8. september 2012

Kon-tiki (2012)

Det var eit spørsmål eg funderte meir og meir på utover i denne filmen: Kvifor har dei valt å laga ein spelefilm basert på ein flåtetur over Stillehavet? På sjølve turen skjer det jo minimalt; det meste må ha vore sterkt rutineprega, så der var ikkje altfor mykje dramatikk å henta der. Det er greitt at ein kan skriva inn nokre konfliktar, og henta fram nokre ekstra haiar, men likevel. Til og med med desse tilsette ingrediensane sat eg tidvis og kjeda meg. Så kvifor? Eg ser ingen anna forklaring enn at Kon-Tiki og Thor Heyerdahl framleis er godt kjende, både her til lands og i utlandet, og at dei reknar med at filmen vil verta vist i mange land.

Det fortener han knapt. Filmen er ikkje så mykje å skryta av. Historia er velkjent - Thor Heyerdahl er ein eventyrar, som vert fiksert på å prova at folk kan ha sigla over Stillehavet, frå Sør-Amerika til Polynesia. Einaste måten han kan gjera det på er å sigla same ruta sjølv, på ein flåte laga på same måte som det vart gjort for mange hundre år sidan. At det er forskjell på å visa at noko let seg gjera, og å prova at det faktisk skjedde slik, ser ikkje ut til å ha plaga han nevneverdig.

Filmen opnar med nokre minutt frå Fatu Hiva i Polynesia. Her får Heyerdahl høyra at dei innfødde meiner at øyane vart busett frå aust, og ikkje frå vest, slik all vitskap hevda. Han vil prova dette. Han slit med å få pengar, slit med å få mannskap, men alt ordnar seg, og båten legg frå hamn. Så langt er filmen heilt grei - relativt tradisjonell, men heilt grei. Men ute på havet går alt gale med filmen. Det vert mange solnedgangar, det vert altfor mange haiangrep, og sjølv om dei slit med å styra flåten vestover dei fyrste vekene er dette noko alle veit kjem til å ordna seg. Mellom mannskapet er det nokre konfliktar, fyrst og fremst mellom den optimistiske, men litt feige leiaren Heyerdahl, den pessimistiske og redde nestleiaren Watzinger, og den militære og høgrøysta Knut Haugland. Men sjølve flåteferda, som jo er det filmen handlar, vert stort sett langdryg og kjedeleg. Mykje himmel og mykje hav. Himmel og hav.

Filmskaparane har fått kritikk for å endra reine fakta undervegs på flåteturen. Kritikken er urettvis; i ein spelefilm kan dei sjølvsagt gjera omtrent som dei vil. Problemet med filmen er ikkje at Watzinger her er heilt ulik den verkelege Watzinger, problemet er at dei har dikta for lite. Hadde det skjedd meir, ville òg filmen engasjert meir. Der er nok av moglege hendingar dei kunne skrive inn - fleire konfliktar, slagsmål, dødsfall, matmangel, skadar på båten, blindpassasjerarar, sjørøvarar, og så vidare. Det gjorde dei ikkje, og resultatet vert deretter.

Skodespelet er derimot finfint. Både Pål Sverre Valheim Hagen (Heyerdahl) og Anders Baasmo Christiansen (Watzinger) er glimrande, og det er ikkje noko overrasking. Spesielt er Valheim Hagen bra, han skapar ein Heyerdahl som kan sjarmera alle med smilet sitt, men som likevel er reservert og inneslutta.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Relatert på kulturguffebloggen
Kon-Tiki (dokumentarfilm, 1950)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar