20. april 2012

Kes (1969)

15 år gamle Billy går siste år på skulen. Han vert hersa med av alle - dei andre gutane i klassen køddar med han, broren herjar med han, og alle lærarne på skulen gjer som dei vil. Den einaste som til ein viss grad tek seg av han, er mora.

Det einaste han verkeleg er interessert i er fuglar. Han stel ein haukunge, og lærer han opp til å ta av og landa på handa hans. Fridomen til fuglen fascinerer han, og kontrasten mellom korleis den mektige fuglen flyr fritt, og korleis Billy opplever spesielt skulen som eit fengsel, er enorm. Etter at Billy på sett og vis har stole nokre pengar frå broren, tek broren livet av fuglen. Billy bryt heilt saman, og mora hentar fram den sivlianske replikken om at det er berre ein fugl.

Det er ein fantastisk film, regissert av Ken Loach. David Bradley, som spelar Billy, er perfekt til rolla. Han minner litt om ein ung Mark E. Smith; han er den minste i klassen, men spesielt då han går åleine framstår han som svært sjølvsikker. Den autoritære britiske skulen vert òg framifrå presentert, det er nærmast ei visualisering av "The Headmaster Ritual". Gymtimen, der ein av lærarane realiserer sin eigen draum om å verta ein topp fotballspelar, er ein glimrande del av filmen, men den kan likevel ikkje måla seg med den utrulege sekvensen der Billy fortel klassen om korleis han har fått haukungen på si side.

Guffen tilrår.

1 kommentar:

  1. Dette er ei nydeleg, varm og trist barndomsskildring. Noko som gjer inntrykk er det realistiske uttrykket - sjølv om dette er ei verd eg ikkje kjenner meg så godt att i frå min norske ståstad er det som man kjenner desperasjonen og tristheten røre ved ein. Eit veldig godt tidsbilete, og eg vil tru det politiske i filmen gjorde inntrykk då han kom ut. Det er nokre fine etiske dilemma i filmen, og truverdige er dei og. Sympatien er på Billys side, men ikkje påtrengende. Nennsomt gjort.

    Så kom eg til å tenkje på nokre norske filmar med barn og unge eg har sett dei siste par åra. Som trass i godt spel av dei unge skodespelarane vert meir eller mindre øydelagt av at alt for mykje vert pressa inn. Og når mykje av det som vert pressa inn er avvikande handlingar og reint fjas tenkjer eg på nokre dramafilmar lagd for fleire tiår sidan. Som Dei 400 slagene, Kramer mot Kramer, Alle presidentens menn - og Kes, som skin heilt der oppe med dei nemde. Dei hadde gode historier, gode manusforfattarar, og det var godt grunnlag det. Kan hende det var der det svikta, meir enn på regissør- og skodespelarfronten, i Kompani Orheim (heilt grei, men filmen var noko litt anna enn det han gav seg ut for, meiner eg), Sønner (den byrja bra men kjøyrde i grøfta), Sammen (her sklei det ut allerede i innledninga). Kongen av Bastøy var betre, der hang det meste saman og gav ein god film. Eg likte og godt ungane i Hawaii Oslo, forøvrig ein kremfilm. Eg drøymer om at Harald Rosenløw Eeg og Erik Poppe, eller Joachim Trier og Eskil Vogt, kan lage truverdig og gripande skildring av unge, presantert i eit framifrå filmspråk. Sjå, då klarte eg å presse ymse ting inn i denne komentaren, men det får våge seg.

    Frode Thomassen

    SvarSlett