7. juni 2011

12 angry Men (1957)

Det aller meste av denne filmen går føre seg i eit lite rom, der tolv jurymedlemmar prøver å verta samde om utfallet av ei rettssak. Det er snakking og argumentering heile tida, dei to ulike sidene prøver å få støtte for sitt syn. Det er alt som skjer, ein og ein halv time med snakking. Og det er aldeles glimrande.

I utgangspunktet er elleve av dei tolv overtydde om at den tiltalte, ein 18 år gamal gut med eit ufatteleg uskuldig fjes, er skuldig. Den tolvte, spelt av Henry Fonda, er usikker nok til at han i fyrste omgang røyster "ikkje skuldig". Så prøver han ut noko av det dei har høyrt, og gradvis får han fleire og fleire med seg. Nokre vinglar litt, andre er sterkt farga av personlege røynsler eller fordommar, men Fonda får etter kvart fleirtal. Det er ikkje nok, juryen må vera samrøystes, og høgdepunktet kjem når nummer elleve skiftar side.

Filmen er glimrande laga. Det er eit godt tempo gjennom heile film, det er framifrå skodespel, og koreografien, viss det er det rette ordet, er imponerande. Dei flyttar seg rundt i rommet, dei formar alliansar, dei lyttar i bakgrunnen, og det vert nesten like klaustrofobisk for oss som ser på, som det er for dei tolv. Det er i alle fall like spanande - det seier seg jo sjølv kva som vil skje, men det er like fullt spanande.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar