10. januar 2013

Rolf Sagen: Springfart ved fjorden (1986)

NRK kåra i fjor haust Alvdalstrilogien av Kjell Aukrust til den mest morosame norske boka som er gjeven ut. Dei valde fyrst ut ti bøker som folk kunne stemma på, og Springfart ved fjorden var ei av desse. Eg tok sjansen, men vart vel ikkje heilt overtydd at denne høyrer med på ei slik ti på topp-liste.

Forteljaren i boka er Svale Smule, professor i historier. Han har vore i den fiktive byen Moks, og prøvd å finna ut kva som skjedde den gongen byen vart oppdaga av Joran Krake. Han kjem til byen, som då er namnlaus, padlande i ein balje, og vert der ei tid. Ingen veit heilt kva han held på med, og ingen veit heilt kvar det vart av han etterpå, men med hyppige glimt til fortida fortel Smule om ei lang rekkje fargerike personar, med minst like fargerike namn. Her har skjedd mykje variert - blodskam, kannibalisme og mord verkar nærmast som daglegdagse hendingar. Moks kan vera den einaste byen der absolutt ingen er normale.

Boka er skriven i eit nøkternt og nesten akademisk språk, der Smule gjerne tek atterhald når han skildrar situasjonar som er forklart ulikt av dei som var med. Det skapar ofte ein god effekt, og her er nok av hendingar som må kallast underhaldande. Smilte gjorde eg likevel knapt, og lo gjorde eg aldri, slik at eg altså kvir meg for å nemna denne boka blant dei løgnaste som er skrivne her til lands.

Guffen er lunken.

Meir Sagen på kulturguffebloggen
Alltid likt å lese om krigen (2003)
MS Liv (2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar