25. april 2011

Terje Torkildsen: Marki Marco (2008)

Av og til les ein tretti-førti sider av ei bok, tenkjer at dette går ikkje, og ein legg boka vekk. Marki Marco er eit godt døme på at det er ein dårleg framgangsmåte. Boka opnar heilt på det jamne og vel så det, men tek seg stort opp. Historia tek mange nok uventa vriar til det.

Marco nyttar sommarferien til å snika seg inn i ein slottshage for å fotografera fuglar. Han vert kjend med dotter til markien som bur der, dei vert kjærastar, og alt ser bra ut heilt til dei ein kveld høyrer ein eksplosjon. Det viser seg at det var huset til mora som eksploderte, og derfrå skjer det altså mykje. Stikkorda er Srebrenica, ei ornitologisk nettside med ei populær adresse, ein gal skogvaktar, underbuksene til presten, sniking på toget, domstolen i Haag, eit militært fengsel, osb.

Eg er ikkje den som les flest ungdomsbøker, og tidvis irriterer eg meg over at alt vert forklart, og at Torkildsen ikkje stiller litt større krav til lesarane. Andre gonger ser eg at han finn gode løysingar, og det er ikkje utenkjeleg at irritasjonen kjem mest av at eg ikkje er midt i målgruppa. Boka passar nok godt for meir ungdommelege lesarar - historia er i alle fall god nok til det.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar