5. august 2012

Ken Auletta: Googled (2010)

Google er eit rimeleg unikt tiltak. Til liks med mange Internett-relaterte selskap vart det grunnlagt i ein garasje. Grunntanken var at Internett-søk skulle gjerast lettare. Brukarane skulle få dei mest relevante treffa øvst, og for å oppnå dette indekserte dei heile Internett, og ordna det heile slik at sider som alt hadde fått mange treff ville koma øvst.

Dei fyrste åra gjekk det sånn måteleg bra, men dei store overskota kom ikkje med ein gong. Men dei kom, og Google vart etter kvart både stort og mektig, med filialar fleire stader, og med tusenvis av tilsette. Grunnleggjarane, Larry Page og Sergey Brin, leiar framleis Google.

Det er lett å lika Google. I motsetnad til andre søkemotorar kan ein ikkje kjøpa seg høgare opp på søkelistene deira. (Ein kan kjøpa annonser som kjem høgt opp, men då står det tydeleg at dette er ei betalt plassering.) Dei har uvanleg gode, i alle fall i amerikansk samanheng, ordningar for dei tilsette. Gratis mat og lange fødselspermisjonar, like viktig er det at alle ingeniørane som jobbar der kan nytta ein dag i veka til eigne prosjekt - nokre av desse vert til slutt gjennomførte, andre vert lagde vekk. For Page og Brin er spørsmålet "kvifor det?" viktig - alle ting kan i teorien gjerast på ein betre måte. Og det overordna målet deira er at brukarane skal finna truverdig informasjon fort og greitt.

Men det er òg lett å mislika Google. Den store misnøyen kom etter at dei vart børsnoterte i 2004, og folk såg at dei faktisk tente store pengar. Inntektene kjem i hovudsak frå annonsesal. Google lanserte òg ei rekkje nye produkt og prosjekt, og nokre av desse, som planane om å digitalisera alle bøker som nokon gong har vore utgitt, utan å henta inn løyve frå forlag og forfattarar, var ikkje like godt gjennomtenkte.

Etter å ha lese denne boka er eg nok framleis positiv til Google. Auletta gjev oss ei grei innsikt i historia til selskapet, men han skriv òg mykje om konsekvensane av at Internett er vorte ein dominerande mediekanal. Det vert for detaljert, og han bruker for mykje tid på ting som verkar opplagt. Når folk bruker meir og meir tid på Internett, og når annonsørar kjøper reklameplass på Internett, vil tida dei bruker med aviser og framfor fjernsynet verta mindre, og inntektene til dei tradisjonelt sterke mediaorganisasjonane vil minka.

Kanskje eg ville hatt meir utbytte av boka viss eg las ho i eitt, og ikkje brukte ho som sporadisk ferielitteratur, men det vart altså litt midt på treet, dette.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar