22. februar 2011

Rio Bravo (1959)

Eg må visst innom Duck Soup igjen. Det er den einaste Marx-filmen der framdrifta i historia ikkje vert avbroten av musikalske innslag, og framdrifta vert heller ikkje hindra av at nokre bipersonar skal finna kvarandre. Då Marx-brørne skreiv kontrakt med MGM, tvinga Irving Thalberg inn romantiske bihistoriar, mest av di det ville vera med på å dra kvinner til kinosalane. Det var den einaste grunnen, filmane vart ikkje betre av det.

Slik er det òg i denne filmen. Det er ein heilt grei film, ikkje spesielt spektakulær, men heilt grei. John Wayne er sheriff i ein liten by i Texas. Saman med dei to assistentane sine, ein gamling med dårlege bein og ein noko yngre kar med store alkoholproblem (Dean Martin), held han vakt over bror til den leiande skurken i området. Wayne og dei andre står mot alle forsøk på å få broren ut av fengsel, heilt til Martin vert teken til fange. Dei gjer avtale om at fangane skal utvekslast, men etter nokre rundar med skyting der mange skurkar vert drepne, medan Wayne og hjelparane hans står att utan ei skramme, gjev skurkane opp.
Men oppi alt dette dukkar Angie Dickinson opp. Omtrent kvar gong spaninga tek seg litt opp, kjem det ei scene mellom ho og Wayne. Det er rimeleg opplagt at ho aldri kjem til å reisa med den diligenca ho snakkar om, det er rimeleg opplagt at dei to kjem til å finna kvarande, men det er så til dei grader uinteressant, og det øydelegg framdrifta i filmen. Det er ikkje forholdet mellom dei to som er interessant, samspelet mellom Wayne og Martin er langt betre. Martin er god. Han er òg god til å syngja, og det bremsar òg filmen. Når det er opplagt at den endelege skotvekslinga er rett rundt hjørna, kjem der ei scene der Martin og Ricky Nelson, som spelar den yngste av medhjelparane til Wayne, framfører nokre duettar.

Alle desse omvegane gjer altså det heile til ein dårlegare film. Nokon toppfilm hadde det likevel ikkje vorte, men nivået hadde i alle fall heva seg litt.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar