6. april 2013

Tyler Hamilton og Daniel Coyle: The Secret Race (2012)

Det er ikkje noko bombe, det som står i denne boka, i alle fall ikkje no lenger. Hamilton var profesjonell syklist, og fortel om korleis han, og alle andre syklistar, systematisk dopa seg for å få betre resultat. At det er massiv doping i sykkelsporten har lenge vore kjent, og ein fotnote i boka viser dette greitt: Frå 1980 til 1990 var snittfarten i Tour de France 37,5 km/t. Frå 1995 til 2005 var snittfarten 41,6 km/t.

Det er heller ikkje noko bombe at det er bilete av Lance Armstrong på framsida, saman med Hamilton. Boka handlar i hovudsak om Hamilton, men viser òg korleis Armstrong var ein så dominerande syklist at alt og alle var redd for han. Dei to sykla på same lag i nokre år, var nære naboar og gode vener, men etter at Hamilton i eit intervju sa at han sjølv hadde ambisjonar om å vinna Tour de France, vart han pressa ut av laget. Han fann seg lett eit nytt lag, med der var dopinga like dominerande. Og Hamilton hadde framleis overdriven respekt for Armstrong. Ikkje utan grunn - etter at Hamilton slo Armstrong i ei klatreetappe vart Hamilton kalla inn til hovudkvarteret for det internasjonale sykkelforbundet. Han møtte opp, og fekk høyra at dei hadde mistankar om at han dopa seg, og at dei kom til å følgja nøye med på aktivitetane hans. Ingen andre syklistar vart kalla inn, Hamilton skjøna lite, før ein av lagkameratane til Armstrong fortalde at det var Armstrong som hadde bede sykkelforbundet organisera eit slikt møte.

Det er ein tvers gjennom roten idrett som vert skildra i boka. Hamilton rettferdiggjer dopinga med at alle andre gjorde det same, slik at ein på sett og vis konkurrerte på like vilkår. Det handla ikkje berre om å trena best, det handla om å dopa seg best - og indirekte å knyta seg til dokterar som hadde eit forsprang på dopingkontrollørane. Hamilton meiner at det er utenkjeleg at dei som har hevda seg i sykkelsporten dei siste ti-femten åra ikkje har vore dopa.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar