15. august 2012

Johannes Arneson: År eg minnest, menn eg møtte (1961)

Johannes Arneson var 97 år gamal då denne boka kom ut. Han hadde opplevd mykje, sjølvsagt, og har eit uvanleg godt minne. Det som skjedde i barndomen tidfestar han lett til det rette året, ser det ut til, og han hugsar mykje om både seg sjølv og andre.

Boka hadde tent på ei langt strammare redigering. Det er uklart kva og kvar han vil med dette. I den fyrste delen av boka er han lokalhistorikar, og kjem med forteljingar og anekdotar frå heimbygda si i Ryfylke. Så fortel han sporadisk om hendingar frå dei fyrste tiåra han sjølv levde, då han fyrst går på skule i Stavanger, og deretter studerer i Oslo. Til slutt kjem det ein lang bolk om Sigbjørn Obstfelder, som Arneson vart kjend med i Stavanger.

Den siste delen er den mest interessante. Den lokalhistoriske delen har avgrensa interesse for oss som ikkje er derfrå, og når han fortel om sitt eige liv burde han vore langt meir presis. Eg sakna i alle fall nokre klargjerande avsnitt av og til, til dømes nokre som fortel kva år dei ulike hendingane skjedde. Og av og til kjem han med setningar om at han var lærar histen og pisten, utan at det kjem fram om det var seint eller tidleg i livet.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Arneson på kulturguffebloggen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar