10. mars 2011

Fantasia (1940)

Berre tre år etter at Disney hadde laga den fyrste animerte langfilmen, Snøkvit og dei sju dvergane, kom Fantasia. Filmen er bygd opp som ein konsert med eit symfoniorkester, og der kvart nummer vert illustrert med animasjon. Det var eit svært ambisiøst prosjekt. Og det er ein svært vellukka film.

Orkesteret framfører åtte nummer, av komponistar som Beethoven, Stravinsky og Tchaikovsky. Til kvart nummer er det laga ein animert film. Filmane har gjerne ei heilt enkel handling, men det er ikkje det viktige her. Det er animasjonen som gjer at filmar fengar slik han gjer. Tidvis er bileta nesten hypnotiske, og det vert spesielt imponerande når ein tenkjer på at dette er ein sytti år gamal film. Visuelt sett er filmen glimrande.

Filmen er altså lagt opp som ein konsert, og då er det som det skal vera når konferansieren midt i filmen annonserer at det vert ein pause på femten minutt. Både her, og dei gongene konferansieren introduserer nye nummer, ser me musikarane. Det er altså litt veksling mellom vanleg film og animasjonsfilm, og dei to møtest ein gong, då Mikke Mus lurer seg opp til dirigenten og nappar han litt i frakken.

Alt er sjølvsagt ikkje like bra. Av og til vert det litt for enkelt, det vert litt for likt vanlege animasjonsfilmar. Men stort sett er det bra, og vel så det. Eg såg filmen på ein liten dataskjerm. Det fungerer greitt, men det er sjølvsagt ei langt større oppleving å sjå filmen i ein kinosal.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar