2. august 2012

Peter Hook: The Hacienda. How Not to Run a Club (2009)

Alt det musikalske som skjedde i Manchester dei siste tiåra av 1900-talet var ikkje like bra, men det skjedde mykje stort der. Fleire store band kom frå byen, og nokre år rundt 1990 var det like viktig at det var der nattklubben Hacienda heldt til. Der spelte dei den nyaste dansemusikken, og folk kom til klubben frå heile England, og gjerne frå utlandet òg.

I glansdagane gjekk Hacienda med stort overskot. Det normale var likevel store underskot. Klubben opna i 1982, og medlemmane i New Order var medeigarar. Dei gjekk heile tida inn med store summar for å redda nattklubben, og Hook, som var bassist i New Order, vil helst ikkje tenkja på kor mykje dei betalte for å halda Hacienda i live dei femten åra klubben eksisterte.

Her er oppturar og nedturar. Dei fyrste åra var Hacienda fyrst og fremst konsertarrangør, men seinare vart det langt mellom konsertane. DJ-ane tok over; klubben vart sterkt inspirert av klubbar dei hadde vitja i New York, og Hacienda vart ein stad som spelte den nyaste musikken, og som svært tidleg plukka opp dei nyaste trendane.

Klubben var heller dårleg drive, og hadde ein tendens til å dra til seg tvilsamt klientell. Dei tilsette stal som ravnar, det var ikkje uvanleg at dei tok med seg ei kasse drikkevarer heim etter arbeidsøkta, sjølvsagt utan å betala. Gjengar med kriminelle hadde fritt spelerom i klubben, dei hadde sine område der dei dreiv med dealing, og dei var ekstremt valdelege. Korkje politi eller vaktar kunne gjera noko med dette, og den hyppige valdsbruken vart, saman med dei store underskota, den viktigaste grunnen til at klubben vart lagt ned i 1997.

Boka vert etter kvart heller kjedeleg. Det vert litt som når russen fortel om russetida si, det er ikkje måte på drikking og festing, og slike anekdotar har avgrensa verdi for dei som ikkje var med der. Tidvis tek det seg opp, sjølvsagt, men det vert langt mellom høgdepunkta. Og poenget om at New Order finansierte det heile tek ein tidleg i boka; Hook repeterer det altfor ofte.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar