30. september 2012

The Loneliness of the Long Distance Runner (1962)

Filmen er i svart-kvitt, og noko anna ville ha verka heilt uaktuelt: I etterkrigsåra mangla det nordlege England fargar. Det er eit liv der alle drikk, dei fleste kranglar, og dei færraste passar heilt inn.

Filmen opnar med at nokre unge menn vert køyrde til ein fengselsliknande institusjon. Ein av dei, Colin Smith, peikar seg raskt ut som den mest sjølvstendige og opposisjonelle. På ein idrettsdag viser det seg at han har eit stort talent for springing, og han vert teken ut på terrengløplaget som skal konkurrera mot ein kostskule i nabolaget. Der er han suveren det meste av løpet.

Etter at talentet hans er oppdaga, får han det ganske fritt. Han får lov til å springa lange turar, og medan han spring tek han med oss til livet sitt før han kom i fengsel. Familien fungerte dårleg - dagen etter at faren døydde flytta kjærasten til mora inn. Dei fekk nokre forsikringspengar etter at faren døydde, og det trong dei, men han ser med avsky på korleis mora bruker desse pengane på unødvendig luksus. Han får seg kjærast. Han ville helst ikkje arbeida, men trong pengar, og etter eit innbrot i eit bakeri vart han teken av politiet.

Filmen har sine manglar. Det er altfor tydeleg kven som skal verta fienden til Colin i fengselet. Det er opplagt at når han som slepper dei ut av bussen gjev beskjed om at alle tilsette skal tiltalast med 'sir', kjem Colin til å gløyma det fyrste gongen. Det er litt rart at Colin spring heile dagen utan å ta med seg niste eller drikke, og utan å sveitta ein drope. Men dette er berre pirk. Det er ein finfin film, mest takka vera Tom Courtenay, som spelar hovudrolla. Han har eit godt fjes, han kan minna litt om namnebroren Mark E. Smith i The Fall, og han har den same gje faen-haldninga som han har. Colin er grunnleggjande kritisk, og likar dårleg at han, på grunn av treningsfordelane han får, vert rekna som ein av gullungane til fengselsdirektøren. Men han er sjølvstendig nok til å gjera som han vil.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar