27. oktober 2012

Nils Henrik Smith: Austerrike (2009)

Ein kort og grei roman der det ikkje er heilt klart kva som skjer. Heile boka er ein lang monolog, der ein mann fortel om dramatiske hendingar som gjekk føre seg nokre sommardagar. Det heile ber preg av eit avhøyr, han legg vekt på å få med alle detaljar, og snakkar av og til til ei tenkt forsamling. Snakkar han med politiet? Snakkar han med nokon som skal vurdera om han er tilrekneleg? Snakkar han ikkje med nokon i det heile?

Det han fortel om er urovekkande. Han har problem på jobben. Han har problem i heimen, der den høggravide kona hans vil gå frå han. Nokon har grovt mishandla hunden til naboen. Han vert skoten på av ein eller fleire ukjende. Det vert hinta om seksuelt misbruk, kanskje òg incest. Det vert i det heile så mykje at det for meg er mest nærliggjande å tru at det mannen fortel om er oppdikta.

Sjølv om det skjer mykje på relativt få sider, er det ikkje nokon utprega trist eller ekkel roman. Mannen fortel det heile med eit nøkternt språk, der dei grove handlingane vert presenterte i eit lett akademisk språk. Han kjem fleire gonger attende til kor viktig det er å snakka sant, den eine gongen han fortel om at ein situasjon der han laug, strekar han under at dette var eit unntak. Sanninga er viktig for han.

Guffen tilrår.

Meir Smith på kulturguffebloggen
Manhattan Skyline (2007)
Se ilden lyse over jord (2014)
11 meter (2020)
Entusiasme og raseri (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar