16. september 2012

Arnfinn Kolerud: Kom ikkje inn i mitt hus (2012)

Kom ikkje inn i mitt hus er bok to i ein trilogi. Opningsboka i denne trilogien, Når ein først skal skyte nokon, er ei av dei bøkene eg har ledd mest av dei siste åra. Forventningane var store til denne boka, kanskje litt for store. Det er ikkje like bra som i opningsboka. Det er likevel ei veldig artig bok.

Handlinga krinser denne gongen om Bendik Uføre. Han er frå Vassbygda, den einaste staden i landet der ein framleis bruker nynorsk. Typisk nok er bygda delt mellom dei som likar a-mål og dei som likar i-mål. Uføre er på i-sida, er knallhard målmann, og er spesielt oppteken av at alle offentlege etatar kan tilby nynorske skjema (eller skjemi, som han kallar det). Alt i opningskapitlet vert tonen sett - her prøver han å overtala den 76 år gamle mora til å søkja på ein del høgskular på Austlandet, for å sjekka om ho får alle papira på nynorsk.

Sjølv reiser han rundt på kontora på Nord-Vestlandet, for å dryssa støv over bokmålsskjema, slik at brukarane ikkje skal få inntrykk av at berre nynorskskjema samlar støv. Der oppdagar han at nokon har bytt ut dei eigentlege skjema med nokre køddeskjema. Der det på bokmålsskjema står om trygderettigheter, står det om trygderettar på nynorsk, og der har dei lista opp nokre matrettar som passar for dei som er trygda, t.d. vassgraut. Dette vil han finna ut av, og, underleg nok, det greier han lett.

Men viktigaste måten han vil auka bruken av nynorsk på, er gjennom salet av nynorske diktarkort. Han har sett korleis skuleelevar samlar på monsterkort, der dei ulike monstera har kvar sine supereigenskapar. Han vil laga noko liknande med nynorske diktarar, sjølv om han innser at det vert vanskeleg å finna relevante eigenskapar. Men heilt tomt er det ikkje, Tarjei Vesaas må til dømes ha vore rask på badet om morgonen, sidan han ikkje hadde hår. Og Olav H. Hauge gav ut bøkene sine på Samlaget, men gifta seg med ei som heitte Cappelen. Og dette må òg vera den einaste nye romanen denne hausten der Einar Økland vert tildelt eit nytt etternamn. Ein av personane i romanen ringjer for å sjekka om det er greitt, men sidan ingen forstår heilt kva anekdoten Økland fortel har med spørsmålet å gjera, finn dei ut at det berre er å stå på.

Gjennom det meste av boka er det altså mykje å le av. Det er òg stas med ei bok der sympatien så til dei grader ligg hjå Aasen og nynorsken. Ein stad vert til dømes språkvandringane til Aasen samanlikna med sydpolekspedisjonen til Amundsen. Aasen ville noko med denne vandringa, skriv Kolerud; Amundsen ville jo berre verta kjent.

Og det er heller ikkje ei bok der alt berre er tull. At Vassbygda er del mellom i-brukarar og a-brukarar er jo eit godt bilete på korleis målrørsla fraksjonerer seg. Og her på Voss er det rimeleg aktuelt - om eit par dagar skal det lokale mållaget ha eit møte der dei drøftar ei mogleg utmelding av Noregs Mållag, i protest mot at Mållaget på eit landsmøte var ufine nok til å takka for den nye nynorskrettskrivinga. Kva dei vil oppnå gjennom ei utmelding, bortsett frå å seia endå ein gong kva dei meiner om den nye rettskrivinga, er framleis høgst uklart.

Guffen tilrår.

Meir Kolerud på kulturguffebloggen
Langt frå bambus (1999)
Den som ikkje har gøymt seg no (2004)
Zommarferien (2007)
Når ein først skal skyte nokon (2010)
Snillionen (2017)
Gamle menn i syningom (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar