25. august 2012

Jakten (1959)

Mot slutten av 1950-åra vart det laga to filmar om ungdomar som reiser på hyttetur, og som begge endar med eit dødsfall. De dødes tjern, som er ein heilt ordinær film, får klassikarstatus; den andre, Jakten, er langt mindre kjend. Det er rart - dette er ein langt, langt betre film.

Det heile er ein trekanthistorie, som vert fortalt på ein god og original måte. Tre personar er på jakttur i eit fjellområde ved Gudbrandsdalen. Begge mennene, Bjørn og Knut, vil ha Guri. Ho er gift med Bjørn, men er ikkje uinteressert i Knut. Filmen hoppar i tid, og me får gradvis vita meir om det som har skjedd før denne fjellturen. Dei snakkar lite med kvarandre i filmen, dei kommuniserer langt betre med forteljaren. Han kan godt føra samtalar med dei medan dei er ute og går, og då er han den einaste som høyrer det som vert sagt. Dei tre snakkar òg mykje i voice-overs, og der kan dei godt kommentera sine eigne replikkar. Knut seier til dømes "Hva var det for noe sprøyt jeg satt og skravlet om", etter at han har sagt noko til Guri.

Filmen er visuelt finfin. Det går i svart-kvitt, men naturen er likevel til stades, i høgste grad. Himmelen er stor, landskapet er ope, og alt dette står i god kontrast til dei tre, som kjenner seg innesperra i trekanten.

Det er fornøyeleg å sjå ein film som er så sikker, der det aller meste er heilt rett. Filmen er regissert av Erik Løchen, som leikar seg der han kan leika seg. Heilt til slutt, etter at fjellturen er over og dei to overlevande er tilbake i sivilisasjonen, vert ein av dei to stoppa av fem-seks personar, som presenterer seg som filmpublikum, og som meiner at dei har krav på å vita kva som skjedde vidare. Og endå meir heilt til slutt kjem det nokre scener som anten viser ein draum, eller som viser at heile filmen har vore ein draum.

Guffen tilrår.

Meir Løchen på kulturguffebloggen
Motforestilling (1972)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar