8. april 2012

Michael P. Ghiglieri og Charles R. Farabee: Off the Wall. Death in Yosemite (2007)

It does exactly what it says on the tin: Boka går gjennom alle dødsfalla i Yosemite, ein av dei mest spektakulære nasjonalparkane i USA. I alle fall dei mest interessante dødsfalla - der bur folk fast i parken, og dei to forfattarane har ikkje teke med det ein kan kalla naturlege dødsfall, altså dødsfall knytt til sjukdomar og slikt.

Dei har likevel nok å ta av. Dei skriv om rundt 900 dødsfall. Dei fleste skuldast ulukker, men der har òg vore ei rekkje sjølvmord og mord. Ein stor del av den siste gruppa er mord på indianarane som budde i parken før kvitingane kom - indianarar som høyrde til den stamma parken er kalla opp etter. Svært mange av ulukkene skuldast at folk har gått for langt fram på kanten, eller overvurdert eigne ferdigheitar. Då er det ikkje noka bombe at det er ei klar overvekt av unge menn i listene over dei døde. I boka vert dødsfalla sorterte i grupper, og den einaste gruppa med flest kvinner er "natural treefalls".

Ghiglieri og Farabee prøver å analysera kva som skjedde, og har ikkje berre som mål å fortelja om alle dødsfalla. Dei vil at lesaren skal læra av det som har skjedd, slik at talet på dødsfall går ned. Dei er ikkje altfor optimistiske, mange av dødsfalla skjedde av di folk ikkje tok omsyn til store skilt som åtvara mot å gå lengre fram på kanten, eller mot å bada i elvar med sterk straum. Dei fortel òg mykje om historia til Yosemite. Dei kunne ha redigert boka litt strammare, av og til verkar det som om dei vil ha med for mykje. I det siste kapitlet, om mord, vert dei altfor detaljert i skildringa av to massemordarar som drap nokre av offera sine i Yosemite. Det verkar nesten som om dei ikkje vil avslutta boka.

Men før me kjem til slutten av boka har me altså lese om mange dødsfall. Til liks med ei liknande bok om Grand Canyon, som Ghiglieri skreiv saman med Thomas Myers, er her mange utrulege historier, og mykje uventa. Det dyret som har skuld i at flest menneskeliv har gått tapt i parken er hest. Fleire folk har mist livet i bilulukker enn båtulukker i parken.

Det som skjedde i ei av desse bilulukkene er nesten vanskeleg å tru. Dei heldt på med å leggja asfalt på ein av vegane i parken, då ein svær lastebil med to tilhengarar fulle av asfalt miste kontrollen over bremsene. Rett før bilen køyrde utfor vegen trefte han ein vanleg bil med to personar i. Personbilen vart dytta utfor stupet, og landa fyrst. Oppå personbilen landa lastebilen, og dei to tilhengarane med varm asfalt - desse stod nesten vertikalt oppå lastebilen, slik at asfalten rann ut, og la seg rundt den flatklemde personbilen. Dei tre i lastebilen hadde greidd å kasta seg ut før bilane landa, men der måtte framleis vera nokon i personbilen. Det kom hjelp med ein gong, og dei arbeidde frenetisk for å spa vekk asfaltene før han storkna. Omsider kom dei seg inn til bilen. Ein av hjelparane stakk ein arm inn gjennom eit knust vindauga, og kjende at han tok på ein fot - med puls. Pulsen forsvann før dei fekk gravd ut vedkomande.

I 1976 forsvann eit fly frå radaren rett over Yosemite. Ingen visste noko om flyet - det var ikkje eit rutefly, og ingen private fly hadde heller meldt at dei skulle fly over parken. Grunnen til at flyet var ukjent vart fort klar: Då park-rangerane fann flyet, såg dei at det hadde styrta i eit islagt vatn. Dei dukka til flyet, men fann ingen om bord. Kanskje hadde dei hoppa ut, kanskje låg dei under vatn. Dette var i februar,og dei venta til våren med å få ut flyet. Då hadde meir enn eit tonn av lasta forsvunne. Flyet var proppfullt av marihuana, ulovleg importert frå Mexico. Noko av lasta hadde flote opp til overflata, og då dette vart kjent, var det fleire av klatrarane i Yosemite som såg sjansen til å få seg ei ekstra inntekt. Fleire skal visstnok ha finansiert turar til Himalaya for det dei tente på dealinga si.

Bilar og fly - dei fleste ulukkene skuldast likevel at folk ikkje er nok førebudde på kor farleg naturen kan vera. Her er klatreulukker, drukningsulukker, folk som dett utfor kanten, folk som vert førte utfor kanten av fossar, osb. Yosemite Valley er ein ekstrem u-dal, med bortimot loddrette dalsider. Mange har falle utfor, men nokre vert redda i siste liten. Slik var det med han guten som var med på ein speidartur. Medan speidarane fylte vassflaskene sine i rimeleg trygg avstand til kanten, gjekk ein av leiarane heilt fram på stupet. Ein av speidarane miste fotfestet, og vart ført av elva mot kanten. Dei siste metrane mot stupet låg det litt is på vatnet, men leiaren kunne sjå guten gjennom isen, og huka tak i han i det han kom fram under isen, nokre få meter frå stupet.

Det er altså ei fascinerande bok. Ho kunne gjerne vore litt strammare redigert, men det er berre pirk. Noko av det mest fascinerande er korleis boka både gjev meg lyst til å reisa til Yosemite ein gong til, og til å halda meg vekke.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen:
Ghiglieri og Myers: Over the Edge. Death in Grand Canyon (2001)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar