5. oktober 2011

Sønner av Norge (2011)

Det er sjeldan eg let meg imponera av norske filmar. Eg gjev likevel aldri opp, eg ser mange av dei norske filmane, i von om at det skal vera noko bra å henta. Denne vart ein nedtur, men det skulle vel òg noko til at eg skulle sjå gode norske filmar to dagar på rad.

Alt er ikkje svart i denne filmen, som er basert på romanen Teori og praksis av Nikolai Frobenius. Handlinga er lagt til slutten av 70-åra, og hovudpersonen Niko, ein gut tidleg i tenåra, veks opp i Rykkinn. Foreldra, spesielt faren, er fritenkjarar, og Niko og broren Peter får ein oppvekst litt på sida av det vanlege. Etter at mora døyr vert faren litt inneslutta ei tid, men han kjem ut igjen i tida til å verta med då Niko vert punkar. Faren spelar like godt trommer under den einaste konserten til bandet til Niko. Niko sluttar, det skjer seg mellom han og faren, men dei kjem saman igjen til slutt.

Her er småting å le av, men det er langt mellom dei. Tidsbiletet er greitt nok, men det er ikkje nok. Problemet må vera handlinga og framdrifta i filmen, det går litt for mykje i rykk og napp. Av og til vert det direkte kjedeleg, andre gonger svingar det meir. Niko og kameraten hans får i starten av filmen litt bank av tre ungdomar i nabolaget, men dette som kunne vorte ein konflikt i filmen forsvinn berre heilt. Etter at Niko og kameraten kler seg som punkarar, med både ei og to sikkerheitsnåler gjennom fjes og øyre, får dei heile tida gå i fred.

Men alt er ikkje svart, det er ikkje vanskeleg å dela ut plusspoeng for musikken i filmen. Her vert spelt litt tidleg norsk punk, og det vert spelt mykje Sex Pistols. Johnny Rotten dukkar like godt sjølv i ein kort scene mot slutten av filmen, der 2011-Rotten snakkar med 1979-Niko.

Guffen er lunken.

1 kommentar: