24. november 2012

Morten A. Strøksnes: Tequiladagbøkene gjennom Sierra Madre (2012)

I slutten av 1980-åra var eg ein snartur gjennom det nordlege Mexico. Eg la det meste av bagasjen min igjen hjå Richard og Meike i Los Angeles, før eg drog sørover til Los Mochis i det vestlege Mexico, tok toget til Chihuahua inne i landet, og reiste vidare med tog til El Paso i Texas, via grensebyen Ciudad Juarez. Det heile tok tre-fire dagar, og eg hugsar det mest som nokre ekstremt varme dagar, i eit fabelaktig landskap.

Hadde eg lese denne boka då, hadde eg truleg droppa turen. Morten A. Strøksnes omtalar Ciudad Juarez som verdas farlegaste by, ein by der liv ikkje er verdt noko ting. Byen er i dag totalt dominert av narkotikakartell, og dei mange og brutale avrettingane er så hyppige at avisene ikkje skriv rett ut kva som har skjedd. Dels av di dei veit kva konsekvensane ville ha vore viss dei gjorde det, sjølvsagt.

Strøksnes reiser dels i fotspora til ein av sine store heltar, den norske oppdagaren Carl Lumholtz. På 1890-talet gjorde Lumholt seg svært godt kjend i fjellkjeda Sierra Madre, og Strøksnes refererer ofte til stader Lumholtz vitja. I så godt som alle musea han er innom finn han namnet til Lumholtz, som gav ut fleire bøker som framleis har høg status. Strøksnes skriv at jakta på ære og heider ikkje var det som dreiv Lumholtz. Han var heile tida på farten, han var rastlaus, og hadde ein sterk bortlengt. Strøksnes har det på same måten, og har fleire gonger lete Lumholtz bestemma kvar han skal reisa. Han har vore i fotspora hans i Australia, og har òg leitt i arkiv i Noreg, New York og Princeton. Men, skriv Strøksnes, viss alle rapportane om krig mellom militæret og narkotikakartella stemmer, kan det henda at bortlengten hans vert erstatta av ein sterk heimlengt.

Slik går det ikkje. Strøksnes stortrivst i Mexico. Han reiser på kryss og tvers, men det går stort sett sørover, frå grensetraktene i nord til Mexico By i sør. Han møter varme, sympatiske og ærlege familiefolk, men skriv like mykje om det usynlege og potensielt svært valdelege trugsmålet frå narkotikakartella. Ser du på feil mann på feil måte, kan du liggja tynt an. Seier du noko feil når feil mann høyrer det, ligg du tynt an. Dette gjev boka ei særeiga spenning, der Strøksnes har det veldig godt i eit land der han ikkje veit kva som ventar rundt neste sving. Slik er det for så vidt òg i nabolandet, i dei fyrste tre kapitla er han i USA, og det heile opnar med at han seint ein kveld køyrer heilt åleine gjennom den myrke ørkenen. Han ser ein livlaus person i vegbanen lengre framme, og er usikker på om han vågar å stoppa. Det kan jo vera ei felle.

Han trivst langt betre i fjella enn i storbyen, og det er ikkje berre av di byane har fleire farar. Best likar han seg når han kan gå lange turar, verkar det som, sjølv om stiane ofte er farlege. Han møter gjestfrie folk, han har kontaktar som gjer at han vert godteken når han kjem til dei små samfunna i fjellet, og han skriv godt om desse samfunna, som han i høgste grad tek på alvor.

Boka er basert på ein artikkelserie i Dag og Tid. Boka er utvida, og her skriv han òg på bokmål. Serien i Dag og Tid var glitrande, og det same er denne boka. Strøksnes er ein av skribentane eg set aller høgast, og det passa bra at same dag eg las ferdig denne boka, tok ein ny (og litt kortare) Strøksnes-serie til i Dag og Tid. Her held han seg innanlands, slik han òg gjorde i ein serie frå ei rundreise med Riksteatret. Me får tru at dette berre er eit mellomspel, og at han om ikkje altfor lenge legg ut på ein ny langtur til eit land langt borte.

Guffen tilrår.

Meir Strøksnes på kulturguffebloggen
Automobil (2005)
Rett vest (2009)
Et mord i Kongo (2010)
Havboka (2015)
Lumholtz' gjenferd (2022)


Meir Dag og Tid på kulturguffebloggen
Nils Rune Langeland: Noreg (2008)
Agnes Ravatn: Stillstand (2009)

Asbjørn Aarnes: Troll i ord (2009)
Agnes Ravatn: Folkelesnad (2011)
Erling Lægreid: Nærgåande skisser (2011)
Erling Lægreid: Fleire nærgåande skisser (2012)

Agnes Ravatn: Operasjon sjølvdisiplin (2014)
Agnes Ravatn: Verda er ein skandale (2017)

1 kommentar:

  1. Enig i det du skriver - men jeg er bare halvveis....
    Ellers er reportasjeboker sjeldne i forhold til annen "spenningslitteratur"(krim etc) og det maa saa vaere...
    Sissel

    SvarSlett