17. mars 2014

Jakob Sande: Noveller i samling (1964)

Jakob Sande gav ut fleire diktsamlingar enn novellesamlingar, og er òg ein større diktar enn novellist. I denne boka er samtlege noveller frå dei tre samlingane hans med, og det var ei rar oppleving å lesa dei.

I den fyrste samlinga, Straumar i djupet, fanst det ikkje ei einaste god novelle. Det var enkle historier, irriterande språk, ingenting å le av, og ingenting å verta overraska over. Eg las likevel vidare, i von om at det ville vera råd å sjå ei utvikling, i von om at nivået ville heva seg, men det kom ikkje noko endring i det heile. Den eine dårlege novella fylgde etter den andre, og eg var eigentleg meir og meir nedtrykt. Eg fullførde boka omtrent på rein trass.

Sande skriv om folk som ikkje har det så bra. Dei har lite å leva av, dei har lite pengar, dei er gjerne undertrykte, mange slit med alkohol, der er litt kriminalitet, osb. Sande er heile tida på deira side, er dei i opposisjon til prest eller lensmann, er det ikkje tvil om kvar sympatien ligg. Det er mykje godt folk han skriv om, men desse gode intensjonane er ikkje nok. Historiene i novellene grip meg ikkje, og så lenge dei òg vert svært tradisjonelt fortalde – utan unntak er novellene strengt kronologiske – vert dette altså triste greier.


Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar