4. april 2011

Heimegutar (2009)

For ordens skuld: Eg er kanskje ikkje den rette til å skriva om denne filmen. Ein ting er at eg er rimeleg blank på rap. Ein annan ting er at eg kjenner Runar G/Sjef R sånn nokolunde godt, i alle fall godt nok til at me nokre veker i året reiser rundt og snakkar med skuleelevar om språk. Slik er det òg denne veka.

Filmen handlar om rapgruppa Side Brok. Det har gått litt opp og ned for dei, dei gjorde det stort med debut-CDen Høge brelle, men deretter gjekk det nedover. Det ulmar litt då dei spelar inn oppfølgjaren, og etter at den plata kom ut var responsen sånn middels. Få spelejobbar, færre selde CDar - Skatebård omtalar det heile som ei "katastrofe". Denne nedturen set sine spor. På filmen er der garderobescener etter tidlege konsertar, og liknande scener frå konsertar etter den andre plata, og det er enorm skilnad på stemninga. Etter den andre plata minner det nesten om eit gravøl.

Etter ei tid kjem dei saman igjen, og lagar det som for meg er den beste av platene deira. Dei har halde på med ulike ting, dei andre i bandet var ikkje like lystne som Runar på å halda fram. Etter telefonsamtalen mellom Runar og Oddgeir, der dei vert samde om å laga ei plate til, vert Oddgeir litt hyper, og seier noko slikt som at "Ei plate til med det bandet der? Skal me ikkje verta vaksne snart?" Ut frå tekstane på tredjeplata var det akkurat det som skjedde - det handlar ikkje lenger om oppvekst i Ørsta, men meir om livet som vaksen rappar. Historia i filmen sluttar før den plata kom, men den vart ikkje den oppturen dei vona på. (Eg var tilfeldigvis på skuleturné med Runar den veka i 2009 då den plata kom, og det var ikkje akkurat lystig stemning i leigebilen då NRK P2 melde plata.)

Filmen er finfin. Dei har det moro, og omtrent til andreplata kjem ut er det smil og latter og glede overalt. Her er mykje å le av. Eitt av høgdepunkta er då dei skal spela på Husnesrock, og berre Skatebård møter presis. Dei andre er litt forseinka etter ein sein fest kvelden før, og det er fine scener både når Skatebård diktar opp eit problem med bilen når han snakkar med arrangøren. Det er opplagt for oss som ser filmen at han ikkje snakkar sant, og eg er ikkje heilt sikker på om arrangørdama eigentleg trur på han. I alle fall tek han seg ein liten symjetur i etterkant, og det er òg rimeleg delikate scener.

Guffen tilrår.

Meir Side Brok på kulturguffebloggen
Kjell Andreas Oddekalv: Side Brok. Høge Brelle (2022)
Eg har ord (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar