26. januar 2014

Ingvild H. Rishøi: Vinternoveller (2014)

Dei tre novellene i denne boka - ei kort, ei halvlang og ei lang - er bygd opp rundt same lest. Hovudpersonen er i ei eller anna krise, som dei ikkje greier å koma seg ut av sjølv. Men når alt ser som svartast ut, dukkar redninga opp, og novellene sluttar i ei stemning som bryt heilt med resten. Det er alltid håp, men det vert litt i meste laget når det skjer igjen og igjen. Mot slutten av den siste (og lengste) novella står tre sysken til livet i snø, langt utanfor allfarveg, men etter å ha lese dei to andre novellene reknar eg med at det kjem ei løysing. Og det gjer det.

Tilhøvet mellom foreldre og barn er det gjennomgåande temaet. I opningsnovella møter me ei ung mor, på veg heim frå barnehagen med dottera, som har tissa i buksa. Dei har ikkje pengar til buss, og heller ikkje pengar til å kjøpa ny truse, viser det seg. I midtnovella ventar ein lett alkoholisert småkriminell mann, med utprega sterk sosial angst, på å treffa son sin for fyrste gong etter eit fengselsopphald. Han må drikka litt for å greia det, og tida går frå han. Og i sluttnovella har ei sytten år gamal jente ansvar for å halda familien saman etter at faren døydde. Det greier ho ikkje lenger, og rømmer til eit hyttefelt i Valdres saman med dei to yngre halvsyskena sine.

Novellene er godt komponerte. Me ser at hovudpersonane er i ein vanskeleg situasjon, men Rishøi gjev oss ikkje meir enn me treng. Ho porsjonerer ut brokkar av fortida, slik at me etter kvart set saman biletet. Nesten, i alle fall, me får ikkje vita absolutt alt, men me får vita nok.

Guffen tilrår.

Meir Rishøi på kulturguffebloggen
La stå (2007)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar