14. september 2014

Before Midnight (2013)

For eit par veker sidan skreiv eg om fleire roamn-trilogiar eg har lese i det siste - overraskande nok fullførte eg ein filmtrilogi rett etterpå. Til liks med film nummer to er han skriven av regissøren (Richard Linklater) og dei to hovudrolleinnehavarane (Julie Delpy og Ethan Hawke).

Filmen minner om dei to forgjengarane, men utgangspunktet er heilt annleis. Både film ein og film to hadde ein open slutt, og her får me vita kva som skjedde etter film to: Dei vart kjærastar, han skilde seg frå kona, dei budde ei stund i New York, før ho vart gravid og dei flytte til Paris, der ho ville føda. Filmen opnar med at han seier farvel til sonen, som har feriert med dei i Hellas før han flyg heim til mora i USA.

Så vert filmen som dei andre. Bortsett frå ein middag saman med seks andre midt i filmen, er det stort sett dialogar mellom dei to heile tida. Dei snakkar framleis godt, men dei snakkar ikkje så godt saman. I dei føregåande filmane har ein hatt kjensla av at det berre skal den rette replikken til før dei vert kjærastar; i denne filmen skal det berre ein feil replikk til før alt dei har bryt saman. Forholdet deira er veldig spinkelt, og det som ligg og durar under overflata er at han vil flytta heim til sonen i USA, medan ho absolutt ikkje vil flytta frå Paris, der ho har fått tilbod om ein jobb som utover i filmen gradvis vert ein drøymejobb.

Så dei kranglar mykje, og mest om forholdet sitt. Kven er den dominerande? Kven får alltid det siste ordet? Kven vert den fyrste som skiftar til eit lettare tema? Kven er typisk amerikanar/franskmann; kven er typisk mann/dame? Og mange andre spørsmål.

Guffen tilrår.

Meir Linklater på kulturguffebloggen
Before Sunrise (1995)
Dazed and Confused (2003)
Before Sunset (2004)
Me and Orson Welles (2008)
Bernie (2011)
Boyhood (2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar