8. oktober 2012

Peter Hook: Unknown Pleasures. Inside Joy Division (2012)

Joy Division igjen. Det er ofte slik med meg; eg les gjerne fleire biografiar om det same emnet, så lenge det er ein artist eller eit band eller ein person eg set høgt. Eg kjenner soga om Joy Division rimeleg godt, men hadde von om at denne boka skulle gje meg noko nytt. Det er fyrste gongen ein av dei i bandet fortel historien deira.

Eg fekk vel ikkje alt eg ville. Peter Hook fortel godt, han verkar som ein som er eit oppkome av anekdotar og historier. Sjølve boka burde likevel vore disponert annleis. Dei fyrste kapitla handlar om oppveksten hans, i Manchester og på Jamaica, og dette kunne med stort hell vore kutta ned. Det vert meir interessant etter sommaren 1976. Hook var på begge konsertane Sex Pistols spelte i Manchester den sommaren, saman med Bernhard Sumner. Ian Curtis var berre på den andre, men dei forma eit band, etter kvart saman med Stephen Morris. Bandet fekk seinare namnet Joy Division.

Boka vekslar mellom humor og alvor. Hook skriv svært varmt om Ian Curtis. Det ligg tjukt utanpå at han angrar på at han ikkje skjøna kor hardt Curtis hadde det. Tekstane brydde ikkje dei andre i bandet seg om, det var Curtis sitt bord, og dei tok ikkje innhaldet altfor seriøst. Likevel visste dei at han sleit med mykje, han vart dregen mellom kona og kjærasten, han hadde ei dotter han var altfor mykje vekke frå, og han fekk ofte epileptiske anfall på scena. Av og til er det vanskeleg å sjå korleis han passa inn med dei tre andre, der spesielt Sumner og Hook støtt oppfører seg som om dei er på russetur. Det vert litt keisamt å stadig få høyra om alle sprella dei fann på i fylla, det er ikkje difor ein kjøper ei bok som denne.

Dei avsnitta er truleg skrivne for at lesaren skal le. Sjølv smilte eg meir av andre avsnitt. Etter at Curtis tok livet sitt vart dei tre andre samde om å framleis spela i lag, men med eit nytt namn på bandet. Tidlegare i boka skriv Hook mykje om at han angra på at dei gjorde ting som kunne hinta om at dei var nazistar - bandnamnet, omslaget på den fyrste singelen (som like godt heitte "An Ideal for Living"), kleda til Sumner - så med det nye bandet skulle dei i alle fall ikkje gå i den fella. Yeah, right.

Forteljinga vert broten opp av tidsliner som detaljert fortel om alt Joy Division gjorde. Hook går òg gjennom dei to LP-ane bandet gav ut, song for song. Alt i alt vert det ei grei bok, men ei bok som godt kunne vorte strammare redigert, og som kunne gått endå lengre inn i korleis dei fire samarbeidde. Og boka kunne hatt eit langt meir spanande biletmateriale.

Guffen tilrår.

Meir Joy Division/New Order på kulturguffebloggen
Here are the Young Men (konsertfilm, 1982)
Chris Ott: Unknown Pleasures (2004)
Control (film, 2007)
Peter Hook: The Hacienda. How Not to Run a Club (2009)
Kevin Cummins: Joy Division (2010)
Ian Curtis: So This Is Permanence (2014)
Bernhard Sumner: Chapter and Verse (2014)
Kevin Cummins: New Order (2015)
Peter Hook: Substance. Inside New Order (2016)
Jon Savage: This Searing Light, The Sun and Everything Else (2016)
Stephen Morris: Record Play Pause (2019)
Stephen Morris: Fast Forward (2020)
Kevin Cummins: Joy Division, Juvenes (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar