21. februar 2013

Kurt Vonnegut: Slaughterhouse five (1969)

Kurt Vonnegut er ein av mange forfattarar eg burde ha lese før. Det er sikkert tjue år sidan eg vart tilrådd å lesa denne boka, men det skjedde altså ikkje før no.

Boka var verdt ventinga. Billy Pilgrim, ein amerikansk soldat, vert teken til fange av tyske soldatar under den andre verdskrigen. Saman med andre vert han etter kvart flytta til Dresden. Der vert dei innkvarterte i eit nedlagt slaktehus, og der overlever dei den massive allierte bombinga av byen.

Boka vekslar i tid, og det gjer sanneleg Pilgrim òg. Han nøyer seg ikkje med det, han reiser òg i rom. Han er ikkje heilt stabil, han flyttar seg att og fram langs begge desse aksane, han kan rett som det er vera hjå tralfamodiarane, nokre romvesen som ein gong plukka han opp til seg. Boka vekslar òg i stemning, på ei side er teksten svært humoristisk, på den neste kan stemninga vera svært trist.

Vonnegut dukkar sjølv opp i teksten nokre stader. Boka opnar med eit kapittel der han forklarar kvifor og korleis han skriv/skreiv denne boka, og eit par stader i teksten kjem det to-tre korte setningar av typen "Det var meg. Det var eg som sa dette". So it goes.

Guffen tilrår.

Meir Vonnegut på kulturguffebloggen
Breakfast of Champions (1973)
While Mortals Sleep (2011)

1 kommentar:

  1. Eg får lyst til å lese boka om att etter å ha lese meldinga di, det er sikkert tretti år sidan eg las ho. Vonnegut rules forever!

    SvarSlett