7. januar 2013

Sylfest Lomheim: Tale er gull (2011)

Sylfest Lomheim skriv i denne boka om tre ulike former for kommunikasjon - tale, skrift og skjerming, som er fellesnemnaren han bruker for all digital kommunikasjon. Alt i føreordet gjer han det klart at han rangerer dei i den same rekkjefølgja. Tale og samtale har høgast status for han. Skrifta heng òg høgt, men alt dette teknologiske visvaset kunne han stort sett greidd seg utan.

Utgangspunktet er altså greitt. Ein treng ikkje vera samd i det han meiner, sjølvsagt; men viss han argumenterer overtydande er det jo sjanse for at lesarane kan verta overtydde. Det er det liten sjanse for. Boka er rotete, overflatisk, omtrentleg, og han har ein svært lite kritisk haldning til fakta. Her finst fleire feil, her finst mykje som verkar høgst tvilsamt, men det er likevel verst at kapitla ikkje er godt komponerte. Dei verkar fleire stader som lause avsnitt som er plasserte etter kvarandre, utan noko klar plan for kvar det skal enda.

Nokre døme: Han skriv at ein fireåring kan rundt 3000 ord, noko som (i følgje Lomheim) vil seia at born lærer omtrent eitt ord i timen frå dei er eitt år til dei er fire år. Det går ikkje heilt opp, hadde dei lært eitt ord i timen desse tre åra hadde dei kunna meir enn 26 000 ord. Men i det same avsnittet skriv han like godt at ein femåring kan forstå mellom 10 000 og 15 000 ord. Når du er fire kan du 3000 ord, året etter kan du forstå inntil fem gonger så mange ord? Og einaste måten det kan gje meining at ein femåring forstår 10 000 ord er om ein reknar med alle bøyingsformer av ord. Han skriv at bruken av smilefjes i skrivne tekstar er eit dårleg teikn, og skriv at etterkomarane "kan koma til å tasta meir ikon enn bokstavar". Er det nokon som kan ta slikt på alvor? Det minner om den famøse utsegna han kom med for ti-tolv år sidan, om at norsk språk kunne vera utdøydd om hundre år. Det fekk han mykje kritikk for då, og det er jo rein svada, men han har ikkje gitt opp denne tanken: I ein fotnote skriv han at viss Unesco får rett i at ti prosent av alle språk døyr ut i løpet av det neste hundreåret, kan det henda at norsk døyr ut i løpet av nokre hundre år. Han legg eit vidgjete Dorothy Parker-sitat ("I hate writing, but I love having written") i munnen på Winston Churchill, og siterer det heller ikkje heilt rett. Han skriv at "vikingane praktiserte sms med liv og lyst", og viser til at dei gjerne forkorta ord.

Han er djupt skeptisk til korleis me bruker datamaskiner og telefonar heile tida i dag. I eit langt og pessimistisk sluttkapittel, som står i djup kontrast til det forsiktige smilet Lomheim har på omslaget, ser det ut til at verda går til Helvete. Han jamfører kommunikasjonsproblema med klimaproblema, utan at det kjem klart fram om han meiner at ikkje berre språket og kommunikasjonen, men også klimaet, ville hatt det betre viss folk snakka meir saman.

Med slik lett omgang med fakta er det vanskeleg å tru på noko av det han skriv. Og med slik haltande argumentasjon er det vanskeleg å la seg overtyda av teksten hans, sjølv om ein ser vekk frå at mykje av det som står der er feil.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar