utan far sin.

Så manuset burde altså vore langt betre. Der er nok av scener me har sett før, filmen går føre seg i New York, og både gatescener og politiscener og nattscener er gamle kjende. Mykje dreg altså filmen ned, men DeNiro dreg filmen opp. I opninga av filmen er han ein knallhard politimann, men etter kvart som han får kontakt med barnebarnet sitt (som han ikkje visste om), mor til barnebarnet (som han heller ikkje visste om), og med son sin (som han ikkje har sett på mange år), mjuknar han opp. Det ser så rett ut, det går nesten av seg sjølv, og det er han som er verdt å sjå her.

Guffen er lunken.

15. november 2011

Jarl Austigard og Edmund Austigard: Jakta på Bjednekniven (2009)

Rasmus Løland var ein stor barnebokforfattar. I haust har eg vore nokre veker i Ryfylke, mellom anna i nabolaget til Løland, og til denne siste veka i Ryfylke tok eg med meg denne boka. Ho er utgjeven med tilskot frå Rasmus Løland-markeringa, som like godt strekkjer seg over fem år.

Løland skreiv mellom anna forteljinga "Bjedne-kniven", som handlar om korleis Paal får ein kniv hjå Bjedne, som skal reisa til Amerika. Det er den finaste kniven Paal har sett. Han misser han ned i ein sprekk, og greier ikkje få han ut att. Han prøver andre kniver, men ingen er så gode som Bjednekniven. Eitt år seinare finn han kniven igjen, men vert skuffa då han ser at kniven ikkje er like flott som han trudde han skulle vera.

Denne forteljinga, og fleire andre, dannar eit bakteppe for Jakta på Bjednekniven. Det er ei heilt grei bok, retta mot born og unge. To familiar skal vera ei langhelg på Løland. Ungane vil helst leita etter Bjednekniven, som mormor til to av dei seier skal vera i ei stor ur like ved, men foreldra vil heller at dei skal sitja inne og spela dataspel. Ikkje uventa kjem dei seg ut, og ikkje uventa finn dei Bjednekniven i eit skrin langt inne i ura.

Før dei kjem så langt, har dei fire ungane oppført seg slik ungar skal. Dei er nysgjerrige, og spesielt Magnus, som får mest plass av dei fire, undrar seg over alt han ser, og har ein rik fantasi. Han er i slekt med ungane i bøkene til Løland, dei som mellom anna såg nashorn i skogen ved heimegarden.

Boka er altså skriven i Lølands ånd, med stadige tilvisingar til bøkene hans. Språket er til tider litt dialektfarga, og av og til dukkar det opp ord som er for vanskelege for lesarar som ikkje høyrer heime i Ryfylke.

Guffen tilrår.

Meir Austigard på kulturguffebloggen
Edmund Austigard: Solskinsbussen (2011)

Meir Løland på kulturguffebloggen
Olav Midttun: Rasmus Løland (1961)
Rasmus Løland: Sjølvbiografi (1988)

13. november 2011

Trygve Mathiesen: Norsk postpunk 1980-1985. Fra hardcore til a-ha (2011)

Dette er den fjerde boka til Mathiesen, trur eg, i alle fall den fjerde der han skriv om dei meir interessante delane av norsk musikk. Han har skrive to fine bøker om dei to konsertane Sex Pistols heldt i Noreg sommaren 1977, og ei bok om norsk punk fram til 1980. Denne boka held fram der den siste sluttar, og handlar om norsk postpunk fram til 1985. Diverre er ikkje boka like god som forgjengaren.

Den viktigaste grunnen til det er vinklinga Mathiesen gjev stoffet. Han var sentral i punkemiljøet i Oslo omtrent frå starten, han spelte i band, gav ut fanziner og kassettar, og har anten eit godt minne, eit godt arkiv, eller begge delar. Han har òg intervjua ei rekkje personar, slik at han har eit stort materiale å arbeida med. Det verkar likevel som om emnet vert for stort for han. Han får aldri heilt tak på det.

Det opnar heilt greitt, han skriv om korleis det var å vera punkar rundt 1980, og om punken vert gradvis hardare. Her presenterer han dei fyrste norske hardcorebanda, og eg tenkte at dette er ein god måte å gjera det på - å fletta bandpresentasjonar inn mellom meir generelle oversyn. Diverre stoppar dette opp, og rekkja med bandpresentasjonar stoppar opp. Det vil seia at lesarane til dømes får eit kort innblikk i historia til bergensbandet Fader War, komplett med oversyn over dei som var med. Fader War eksisterte i eit halvt år, spelte fem konsertar, og har med fem songar på ei samleplate frå Bergen. Andre langt meir sentrale band får ikkje denne handsaminga.

Nokre av kapitla i boka er altfor lange. I eit langt kapittel går Mathiesen detaljert gjennom ei rekkje døme på at postpunkband flørtar med totalitær estetikk. Grunnen er uklar, fleire av dei han har intervjua her seier at dette vart gjort for å sjokkera. Det kunne han ha sagt og vist på ti-tolv sider, i staden bruker han rundt sytti. I eit like langt kapittel skriv han om norske artistar som heldt konsertar i utlandet - her verkar det som om han har prøvd å få med absolutt alle slike. Også dette kapitlet kunne vore skore kraftig ned, og kapitlet om bistandskonsertane i Noreg og andre stader sommaren 1985 kunne like godt vore kutta heilt ut.

I staden for alt dette kunne han ha teke med langt meir relevant stoff. Han kunne hatt langt fleire bandportrett, slik han la opp til tidleg i boka. Han verkar veldig konsertorientert - han skriv om rockeklubbar og konsertar dei arrangerte, han skriv altså om konsertar norske band heldt i utlandet, og han kjem jamleg med fotnotar hentar frå eit konsertoversyn. Han skriv òg om plater og kassettar, men dette får langt mindre plass. Kvifor står det ikkje noko om dei viktigaste plateselskapa? Eller dei viktigaste kassettselskapa? Kor mange slike fanst? Kva med fanzinene? Og musikkavisene - kor viktige var dei? Kven var dei viktigaste journalistane der? Korleis kan han skriva om denne perioden utan å nemna sentrale journalistar som Geir Rakvaag eller Jan Arne Handorff? For oss som budde langt ute på landet var Nye Takter og Puls like viktige informasjonskjelder som fanziner.

Når Mathiesen har valt å ikkje ha for mange slike fakta i sjølve teksten, burde boka slutta med ein rein faktadel. Det hadde ikkje vore vanskeleg å få plass til dette, boka er sett med svært stort skrift, så viss ein ikkje ville auka sidetalet, kunne ein berre krympa skrifta ørlite.

Her er sjølvsagt mykje bra i boka òg, mellom anna mange gode bilete, men alt i alt vart dette ein stor skuffelse. Boka sprikar for mykje, Mathiesen burde ha samla trådane i eit sluttkapittel, og oppsummert dei fem åra han skriv om. I staden sluttar altså boka med eit kort kapittel om musikalske bistandsprosjekt. Denne perioden i norsk musikk hadde fortent ei langt betre bok.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Mathiesen på kulturguffebloggen
Banned in the UK (2010)
Sid's Norwegian Romance (2011)

8. november 2011

Erika Fatland: Englebyen (2011)

Englebyen er namnet på ein gravplass i Beslan, ein liten by i Nord-Ossetia i Russland. Her er 186 born og 147 vaksne, dei døydde alle under eit terroråtak mot ein skule i september 2004. Terroristane sympatiserte med Tsjetsjenia, ein av naborepublikkane til Nord-Ossetia, og etter at dei hadde halde meir enn tusen personar som gislar i ein skule i tre dagar, gjekk russiske spesialstyrkar til aksjon.

Det er krevjande å skriva berre eit så kort avsnitt som det over om hendingane i september 2004. Det er fort å ordleggja seg feil, sidan så mykje framleis er uklart. Det kjem godt fram i denne boka, der Fatland ikkje legg skjul på at ho har alle svara. Tidvis var det krevjande nok å stilla dei rette spørsmåla. Ho vitja Beslan to gonger, i 2004 og 2010, og snakka med innbyggjarane om det som hende. Der finst ei rekkje versjonar, og grunnregelen ser ut til å vera at ein må vera skeptisk til den offisielle versjonen.

Å få alle brikkene på plass, og å finna ut kva som hende og kven som gjorde kva, er likevel ikkje det viktigaste for Fatland. Det ser ut til å vera minst like viktig å finna ut korleis ein slik terroraksjon påverkar eit lite lokalsamfunn. Alle vart råka, alle miste nokon i åtaket. Det er fascinerande, for å bruka eit altfor forsiktig ord, å vera med Fatland gjennom byen. Innbyggjarane der taklar det heile ulikt, nokre har slutta å le, nokre flyttar inn på kyrkjegarden, nokre kjenner skuld for at dei ikkje handla annleis dei tre dagane, andre igjen er misunnelege på dei som fekk meir i erstatning. Ikkje uventa florerer det med konspirasjonsteoriar.

Fatland har bygd opp boka på ein glimrande måte, der ho vekslar mellom personlege møte med folk som var involverte, referat frå dei tre dagane, og glimt inn i historia i Kaukasus. Ho skriv heile tida i eit nøkternt og balansert språk, men ho treng ikkje heva røysta altfor mykje: Det ho skriv om gjer likevel inntrykk.

Guffen tilrår.

7. november 2011

Ragnar Hovland: Stille natt (2011)

Eg-personen i denne boka er ein forfattar som slit litt med skrivinga. Nokre av dei han snakkar med pøser på med anekdotar dei reknar med at han kjem til å bruka i den neste boka si, utan at han viser noko større interesse for akkurat det. Tidleg i boka står det: "Eigentleg er eg vel inne i ein slik periode no. Ideane kjem ikkje så lett som før, og av og til lurer eg på om eg har brukt opp - ja, tværa ut - det nokså avgrensa stoffet eg ein gong hadde. Også den, litt anstrengde, vil vonde tunger hevde, humoren eg ein gong var kjend for, ja, som rett og slette var varemerket mitt, er nærmast blitt borte."

Det er litt der eg er med bøkene til Hovland. Det var langt meir å le høgt av i dei tidlege bøkene hans, og alvoret har vorte meir tydeleg i dei siste bøkene hans. Boka opnar med to sitat, eitt av Elias Blix, og eitt av Lewis Carroll, og det er ofte innanfor desse emna - kristendom og norskdom, og humor - at Hovland held seg. Eg har altså hatt ei kjensle av at humoren har vore mindre dominerande i dei siste bøkene hans, men det kan henda at eg tek feil. I denne boka er det i alle fall nok å le av.

Eg-personen slit altså litt med å få skrive noko. I staden bruker han tida på å drikka, å anten vitja damer eller å tenkja på dei, og på å ha litt kontakt med delar av familien sin. Han er den nest eldste av i alt fem brør. Dei to yngste veit han ingenting om, men den eldste og nummer tre har han litt kontakt med, dei bur alle i Oslo. Han eldste er djupt asosial, og sit stort sett og ser på fjernsyn. Nummer tre er advokat, med familie og greier. Det er som regel noko reising i bøkene til Hovland, og eg-personen reiser to gonger til Vestlandet, ein gong for å vitja foreldra (og nokre damer), og ein gong for å ta med seg eldstebror sin på hyttetur, og for å vitja foreldra.

Det er det som er av handling. Eg-personen kikar ofte tilbake i eige liv, og kjem med gode historier frå fortida si, men boka handlar altså om ein periode då han ikkje fekk skrive mykje. Som portrett av ein lite produktiv forfattar er det ei grei bok, det som hevar boka opp er humoren. Det sprudlar igjen av språket til Hovland, her er ei rekkje glimrande setningar. Dialogane hans er som alltid svært gode, og det er altså nok å le av, men samstundes ligg det mykje alvor i botnen.

Eg-personen møter altså gamle kjende overalt. Han tenkjer òg tilbake på mange av dei han har møtt, og det slo meg at boka verkar som ein avskjedsroman, der eg-personen nyttar det siste høvet til å ta farvel med mange av dei han har kjend. Eg-personen har mange likskapstrekk med Hovland, men eg vonar ikkje at boka skal lesast altfor sjølvbiografisk. Eg koste meg med denne boka, og vil gjerne ha fleire nye bøker av Hovland.

Guffen tilrår.

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Halve sanninga (1997)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)

6. november 2011

Johan Harstad: Hässelby (2007)

Eg har sansen for bøkene til Johan Harstad, men denne boka var kanskje like forvirrande som god. Romanen kan minna litt om Buzz Aldrin, også her er hovudpersonen ein ung mann som reiser frå sin eigen kvardag. Her hamnar han rett nok i eit heilt anna utland - der hovudpersonen i Buzz Aldrin reiser til den færøyske landsbygda, reiser hovudpersonen her til storbyar verda over. Han er innom i Hong Kong, han bur ei stund i Paris, og etter eit langt mellomspel i heimbyen Hässelby reiser han til München.

Vendepunktet i livet til eg-personen, Albert Åberg, kjem då far hans døyr. Dei to har budd i lag, i eit liv og ein leilegheit Albert ikkje er spesielt nøgd med, og han kjenner seg letta då han får melding om at faren er påkøyrd i Sveavägen. Frå no av skjer det ei rekkje merkelege ting. Han ser folk som følgjer etter han, og han oppdagar at nokon har vore inne i leilegheita hans. Han vil snakka med bestevenen sin, som bur i same blokka, men der oppdagar han at heile leilegheita over natta er tæmt for absolutt alt. Han mistenkjer ein kar som òg bur i same blokka, men då han lurer seg inn der, stemmer absolutt ingenting - leilegheita har ei form som bryt med forma på huset, og innanfor ei låst dør høyrer han folk snakka på ei rekkje ulike talemål.

Ingen trur på det han seier, og han vert innlagt på sjukehus. Han flyktar til Arlanda, og flyg til München. Der møter han tilfeldigvis gamlekjærasten, som no er gift og har to ungar. Dei reiser til familiehytta hennar i Normandie, der han møter igjen ein mann som har følgt etter han gjennom heile boka. Mannen tek han med attende til Hässelby, og frå no av omtalar Åberg han som demonen. Åberg skjønar at dette er siste verset, men han utfordrar demonen til ein enkel balleik. Han tapar, og det var det.

Den vaksne Albert Åberg er ein person som fleire gonger får sjansen til å løysa problem, til å ordna opp i vanskelege spørsmål, men som sviktar kvar gong. Han er feig, han tek heile tida den enklaste vegen ut. Tilhøvet til faren er eit døme på dette, han ser at faren har behov for meir kontakt, men han kvir seg for å sleppa han lengre innpå seg. Tilhøvet mellom far og son, eller mellom foreldre og ungar, går igjen gjennom heile boka. Den yngre generasjonen møter eit samfunn i forfall, alt har rakna. Det svenske systemet har gått i oppløysing, idealet om folkhemmet, der alle skal med, er ikkje lenger dominerande. Det er i staden erstatta av eit kaldt samfunn, der folk ikkje har så mykje kontakt.

Harstad skriv som vanleg knakande godt, og gode setningar og god og uventa handling gjer dette til ei bok det går fort å lesa. Likevel, ei slik forteljing der det skjer ei rekkje utrulege og umiddelbart uforklarlege ting, føreset at alt vert forklara på ein truverdig måte mot slutten. Slik er det ikkje her, i alle fall ikkje for meg.

Guffen er lunken.

Meir Harstad på kulturguffebloggen
Herfra blir du bare eldre (2001)
Ambulanse (2002)
Darlah (2009)
Osv. (2010)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet (fjernsynsserie, 2011)

Motorpsycho. Blissard (2012)
Manifest for folk flest. Hvem vi er og hva vi gjør (2013)

3. november 2011

Joseph Conrad: Heart of Darkness (1902)

Ein båt glir ut frå London. Ein av mennene ombord, den røynde sjømannen Charlie Marlow, fortel om ein båttur han hadde oppover ei elv i Afrika. Det vert aldri sagt kva elv det er, men referansane til ein belgisk koloni tyder på at det er Kongo-elva.

I Kongo fekk Marlow i oppdrag å sigla opp elva, for å henta Kurtz. Han handlar med elfenbein, og har vore så lenge i jungelen at han må hentast ut att. Det greier Marlow, i alle fall nesten: På veg attende til sivilisasjonen døyr Kurtz.

Heile vegen oppover elva er det Kurtz folk snakkar om, og tenkjer på. Ved huset til Kurtz møter Marlow fyrst ein russisk mann, og det er ikkje måte på kor mykje ros Kurtz får frå russaren. For meg vart Kurtz ein mindre spanande figur etter at han sjølv dukkar opp - før det skjer, er han ein nesten gudeliknande person, i alle fall for dei som bur rundt han i jungelen.

Det er ei heller tynn bok, på rundt hundre sider. Det tek likevel litt tid å lesa ho, det er eit tungt språk, kanskje av di engelsk ikkje var fyrstespråket til Conrad. Han bruker mange lange setningar og mange lange avsnitt. Det er òg ei intens bok, som vert meir og meir klaustrofobisk jo lenger inn i jungelen Marlow og mennene hans kjem.

Guffen tilrår.

30. oktober 2011

Rasmus Løland: Sjølvbiografi (1988)

Midt i 1890-åra skreiv Rasmus Løland denne korte sjølvbiografien. Boka vart ikkje gitt ut medan han levde, men Martin Nag kom over manuskriptet og redigerte denne utgjevinga.

Det er altså ikkje noko omfattande verk, sjølve sjølvbiografien er på rundt sytti sider. Løland skriv kort om dei emna han er innom, og han hevar aldri stemma. Same kva han skriv om, går det i ein nøktern og roleg tone. Dei tre gjennomgåande emna er tilhøvet til familien og heimbygda, si eiga helse, og skrivinga.

Løland hadde lenge til dels store helseproblem. Han sleit med mykje, men for skrivinga sin del kan det ha vore tvangstankane som var dei verste. Det må ha vore gale nok at han ikkje kunne gå langs ein vegg, sidan han då kjende det som han fekk fliser i hovudet, det må òg ha vore gale at han alltid måtte gå på tvers av golvborda, men det verste må ha vore denne vidgjetne tråden han trudde kom ut av bakhovudet sitt. Han måtte passa på at han gjekk ut same døra han kom inn; gjekk han i skogen måtte han passa på at han gjekk attende nøyaktig same veg han gjekk fram, elles ville denne tråden vikla seg fast i trea.

Han greidde ikkje mykje kroppsarbeid då han budde på heimgarden, og brukte tida til å skriva. Han sleit også med dette, og fann ikkje heilt sin eigen tone. Det var ikkje før han las bøker av Arne Garborg og Jens Tvedt, og såg korleis dei brukte eit heilt folkeleg og enkelt språk, at han knekte koden. Då kom det ei lang rekkje bøker, kanskje for mange.

Guffen tilrår.

Meir Løland på kulturguffebloggen
Olav Midttun: Rasmus Løland (1961)
Austigard og Austigard; Jakten på Bjednekniven (2009)

Upperdog (2009)

Ein film der liva til fire unge personar vert vevde saman. To av dei fire, Axel og Yanne er halvsysken, men har ikkje hatt kontakt etter at dei begge vart adopterte av norske familiar. Maria, den polske veninna til Yanne, er hushjelp hjå foreldra til Axel, og oppdagar tilfeldigvis at Yanne og Axel må vera sysken. Maria og Axel får eit nært forhold, og det same gjer Yanne og Per, ein student som tidlegare har vore soldat i Afghanistan, og som slit med det han var med på der.

Historia er godt fortalt. Sara Johnsen har både regissert og skrive manus, og ho deler ikkje ut meir enn me treng. Skodespelet er godt, og det er forfriskande å sjå ein norsk film utan kjende skodespelarar i hovudrollene. Likevel engasjerer ikkje filmen noko større, kanskje det går for seint, kanskje dei fire karakterane ikkje er interessante eller spanande nok. Ein grei film, men ikkje noko meir enn det.

Guffen er lunken.

Meir Sara Johnsen på kulturguffebloggen
Han vet om noe hun kan prøve (bok, 2004)
Vinterkyss (film, 2005)

25. oktober 2011

Junot Diaz: Drown (1996)

Eg er ofte på farten med Runar, og han tilrår ofte bøker eller filmar eller andre ting. Av og til råkar han midt i blinken, som då han prakka på meg eit opptak med den glimrande komikaren Mitch Hedberg. Andre gonger er eg ikkje like imponert, som då han tilrådde ein dokumentarfilm om Bob Dylan. Han tilrådde denne boka sterkt.

Det er debutboka til Diaz. Her er ti noveller, som alle handlar om den same familien. Dei veks opp i Den dominikanske republikk. Faren har budd åleine nokre år i USA, men kjem attende og hentar dei andre. Forteljingane går føre seg over eit langt tidsrom, nokre handlar om tida før dei utvandra, andre ser ut til å gå føre seg minst femten år seinare.

Alle novellene er ikkje like gode. Dei kortaste novellene gav meg lite, medan dei lengre var langt betre. Best likte eg den siste (og lengste), der det vert fortalt om dei åra faren budde åleine i USA. Korkje her eller i dei andre USA-novellene er det mykje som vitnar om at dei fekk det livet i velstand dei søkte. Dei held til på botnen, det er usikre jobbar og heller lite pengar, det er eit liv litt på utsida av lova, og det er eit liv med mykje vald. I motsetnad til den tidlege innvandringa frå Europa kjem desse innvandrarane til eit land der det ikkje er like lett å koma seg opp og fram.

For meg var dette altså ei midt på treet-bok. Det irriterer òg at han, truleg for å gjera språket meir autentisk, bruker mange spanske ord og uttrykk. Nokre av dei er forklarte i ei kort ordliste til sist i boka, men langt frå alle. Her er likevel mykje å gle seg over. Diaz har seinare gjeve ut ein roman som har fått mykje skryt, og så lenge dei lange novellene var dei beste, kan det henda at eg prøver meg på den ein gong.

Guffen er lunken.

Meir Diaz på kulturguffebloggen:
The Brief Wondrous of Oscar Wao (2007)

23. oktober 2011

Reprise (2006)

Eg ser ingen grunn til å leggja skjul på at eg hadde litt blanda forventningar til denne. Filmen har fått mykje skryt, men det har òg mange andre norske filmar, utan at det er det same som at dei er gode. For nokre veker sidan såg eg Sønner av Norge, for litt lenger sidan såg eg En ganske snill mann - begge filmane fekk mykje skryt frå kritikarane, begge var dårlege filmar.

Dette er derimot ein god film. Filmen er stilsikker, historia vert originalt fortalt, skodespelet er godt, og det mest gledelege er at det er debutfilmen til regissør Joachim Trier.

I filmen møter me dei to kameratane Philip og Erik. Filmen opnar med at dei begge sender inn bokmanus til eit forlag. Erik får avslag, men Philip får gitt ut ei bok, som får ein del merksemd. Han taklar ikkje alt oppstyret, og vert innlagt på eit psykiatrisk sjukehus. Han kjem ut att, men slit med å få alt på plass. Erik får òg gitt ut ei bok, men den vert slakta av dei fleste. Den einaste som gjev han skryt er forfattaren Sten Egil Dahl, ein av dei største heltane hans.

Filmen hoppar att og fram i tid, og mellom røyndom og fantasi, men heile tida utan at det er vansksleg å hengja med. Fleire gonger skjer ting omtrent slik det har skjedd før. Det mest opplagte er at Philip, etter at han kjem ut frå sjukehuset, tek med seg eks-kjærasten Kari til Paris, for å prøva å verta saman med ho igjen, på nøyaktig same måte som sist. Men også mange mindre episodar tek seg opp att - Philip og Erik leverer bokmanus, dei to er (kvar for seg) på bokprogram på NRK, og to gonger i filmen har bandet Kommune avskjedskonsert, for å nemna nokre.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Oslo, 31. august (2011)

18. oktober 2011

Tomas Espedal: Imot naturen (2011)

Tomas Espedal skriv glimrande bøker. Denne boka er så stilsikker, ho er skriven i eit suverent språk, der omtrent kvar setning er så rein, så heil. Det han skriv om verkar sjølvbiografisk, og han utleverer seg sjølv nådelaust.

Det er ei bok full av kontrastar. Han skriv om lukke, men òg om å vera ulukkeleg. Han skriv om fødslar og død. Han skriv om vaksne menn og unge kvinner. Han skriv om huset i heimbyen Bergen, han skriv om ting som skjer i Nicaragua og Italia. Teksten kan ta nye vendingar når ein ventar det som minst. Han skriv til dømes om då han og kona og dottera kjem attende til Noreg etter å ha vore i Nicaragua. Alt har ikkje vore bra der, men han har tru på at det skal verta betre. Dei kjem heim til ei kvit jul, og feirar jul hjå foreldra hans, saman med foreldra hennar og familien til syster hans. "Vi satt rundt det lange, dekkete bordet i stuen, spiste og drakk, min far holdt en tale, det var en vakker kveld, og da vi gikk fra hverandre den kvelden, gikk hele den store familien i oppløsning."

Mest skriv han om seg sjølv. Han fortel om eigne feil, om eigne redslar, mellom anna om korleis han er redd for å ikkje strekkja til. Før han flytta til Sunnfjord saman med kona si innsåg han at han var redd for kjærleiken. Den siste delen av boka handlar om tida etter at han igjen vart buande åleine, og om korleis han heile tida tenkjer på ho som flytta ut. "Det må være noe av det verste med å være ensom: å spise sammen med noen som ikke er der, hver eneste dag".

Ho som flytta ut den gongen var langt yngre enn forteljaren. Romanen opnar med at eg-personen fantaserer rundt eit bilete han har sett, eit bilete der ein maskekledd mann kviler ansiktet på brystet til ei yngre kvinne. Han går over til å skriva om Pierre Abelard, ein fransk filosof som levde for veldig lenge sidan, og som vart tvinga til å avslutta eit forhold til ei seksten år gamal jente. Espedal kjem fleire gonger tilbake til Abelard i romanen, ein stad spør han kva som ville ha skjedd dersom Abelard hadde vore lukkeleg heile livet. Ville han ha skrive bøker då? Han svarar ikkje rett ut, men det er nærliggjande å tru at han ser seg sjølv i same situasjon. Det ventar ulukker rundt kvar sving, og det er desse ulukkene Espedal bruker i skrivinga si.

Guffen tilrår.

Meir Espedal på kulturguffebloggen
En vill flukt av parfymer (1988)
Hun og jeg (1991)

Biografi (glemsel) (1999)
Dagbook (epitafer) (2003)
Brev (2005)
Gå. (Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv) (2006)
Imot kunsten (2009) 
Litteratursymposiet i Odda, 2010

Bergeners (2013)
Mitt privatliv (2014)
Året (2016)