30. januar 2012

Bjarne Slapgard: Mellom øktene (1975)

Me har bra mange bøker heime, og eg har visst det meste av æra for det. Eg kjøper mykje bøker - nokre nye, mange gamle. På loppemarknader eller i brukthandlar kjøper eg ofte med meg bøker av nynorske forfattarar eg berre kjenner namnet på, og tenkjer at det ein gong kan vera rart å sjå om det er noko med bøkene deira. I tida frametter kjem eg til å lesa ei tilfeldig bok av ein gamal nynorsking kvar månad. Det verka som ein grei og overkomeleg plan. I alle fall heilt til eg opna denne boka.

Eg kjenner godt til livet til Bjarne Slapgard. Eg skreiv om han for Norsk Biografisk Leksikon, og han var ein av desse som var aktiv overalt. Han arbeidde som lærar, lengst ved folkehøgskular, og var òg aktiv i fleire organisasjonar. Likevel fekk han tid til å skriva ei rekkje bøker. Dottera fortalde meg ein gong at han skreiv heile tida - hadde han ei ledig stund, var det fram med notatboka.

I denne boka er det godt og vel tjue korte forteljingar. Det er nærliggjande å tru at dette er noko Slapgard skreiv medan han venta på bussen. Tittelen på boka tyder på at han sjølv såg på dette som ei kvilebok, som noko som kom mellom dei viktige bøkene, men det er ikkje grunn god nok til å gje dette ut. Det er ei brokete samling forteljingar, nokre er skrivne for born, andre for vaksne. Her er nokre fellestrekk, men ingen av dei gjev boka plusspoeng. Fleire av personane i forteljingane må ta viktige val, men det er altfor opplagt kva dei skal gjera. Her kjem ingen uventa vendingar som kan overraska personane eller lesarane. Det kunne vore arbeidd mykje meir med språket. Altfor ofte sluttar forteljingane med ei lett gøymt oppmoding om å gå med Gud. Det er altfor lett å sjå føre seg kva som kjem til å skje. I ei av dei lengre forteljingane, "Sterkare enn fjellvinden", har ein gut vitja kjærasten sin i nabobygda, og skal gå heimatt på ski nyttårsafta. Både han og kjærasten er usikker på om han når heim får det vert myrkt, og ho seier dessutan at han må passa seg for vargen. Kjem han seg heim før det vert myrkt? Sjølvsagt ikkje. Kjem det ulv? Sjølvsagt.

Så det var ikkje så mykje å skryta av, dette. Til Slapgard sitt forsvar skal det seiast at boka ikkje vert rekna som ei av dei beste bøkene hans, og det kan godt henda at han er langt betre når han skriv romanar. Det kan òg henda at han var betre i yngre år, han var 74 då denne boka kom ut.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Fleire gamle fjell i syningom på Kulturguffebloggen:
Stefan Frich: Fraa arbeidslive mitt (1922)
Ragnvald Vaage: Isløysing (1924)
Hans Seland: Aar og dagar (1931)
Olav Sletto: Per Spegil (1939)

Johannes Arneson: År eg minnest, menn eg møtte (1961)
Olav Midttun: Livsminne (1971)Jørund Telnes: Guro Heddelid (1972)

1 kommentar:

  1. Besto mi las for oss or ei Slapgard-bok, det var vel helst ei barnebok, noko med to gutar (tvillingar?) med ein togbane. Det er det eg tenkjer på når det gjeld han. Truleg må ho ha eigd den boka. Eller ho var kort (like truleg). For då ho skulle lese Robinson Crusoe for oss vart ho ikkje på langt nær ferdig før purrekorta byrja kome frå biblioteket, og eg veit til denne dag ikkje korleis det gjekk Robinson Crusoe. Kom han seg frå øya? Kanskje vart det så gildt der at han ikkje ville reise der frå? Ho kunne sjølvsagt ha lånt boka oppatt, og fortsett opplesinga. Eller eg kunne ha skaffa meg boka sjølv i løpet av dei no nærmare førti åra som har gått, men nei. Seinare kjøpte ho seg ein illustrert barnebibel i fleire band. Raud innbinding om eg hugsar rett. Alt tidleg på barneskulen, om ikkje før, var eg komen til at kristendommen ikkje hang på greip. Det var heilt sikkert ikkje meininga hennar då ho presenterte meg for Bibelen, men sånn gjekk det. Tvillingar og tog derimot har eg aldri hatt vanskar med å godta. So Slapgard er betre enn Bibelen, det er mi erfaring. Eller så var det berre at Slapgard var på nynorsk, medan den glorete barnebibelen sikkert var på bokmål.

    Men om du vil lese ei meir fengande Slapgard-bok så er kanskje den om gutane og toget noko. Når eg ser over katalogen hans på nettsida på bilioteket ligg det nært å tippe at det må vere ''Storli-tvillingane'' frå 1958 det gjeld.

    SvarSlett