16. oktober 2011

Litteratursymposiet i Odda (15.10.2011)

Det vart berre ein snartur innom Litteratursymposiet i Odda denne gongen. Me var på haustferie i Oslo fram til torsdag, og sidan eg er så mykje på farten denne hausten hadde eg ikkje hjarte til å reisa rett til Odda. I fjor fekk eg med meg ein heil dag, denne gongen vart det berre ein ettermiddag. Det var ikkje mykje, men langt betre enn ingenting. Litteratursymposiet hadde også i år eit glimrande program, og neste år legg eg inn minst ei overnatting.

Litterær høring trudde eg Arild Linneberg skulle snakka om Torgersen-saka. Det gjorde han òg, men det viste seg at Fredrik Fasting Torgersen sjølv også var med. For meg var det ein stor bonus, eg er av dei som er overtydd om at han ikkje hadde gjort det han vart dømt for. Linneberg snakka fyrst litt om dikta til Torgersen, før Torgersen las nok smaksprøvar. Spesielt stor litteratur var det ikkje, sjølv om det dukka opp nokre finfine formuleringar av og til. Det heile hadde òg vorte betre om Torgersen var betre førebudd, han brukte mykje tid på å leita fram dikta han skulle lesa, og nokre av tekstane verka det òg som om han ikkje hadde lese i det siste.

Det neste arrangementet handla om Gunvor Hofmo og Olav H. Hauge. Dei to biografane deira, Jan Erik Vold og Knut Olav Åmås, snakka om korleis Hofmo og Hauge begge hadde lange opphald på ulike institusjonar, og korleis dette påverka skrivinga deira. Det var ein god samtale, sjølv om det vart litt sprikande av og til, og sjølv om ordstyraren Karin Haugen kunne vore myndigare.

Til sist var eg med på Parodisk aften. Parodien er ein krevjande sjanger, han krev ikkje berre at parodikaren er god, han krev òg at lesaren kjenner teksten eller forfattaren som vart parodiert. Arild Linneberg var konferansier, og las nokre parodiske tekstar frå 1850- og 1860-talet. Desse fall på steingrunn, truleg mest av di publikum, meg sjølv inkludert, ikkje kjende godt nok til tekstane og skrivestilen som vart parodiert. Då gjekk det betre med Frode Grytten, som vart presentert som Karl Ove Knausgård ukjende minstebror, og som las opp nokre avsnitt frå Min kamp 6. Til og med eg, som ikkje las mykje av Min kamp 1 før eg la boka vekk, såg at han trefte blink med nokre av formuleringane sine. Knut Nærum er løyen - han las fire tekstar frå boka Ø - parodiar på sosialrealistiske drama, på Tore Renberg, Grytten og Jo Nesbø. Litt opp og ned, men Grytten-versjonen av "Det lyser i stille grender" var god. Til slutt framførte Frode Grytten, Tore Renberg og Marit Eikemo teaterstykket Det bles opp. Det var ein parodi på Jon Fosse, og det er ikkje nokon spesielt god ide - å pariodera Fosse er altfor lett. Stykket hadde likevel sin sjarm, mest av di dei ikkje hadde øvd nok, slik at mykje gjekk gale og dei måtte improvisera seg inn igjen.

Det vart altså berre ein kort tur til Odda denne gongen, men det er sjeldan eg les gjennom programmet for ein festival og ser så mange arrangement eg kunne tenkt meg å vera med på.

Guffen tilrår.

Meir litteratursymposium på kulturguffebloggen:
Litteratursymposiet 2010

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar