6. januar 2014

Simon Spence: The Stone Roses. War and Peace (2012)

Rundt 1990 verka det som The Stone Roses var klare til å ta over verda. Dei hadde gitt ut ein fin LP året før, dei hadde ein glitrande trommeslager, ein glimrande gitarist, ein undervurdert bassist, og ein vokalist som i alle fall i studio høyrdest heilt grei ut. Dei var populære, dei såg bra ut, dei var passeleg kontroversielle, og plateselskapa stod i kø for å få dei på laget.

Men så stoppa det opp. Oppfølgjaren, med den pretensiøse tittelen Second Coming kom ikkje før i 1994, og kunne ikkje leva opp til fem år med forventningar. Trommeslagaren takka for seg, gitaristen takka for seg, og sjølv om dei to attverande henta inn erstattarar, var det meiningslaust å halda fram. Bandet gav seg etter ein visstnok forferdeleg konsert på Reading-festivalen i 1996, der vokalisten song endå falskare enn vanleg. Eg såg dei i Oslo i 1990, og også der øydela den ekstremt sure vokalen heile konserten. Etter mange år med dritslenging og ingen kontakt kom dei saman att i 2012. Dei held framleis konsertar, men så langt har dei ikkje gitt ut noko ny musikk.

Det mest spesielle i historia deira er det lange opphaldet mellom dei to LP-ane deira. Dei snakka lite med media også før den pausen, men under pausen isolerte dei seg heilt. Rykta gjekk - var dei narkomane? Var dei uvener? Hadde dei skrivesperre? Tok dei mange rettssakene kreftene deira? Spence viser at alt dette spelte inn. Avtalen med manageren deira vert omtalt som den verste og mest einsidige avtalen som har vore laga, og dei hadde i tillegg ein dårleg avtale med plateselskapet sitt. Dei lefla òg med dop, gitaristen skal ha hatt eit relativt heftig kokainforbruk, og dei sleit òg med å skriva gode nok songar. Men det som kanskje knekte dei mest var forventingane, som vart større og større.

Det er ei heilt grei bok, dette. Spence har snakka med ei rekkje folk rundt bandet, og bruker i tillegg det som finst av gamle intervju for alt dei er verdt. Lettlesen og kronologisk; boka gjev eit godt bilete av eit band som ein gong var veldig viktig. Og som gav ut ei av dei beste debutplatene i historia.

Guffen tilrår.

Meir Stone Roses på kulturguffebloggen
Made of Stone (2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar