13. september 2013

The Sweet Hereafter (1997)

Eg såg denne då han gjekk på kino, og hugsa spesielt to av scenene. Ikkje uventa var begge litt annleis enn eg tenkte, men dei gjorde begge inntrykk også denne gongen.

Filmen fortel om korleis ein liten by i Canada prøver å leva vidare etter ei skulebussulukke der ei rekkje ungar døyr. (På omslaget står det tjue; i filmen vert det ikkje nemnt noko tal.) Scena der sjåføren misser kontroll over bussen på den glatte vegen er fantastisk - bussen glir ned ei skråning, og trillar utover eit islagt vatn. Han stoppar, og står heilt i ro før isen ikkje klarar meir, og bussen søkk sakte nedover. Far til to av ungane er vitne til ulukka.

Han er den einaste vaksne som seier nei til Mitchell Stevens, ein advokat som kort tid etter dukkar opp. Stevens oppmodar alle om å gå til søksmål for å få erstatning. Kven dei skal saksøkja er ikkje så nøye, men for han, ein kynisk advokat, er det opplagt at her er det pengar å henta.

Stevens har òg mist si eiga dotter, i alle fall nesten. Dei har berre kontakt gjennom telefonen, der alle dei korte samtalane vert avslutta med at ho vert forbanna for at han ikkje trur på ho, at han berre trur at ho vil ha meir pengar å kjøpa dop for. På ein flytur møter han ei gamal klasseveninne av dottera, og fortel mellom anna om då dottera var tre år, og ho nesten miste livet etter å ha vorte biten av ein edderkopp. Det er òg ei fantastisk scene. Når han fortel om kor langt han var viljug til å gå for å redda dotter si då, står det i stor kontrast til avstanden mellom dei no.

Filmen handlar altså om sorg og grådigheit, men mest av alt handlar han om korleis me vert knytte til ungane våre. Filmen hoppar att og fram i tid; me får til dømes sjå sjølve bussulukka lenge etter at me har sett den øydelagde bussen, og etter at me har skjønt kva som har skjedd. Det er ein fabelaktig film, fortalt på ein lågmælt og nær måte.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar