7. mars 2011

Jon Krakauer: Into Thin Air (1997)

Alle som klatrar på Mount Everest er klar over at faren for å døy er stor. Same kor godt ein førebur seg er det uråd vera budd på alt. Denne boka handlar om ein gong det gjekk heilt gale.

Jon Krakauer er journalist og klatrar. Han var med på ein organisert Everest-ekspedisjon, altså ein ekspedisjon der røynde klatrarar tek med seg klatrarar som gjerne vil ha hjelp til toppen. Desse er ikkje utan røynsle med fjellklatring, men har gjerne ikkje vore på så høge fjell før. I 1996, då Krakauer var med, var der to store slike grupper, og den lette rivaliseringa mellom dei to venene som leia desse turane kan ha vore ein av grunnane til at det gjekk gale. Den av dei som hadde størst suksess ville truleg sikra seg flest kundar i framtida.

Den viktigaste grunnen til at ting skar seg var likevel veret. Det blas opp til storm medan mange framleis var på toppen, og i alt miste åtte personar livet dagen dei skulle til topps. Nokre døydde mellom den øvste leiren og toppen, nokre døydde i sjølve leiren. Ni klatrarar som kom ned til leiren etter at det var vorte myrkt, fann ikkje leiren, og slo seg ned der dei fann ly, bak ein stor stein. Då vinden stilna utpå natta, såg dei kvar leiren var, og sju av klatrarane tok seg fram til leiren.

To klatrarar låg att, og dette er kanskje det mest utrulege i heile boka. Dei to var dekte av is då dei vart funne dagen etter, men var hårfint i live. Dei andre vurderte det slik at det var nyttelaust å redda dei, og lot dei berre liggja. Seinare same dag kom den eine av dei to stabbande inn i leiren med store frostskader, og han fekk plass i eit telt, der dei andre meinte at han kunne få dø i fred. Natta etter vart det igjen storm, og for å redda livet tok dei ut tidleg om morgonen. Teltet til han med frostskadene var rivna, soveposane han låg i hadde blese av han, og med frostskadde hender greidde han ikkje å få soveposane på plass igjen. Likevel levde han, og dei greidde å få han ned i live.

Boka er svært godt skrive. Det er sikkert ein klisje, men det verkar nesten som om ein er på eller ved Everest når ein les. Krakauer får godt fram slitet, kameratskapet, frykta og gleda, og kor vanskeleg det er etterpå. Han ser ut til å vera i kjempeform, han er alltid blant dei fyrste som kjem opp til den neste leiren, og på sjølve toppturen sit han lenge og ventar på dei andre, slik han hadde lova turleiaren. På veg ned att, spesielt ved Hillary Step, det siste klatrepunktet før toppen, er der store køar, og alt då skjønar han at dette kjem til å gå gale. Likevel er både han og dei andre sterkt reduserte og prega av kor høgt oppe dei er, det er velkjent at den tynne lufta gjer at både kropp og sjel reagerer seinare.

Eg har lese mange bøker om fjell og fjellturar. Dette er ei av dei beste.

Guffen tilrår.

Meir Krakauer på kulturguffebloggen
Eiger Dreams (1990)
Into the Wild (1996)
Into the Wild (film, 2007)
Where Men Win Glory (2009)
Three Cups of Deceit (2011)
Under the Banner of Heaven (2011)
Missoula (2015)
Under the Banner of Heaven (fjernsynsserie, 2022)


Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo
 (2018)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar