20. januar 2013

Hugh Cornwell: A Multitude of Sins (2004)

Eg høyrde mykje på The Stranglers i gamle dagar. Eg oppdaga dei relativt tidleg, eg og bror min høyrde ofte på Radio Luxembourg. Då eg hadde klassefest i sjuande klasse ville dei andre kjøpa ei plate til meg som presang, og eg sa at eg ynskte meg No More Heroes. (At den ikkje var å få tak i på Voss, slik at eg fekk Go West med Village People i staden, er ei anna historie.) Me hadde dei fyrste platene deira, og høyrde mykje på dei. Musikken skilde seg kraftig ut frå dei andre originale punkbanda, både av di dei fire i bandet kunne spela, og av di keyboarda hadde ein romsleg plass i lydbiletet deira. I tillegg var dei langt eldre, trommeslagaren var fødd på slutten av trettiåra. Gradvis forsvann mykje av energien frå musikken deira, men dei laga glimrande musikk fram til midten av åttiåra. Dei var eit band det aldri var stille rundt, i tillegg til musikken var dei jamleg involverte i kontroversielle hendingar - som fengsling, konsertvald eller publikumsopprør.

Slik sett burde mykje liggja til rette for at sjølvbiografien til den kanskje mest sentrale i bandet er ei lesbar bok. Hugh Cornwell var gitarist, hovudvokalist og den ivrigaste komponisten, og har mange halvgode anekdotar på lur. Han hadde òg ei brokete historie før bandet tok til i 1974 - han hadde budd nokre år i Lund i Sverige, der han eigentleg heldt på med ei doktorgrad på universitetet, men der han brukte langt meir tid på bandet Johnny Sox. Ei viktig inntektskjelde for det bandet var pengane ein av medlemmane fekk frå å rana bankar.

At boka handlar om rock'n'roll seier seg sjølv, i tillegg er her mykje sex og drugs. Eg kunne tenkt meg meir om The Stranglers, det er grenser for kor lenge anekdotar om dop og damer og drikking kan halda interessa oppe. Boka kom ut fjorten år etter at han slutta i The Stranglers, og han skriv difor litt om tida etterpå, ei tid der musikken hans er heilt ukjent for meg. Boka er lagt opp tematisk, det er ei grei inndeling, men igjen, det ville vore langt meir interessant å lesa meir om korleis det bandet han framleis vert assosiert med fungerte. Det lengste kapitlet i boka handlar om dei to månadene i 1980 han sat fengsla for narkotikabruk, og sjølv om dei månadene sikkert var både traumatiske og lærerike, er det ikkje noko nytt at tidlegare innsette er kritiske til fengselstilhøva. Der har han ikkje noko nytt å koma med; det kunne han hatt andre stader.

Guffen er lunken.

Meir Stranglers på kulturguffebloggen
Robert Endeacott: Peaches. A Chronicle of The Stranglers 1974-1990 (2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar