7. april 2011

Midnight Cowboy (1969)

Endå ein god, gamal amerikansk film. Her vert den amerikanske draumen snudd på hovudet. Den ideelle reisa gjennom det amerikanske samfunnet gjekk heile tida vestover. Her reiser hovudpersonen, som like godt kler seg som ein cowboy, austover, og det går frå vondt til verre.

Cowboyen vert spelt av Jon Voight. I Texas arbeider han som oppvaskar, men han reknar med at han, som er rimeleg attraktiv, kan tena langt betre som gigolo i New York. Det gjer han ikkje, for å seia det mildt. Det er langt mellom kundane, og endå lengre mellom dei som faktisk betalar han. Han vert kasta ut av hotellet sitt, og flyttar inn hjå ein italiensk-amerikanar, spelt av Dustin Hoffman. Han er halt, utan pengar, og bur i ein kondemnert bygard.

Dei lever frå hand til munn. Cowboyen er rimeleg enkel, og reknar med at alt skal ordna seg berre han får ein fot innom hjå dei rike damene. Italienaren slit med feber, vert dårlegare og dårlegare, og då cowboyen ranar ein mannleg kunde, får dei endeleg nok pengar til reisa. Dei tek buss til Florida, men italienaren vert dårlegare og dårlegare, og til slutt døyr han på bussen, med blikket vendt mot det Florida han lenge hadde lengta etter.

Det meste av filmen går føre seg i New York. Det er ein by der ingen bryr seg om andre - ingen snakkar med cowboyen, ingen tek seg av folk som har kollapsa på gata, og ein kan ikkje stola på nokon av dei ein møter. Det heile kan godt vera meint som ein kommentar til korleis det amerikanske samfunnet hadde vorte. Her er det kvar mann for seg, det er eit samfunn der det ikkje lenger er rom for cowboyar. Ikkje uventa er det glimrande skodespel i begge dei to hovudrollene, spesielt Voight er bra, der han av og til er sterk og sjølvsikker, medan han andre gonger har det tristaste blikket ein kan tenkja seg.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar