25. september 2014

Boyhood (2014)

Richard Linklater har laga mange filmar der ungdom har hovudrolla, og der eit undertema gjerne er korleis ungdom slit med å finna ut kven dei er. I solnedgang/soloppgang-trilogien sin brukte han same skodespelarar i filmar med om lag ti års mellomrom, her har han gjort noko liknande, men noko eg ikkje kjenner til at andre har gjort før: Laga ein oppvekstfilm som strekkjer seg over tolv år, og som er spela inn over ein like lang periode.

Dei som som endrar seg mest i denne tolvårsperioden er to sysken, som er seks og om lag åtte år då filmen tek til. Linklater har anten hatt flaks eller uvanleg god teft då han gav hovudrolla til den då åtte år gamle Ellan Coltrane (og litt mindre teft då han gav den andre hovudrolla til dotter si, Lorelei Linklater). Coltrane er eit funn, både av di han spelar godt, men òg av di kroppen hans endrar seg så godt. Både fjes og kropp vert annleis, frå å vera ein komfortabel unge, via å vera litt keitete tidleg i tenåra, til han igjen er komfortabel og elegant då han flyttar heimefrå for å gå på college.

Denne vrien er sjølvsagt ikkje nok i seg sjølv, og det fyrste kvarteret sat eg og undra på om dette var alt. Det skjedde lite, det var berre korte glimt inn i kvardagen til ein ikkje altfor ressurssterk amerikansk familie, der ei åleinemor gjer det ho kan for å halda skuta flytande, og der faren berre kikar innom når han finn det for godt. Men så tek det seg så til dei grader opp. Det vert ein (eller fleire) historier som fengar. Tilhøvet mellom guten og mora. Tilhøvet mellom guten og faren. Hobbyane hans. Jenter han møter. Litt drikking, litt dop. Saman lagar desse historiene eit flott portrett av ein ung mann, og ei uvanleg god framstilling av korleis det er å gå frå å vera eit barn til å vera ein ung mann.

Guffen tilrår.

Meir Linklater på kulturguffebloggen
Before Sunrise (1995)
Dazed and Confused (2003)
Before Sunset (2004)
Me and Orson Welles (2008)
Bernie (2011)
Before Midnight (2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar