18. november 2012

Arne Borg: I årene som fulgte (2011)

Endå ei bok eg fekk med meg frå boksalet i Øystese. Både boka og forfattaren var heilt ukjende for meg, og det er ofte ein god inngang til ei bok.

Boka handlar om dei (nesten) førti fyrste åra av livet til Torfinn Sars. Han veks opp i Oslo, saman med mora. Faren er kunstfotograf, og har ikkje noko kontakt med familien i det heile. Oppveksten til Torfinn er trygg og verna, han er like mykje saman med mormora som med mora. Han har to gode kameratar, som han syklar mykje rundt i Oslo med, handlar plater med, og høyrer mykje på musikk saman med.

Språket i boka verkar litt forelda, og det kjem heile tida spørsmål. Etter at me har fått høyra om syklinga og musikken kjem det sentrale spørsmålet "Var det her Torfinn Sars ville at tiden skulle ha stoppet?" For etter dette går det nedover med Sars. Etter gymnaset har han nokre kortvarige jobbar, før han vert uføretrygda, og flyttar til ei lita leilegheit i Gamlebyen. Dei to kameratane ser han mindre til, den eine slår seg ned i London, han andre vert suksessrik datagründar. Dei ser kvarandre av og til, men det vert berre stivt og rart, slik det ofte er når ein møter folk ein ikkje har sett på lenge.

Det var nok der Sars ville at tida skulle ha stoppa. Der var han trygg, der vart det ikkje stilt altfor mange og store krav til han, der var han omgitt av folk han kjende og var trygg på, der hadde han det fritt og greitt. Og der var han komen til eit punkt i livet der han var på høgd med dei andre, på dei fleste plan. Han er slettes ikkje førebudd på eit liv i vaksenverda. Han slit stort med å binda seg til andre, og er òg merkeleg uvitande om ting som skjer i samfunnet. Han har ikkje mobil, han har ikkje datamaskin, og når han brått kjem på at han vil kjøpa Springsteen-plata The River på CD, går han på leiting etter platebutikkar i Oslo, der han har budd heile livet, utan å finna ein einaste. Dei han hugsar frå 1980-åra er vekke; dei som har kome etter det er heilt ukjende for han.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar