13. august 2012

Rob Smyth & Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)

Nostalgi, nostalgi, nostalgi. Dei to britiske journalistane Smyth og Turner lengtar attende til den gongen fotballen hadde sjel. Dei tidfestar krisa til 1992, då både Meisterligaen og den engelske Premier League vart oppretta. Det førte altfor mykje pengar inn i fotballen, og det har igjen ført til at det dei sakna med fotballen manglar.

Spelarane er ikkje lojale lenger; dei går til klubbane som kan betala mest. Å sjå fotball på fjernsyn er ikkje spesielt lenger; no er det fotball i alle kanalar døgeret rundt. Draktene har ikkje sjarm lenger. Det er altfor mange kampar i EM- og VM-sluttspel. Spelarane er ikkje sjarmerande lenger; no er dei stort sett hjernedaude nissar som trur dei er verdas navle, men som knapt er i stand til å skifta ei lyspære. Dei lengtar etter ein spelar som Matthew le Tissier, som var lojal mot Southampton, som aldri bad om meir enn minsteløn, som var litt rund i kantane (ein gong åt han så mykje gatekjøkenmat på veg til trening at han besvimte), og som i tillegg til alt dette var aldeles genial med ballen.

Det vert ein del klaging i denne boka, men det gjer ingenting. Kritikken er på sin plass, og det er eit stort pluss for boka at ho er skriven med store mengder humor. Eit par gonger lo eg høgt, og det skjer ikkje altfor ofte. Boka sluttar med nokre framlegg til kva som kan gjerast for å retta opp alle feila i fotballen, og det er her dei misser kontrollen: Det er sjølvsagt utenkjeleg at ein går attende til fotballen slik han var for tjue eller førti eller endå fleire år sidan. Dei er i tillegg langt meir truverdige og lesbare når dei skriv om det som er gale i fotballen, enn når dei kjem med framlegg til løysingar.

Guffen tilrår.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar