18. april 2013

Frå arkivet: Mitch Hedberg: Strategic Grill Locations (1999)

Dei siste seks skuleåra har eg jamleg vore på skuleturnéar saman med Runar. Me har snakka med ungdomsskuleelevar om språk, og har vore i dei fire vestlandsfylka og tre av austlandsfylka. Timane med elevar har stort sett vore artige og gjevande, sjølvsagt, elles hadde me gitt oss for lenge sidan, men me har òg hatt det bra resten av tida. Mykje bilkøyring, mange ferjeturar, mange hotellfrukostar, og mange filmar på kveldstid. Desse turane tek slutt i morgon, etter nesten 250 framsyningar gjev eg meg, medan han held fram med ein ny turkamerat. Det er litt trist.

Runar er ein slik som heile tida tilrår film og musikk og slikt. Ein kveld for nokre år sidan, av ein eller annan grunn trur eg me var i Sogndal, meinte han at eg burde høyra på ein CD han hadde med komikaren Mitch Hedberg. Eg var lunken, det skal mykje til at komikarar får meg til å le. Men her lo eg godt alt av den fyrste vitsen: "I haven't slept for ten days, because that would be too long." Han lirar gjerne av seg slike one-liners i eit rasande tempo.

Den vitsen er typisk for Hedberg. Han leikar mykje med språket, som til dømes i klassikaren "I used to do drugs. I still do, but I used to, too." Den er kanskje endå meir typisk for Hedberg, han vitsar mykje med sin eigen dopbruk. Det var den som til slutt tok knekken på han, han døydde av ein overdose i 2005. Då hadde han gitt ut to CD-ar; tre år seinare kom ein til.

Det finst ei rekkje opptak av Hedberg på nettet. Dei viser ein komikar som både trivst og mistrivst på scena. Han skjelv på hendene, han kvir seg for å sjå på publikum, sjølv om dei likar det dei høyrer. Dei opptaka såg eg seinare; den fyrste kvelden (som eg altså trur var i Sogndal) låg eg på senga med denne CD-en i høyretelefonar. Eg trur eg lo til eg grein. Originale observasjonar, gode ordspel, og vitsar der han fortel om seg sjølv.

Mitch Hedberg er ein suveren komikar. Å skriva ned vitsane hans vert ikkje det same som å høyra dei, men likevel - her er nokre godbitar: "I'm against picketing, but I don't know how to show it." "Last night I helped my friend stay put. It's a lot easier than helping someone move. I just went over to his house and made sure that he did not start to load shit into a truck." "I don't own a cell phone or a pager. I just hang around everyone I know all the time."

Guffen tilrår.

1 kommentar:

  1. I used to fare på turné. Eirik berre turna.

    Det kan stemme at det heile starta i Sogndal, men eg hugsar at me hadde i alt eit par-tre kveldar med stand-up. Ein av dei var med Bill Hicks på video i Årdalstangen. Minna strøymer på!

    SvarSlett